Når ein driv med lesing og skriving dag ut og dag inn, vil ein iblant reagere på språkleg slurv og, om ein er i dét humøret, stange i veggen eller liknande. Ved til dømes konstruksjonen «forhåndsregler». Som ikkje har noka meining og ikkje finst i språket, ikkje i noka målform (på nynorsk: «føregjerd»). Men i pandemiske tider som desse støter vi ganske ofte på dette, men der dei burde ha skrive «forholdsregler».
Til no i 2020 gir søk i Atekst 847 treff på «forhåndsregler» mot 6601 på det korrekte ordet. Altså er 11 prosent feil. For ti år sidan, i 2010 var 13 prosent feil, så det går sakte framover. I rikspressa er dei litt betre; der tar dei «berre» … Les mer «Det er fredag»→
«I stedet for å overtolke resultatindikatorer, bør vi nå heller diskutere hva som bidrar til kvalitet i høyere utdanning». Slik opnar eit debattinnlegg på Khrono.no i går, der Eli Smeplass og Arve Hjelseth ved NTNU fyrer laus på Nokut. Og dei held fram: «Vi mener det er på tide å stille spørsmål ved om Nokut kjenner den mangfoldige sektoren godt nok».
Det handlar om kva som skjedde under koronakrisa og kva som skal skje framover. Eitt del-tema i innlegget er biblioteka og bibliotektenestene: «Signalene i sektoren har i hele vår vært «buisness as usual». Dette til tross for at studentene ikke har fått møte hverandre, campus har vært stengt, og sentrale funksjoner som biblioteker har vært i lockdown. Nasjonalbibliotekets åpning av online-ressurser har neppe erstattet de levende tjenestene som personalet ved universitetsbibliotekene tilbyr og representerer. Et nettbasert bibliotek er ingen fullgod erstatter for det levende biblioteket» (vår utheving).
I går forsvarte vi likevel her på bloggen at NB-tenestene med utvida tilgang til pliktavlevert materiale bør bli permanent. Det har vi råd til.
Og vidare skriv Smeplass og Hjelseth: «Nokut forfekter et instrumentelt læringssyn, og klarer ikke slippe tak i tellekantene de er satt til å holde oppsyn med. Kvalitet er det samme som studiepoengproduksjon, kandidatproduksjon og den rapporterte studenttilfredsheten i studiebarometeret». Det stemmer nok dessverre også med inntrykket vårt gjennom mange år.
Det har gått eit døgn, men det er ferie, så vi får håpe på debatt etter kvart.
Tett med folk. Ikkje uvanleg i eit bibliotek. Her frå Göteborg HB i november.
Slik kan ein i alle fall forstå Nasjonalbiblioteket og avtalepartnerane deira når dei no avsluttar den utvida retten til bruk av pliktavlevert materiale. Den opprinnelege meldinga om «Utvidet tilgang til digitalisert materiale under korona-krisen» finn vi blant anna 25. mars på Wayback Machine, men i dag, 6. juli. har teksten fått eit heilt annleis tillegg på toppen om at tilbodet opphøyrde 1. juli.
Det finst alternative tilbod, som ordinært lån eller fjernlån av fysiske eksemplar, men det er framleis slik at omlag 20 prosent av folket tilhøyrer ei eller fleire risikogrupper og at éin smitta person på eit bibliotek kan føre til spreiing med alvorlege følgjer for enkelte av oss. Sjå berre kva 239 forskarar frå 32 land i dag konfronterer WHO med: «Mener korona smitter mye lettere enn tidligere trodd». Frå før er det mykje som tyder på at store fellesareal og opne kontorlandskap er risikable. Underteikna får i sommar nær familie på besøk, der éin har sterkt redusert immunforsvar. Så dette har vi lært oss litt om.
I tillegg blir det stadig færre bibliotek her i landet, så stadig fleire må ta bussar, banar og tog for å kome til biblioteket. Transportmiddel som vi no ser at blir noko av det mest trugande ein kan tenkje seg.
Kvifor kunne ikkje ordninga bli permanent? Det kan ikkje ha kosta staten svært mykje i ekstra overføringar til rettshavarorganisasjonane? Samanlikna med dei andre store krisepakkene. Men gje dei det dobbelte, då. Det har staten råd til, i kunnskapens og demokratiets namn.
BiS sitt viktige korona-nummer. Illustrasjon Stellan Klint
Koronakrisa har eigentleg vore enkel for norske bibliotek og bibliotektilsette. Praktisk talt alle blei stengde etter 12. mars, og straks dreidde fokuset over mot digitale tilbod og «take-away». Men i Sverige har berre nokre få bibliotek etter kvart blitt stengde, mens dei fleste er opne, med antibac og instruks om å halde avstand. Men så har svenskane sanka fleire røynsler – og hatt fleire og tøffare debattar blant dei tilsette. Noko vi må lære av innan det kjem nye oppblomstringar her også. Det har alt vore nær ved nokre stader.
