Den britiske statsministeren i fire periodar i siste halvdelen av 1800-talet, William Gladstone, er hylla på mange vis dei siste halvanna hundre åra for leiinga av det Britiske Imperiet. Men no vaklar statuane av han, for det er blant anna sett fokus på at han lenge var imot å oppheve slaveriet. Til BBC 11. juni uttalte Gladstone’s Library at han innan 1850 hadde gjort heilomvending.
Men i dag er dei på heimesida si klare på at dei ikkje kjem til å motsetje seg fjerning av statuar og liknande av grunnleggjaren sin, om det skjer etter eit demokratisk vedtak. Dei meiner no at det nærmest ville vere i den demokratiske ånda hans å gjere det.
Jaggu er dei ikkje blitt tilhengarar av #BlackLivesMatter også. Men er det blitt med slike som med konsern som går i Pride-tog med regnbogeflagg og firma-logo? Dei skriv det på konto for PR-utgifter og kan trygt kalkulere med vinning.


Det er Olsok 29. juli og 990 år sidan Heilag Olav blei heilag. Nærmare bestemt sidan han la grunnlaget for heilagskapen sin ved å stupe på Stiklestad denne dagen (meir presist var det Kalv Arnesson og Tore Hund som sytte for stupinga). Det tok eitt år og fem dagar for Olav å bli helgen, men det kan ha vore verdsrekord (Peter av Verona slog ham i 1253 då han fekk tittelen alt etter 337 dagar). Mykje er skrive om Olav sidan Snorre og frametter, men lesetipset denne veka er likevel
Juli betyr færre nyheitssaker og dermed tid til langlesing. Men i bokhaugen ligg det også titlar vi lenge skulle ha omtalt på bloggen, til dømes ein overliggar frå i fjor: «Bokhistorie. Bibliotekhistorie : en jubileumsantologi fra Norsk bok- og bibliotekhistorisk selskap». Dette er den fjerde publikasjonen 

>> Nytt 17.7.: Norsk Bibliotekforening melder på lista biblioteknorge at dei «har teke initiativ til eit møte med Forfattarsentrum m.fl. rett over ferien» om desse spørsmåla. Bra!
Dei kan få sagt det, danskane. Her på 