For ei veke sidan siterte vi frå BiS-bloggen ein svensk bibliotekar som opplagt er utrygg når kommunen har avgjort at biblioteket hennar skal halde ope. På FB-gruppa Bibliotek i coronakris har folk delt idear om korona-trygge tilbod, men også hatt ein tøff debatt om samfunnsoppgåva kontra arbeidsmiljø og personleg tryggleik. Anten eller, kan det sjå ut som frå ein norsk synsstad. Og i det ferske «korona-nummeret» til BiS heiter det bastant i ein artikkel:
«Några få bibliotek har stängt helt och hållet, och bibliotekenses uppenbarligen i de kommunerna inte som en samhällsviktig verksamhet. Med hänsyn taget till de av Folkhälsomyndigheten ålagda restriktionerna och med nödvandiga anpassningar borde alla bibliotek enligt vår mening sträva efter att erbjuda så bred verksamhet som mojligt» (vår utheving).
Slike låneprotokollar frå tidleg 1800-tal og langt seinare var trugsmål mot personvernet, men misbruk av datasystema i 2020 kan vere mykje meir alvorleg (frå Eiker folkeboksamling, trykt i Kildal: Norske folkeboksamlinger, side 184.
Oppdatert 6.7. kl 11.17.
På Nrk Nyhetsmorgen på P2 Radio måndag 6. juli kl 9.19: «Studentar avslørte sikkerhetshull» (sjå meny på venstre side). Bibliofil er i bruk i 159 bibliotek rundt i landet. Dei tre studentane ved NTNU gjennomførte ei sikkerhetstesting av biblioteksystemet som ledd i arbeidet med ei bachelor-oppgåve. IT-ansvarleg ved Trondheim folkebibliotek melder at dette skjedde «i fullt samråd med Trondheim kommune og Bibliotek-Systemer AS». Produsenten forsikrar at ingen andre enn studentane har utnytta holet. Torgeir Waterhouse seier at «Hovedproblement er at man ikke gjør systematisk testing, hele tiden. … De som tar beslutninger må være villige til å løfte sikkerhetsnivået».
Fleire aviser og nettstader deler no meldinga frå Agence France-Presse om at bibliotek i Hong Kong har blitt pressa til, må vi håpe, å stoppe utlån av visse kritiske forfattarar til den nye «tryggingslova» som kinesiske styresmakter har innført for bystaten. Frå å ha hatt 41 eksemplar av ein slik tittel, er alle no «under review», ifølgje den lokale avisa The Standard.
Kulturarbeidarar og mannskap i november 2013, då Epos var nominert til Årets bibliotek
«Bokbåten er død – leve Epos!» er overskrifta på eit lesarinnlegg i avisa «Strilen» her om dagen. Som forfattaren, Marit Gro Berge, avdelingsleiar ved Strilabiblioteket i Alver kommune, har gjeve oss løyve til å gjenbruke på bloggen.
Ho meiner debattantar både for og imot «har rota til debatten gjennom ikkje å fokusere på det denne unike båten eigentleg er: Eit moderne, levande litteraturhus med litteraturformidling og ulike formar for kulturelle opplevingar! … I desse dagar sender Strilabiblioteket i Alver, i samarbeid med avdeling for kulturutvikling, idrett og frivilligheit, ut ein invitasjon til kommunar langs kysten om å samle seg rundt ein prosjektsøknad for å prøve ut vidare drift av Epos. Kvar kommune skal stå for personale, litteraturformidling og kulturelle arrangement i sin kommune, og prosjektstøtta skal dekkje sjølve drifta av båten».
Nye Deichman i Bjørvika i Oslo er eit godt høve til å snakke bibliotek. Dette gjer rektor, instituttleiar og tre forskarar ved ABI ved OsloMet på Khrono.no 18. juni. Bodskapen deira er, naturleg nok, utdanning av bibliotekarar, og her er det særleg ei utfordring dei «tar på alvor og jobber videre med: Å rekruttere flere med minoritetsbakgrunn. Norsk biblioteksektor trenger bibliotekarer som speiler mangfoldet i samfunnet».
>> Fotoet: 9. desember var sist bloggaren såg Nye Deichman. Seinare har koronaen gjort offentleg kommunikasjon dit lite freistande. Heldigvis finst det også bibliotek i gangavstand.
Mange format til nedlasting for denne boka, men ikkje slik for alt i IA.
1-talet i overskrifta er eit signal om at det kjem meir – om den utrulege digitale ressursen Internet Archive. Det kjem i små drypp. I dag fann eg tilfeldigvis boka «Hvem er hvem i norsk kulturliv» frå 1987 då eg leita etter biografiske opplysningar om den tidlegare sjefen min og blant anna IFLA-president Else Granheim.
Boka finst på nb.no også, men ikkje i ti ulike format, blant anna ikkje lydbokformatet DAISY! Og du kan, til skilnad frå NB, laste ned alle. Du kan også få side for side lesen opp frå skjermen (sjå ikon på linja under). Med svensk talesyntese (?).
Apropos svensk, så finst boka også på Runeberg, og det er der ho kjem frå til IA. Ser vi nærmare etter lastar Runeberg opp alt (?) dei har dit. Fordelen er då at på IA finn vi alt på éin plass. Det same gjeld ei mengd andre digitaliseringsprosjekt.
Nasjonalbiblioteket kan ikkje vere med på dette, ifølgje avtalen med KOPINOR, der berre norske IP-ar får tilgang. Men så ser vi at folk likevel bidrar med enkelte titlar frå NB, i alle fall slike som har falle i det fri. Dette bør vi følgje opp.
På SVT.se i dag, 29. juni: «5 310 personer har avlidit med covid-19 i Sverige. Det är 30nya inrapporterade dödsfall sedan i fredags. Totalt har 67 667 personer bekräftats smittade, vilket är nya 2 530 inrapporterade sedan i fredags».
Frå tidsskriftet BiS sitt korona-nummer no i juni: «Människor fortsätter att komma till biblioteken. Människor som egentligen borde hålla sig hemma kommer till biblioteken. Föräldrar med barn som är för sjuka för att gå till förskolan, men tillräckligt friska för att bli uttråkade hemma. Vuxna som känner sig lite krassliga och inte vill gå till jobbet. Sjuttioplussarna.
Och vi välkomnar dem. Vi välkomnar dem, trots att vi hade önskat att de hade stannat hemma. Trots att avspärrningsbanden ännu inte har kunnat levereras. Trots att de inte håller avstånd. Trots att vi hör dem hosta. Men vi måste inte tycka om det. Och vi har all rätt att oroa oss för vilka konsekvenser det kan få» (Eleonor Pavlov).
«… när jag lånade Aforismer i levnadsvishet på kommunbiblioteket i 7:e arrondissementet (närmare bestämt på annexet i quartier La Tour-Maubourg) kan jag ha varit tjugosex år, men också tjugofem, eller tjugosju. Det är hur som helst väl sent för en så betydande upptäckt».
Frå Michelle Houellebecq sitt essay «I Schopenhauers närvaro» (Ellerströms förlag, 2020), om bibliotekbesøket der han første gongen «møtte» Schopenhauer, noko som fekk svært mykje å seie for heile forfattarskapen hans.
Sidan 1982 har Klovnen Knut, til dagleg Knut Berntsen, vore med på Epos.
Måndag skreiv vi om Audun Lysbakken sitt forsøk på å få bokbåten Epos opp på rikspolitisk nivå i Stortingets spørjetime. No har Kjersti Toppe frå Senterpartiet forsøkt seg i same forum, med omtrent same vri. Svaret frå kulturminister Abid Raja blei sjølvsagt like negativt.
Men som sist har Raja interessante signal i svaret sitt. Han avsluttar slik: «Jeg finner det lite hensiktsmessig at staten skal overta driften av lokale bibliotekoppgaver som de lokalt ikke finner det formålstjenlig å videreføre. Dette vil ikke bare svekke det lokale selvstyret, men også undergrave muligheten for bibliotekutvikling lokalt ved å holde fast på eksisterende infrastruktur».
Det var neppe eit varmt ønske frå fylkespolitikarane å fjerne tilbodet. Det einaste «formålstjenelige» ved nedlegginga var nok å redde andre, viktige postar på eit skrantande budsjett.
Dette er eitt av spørsmåla i ei fersk spørjeundersøking retta til norske bibliotektilsette om arbeidssituasjonen under koronaen: «Hvis noe liknende skjer igjen med samme konsekvenser, hva er de viktigste erfaringene biblioteket bør ta med seg?» Svarfristen er 15. august.
Eit anna viktig spørsmål går på vurdering av «bibliotekets digitale tjenester for brukerne pr. 12. juni» samanlikna med situasjonen 12. mars, altså før regjeringa si «krisepakke», Universitetsforlaget si opning av Idunn.no osv.
Undersøkinga og forskinga på dette er viktig med tanke både på nær og fjern framtid. Dei siste par dagane har ekspertar og myndigheitspersonar snakka stadig høgare om faren for nye smittebølger. Og ein må hugse at omlag kvar femte innbyggjar er i ei riskogruppe, noko biblioteka må ta omsyn til i lang tid framover.
Forskarar ved institutt for arkiv, bibliotek- og informasjonsfag ved OsloMet gjennomfører undersøkinga. Tilsette i fag- og folkebibliotek har kvart sitt skjema til utfylling.
PS: Kan det stemme at det er heile førti år sidan førre større arbeidsmiljøundersøking for bibliotektilsette!? Nemleg forskingsprosjektet Biblioteksarbeid, arbeidstakerinteresser og EDB, initiert av dåverande Kommunale bibliotekarbeideres forening?
«Følg Blogg via Epost» står det så fint nede til høgre her. Då skal du få e-post kvar gong det kjem noko nytt, til dømes dette innlegget. 823 har meldt seg på, men vi har fått to meldingar om at det ikkje fungerer. Gjeld det fleire? Skriv til frilanders @ gmail.com.