
Til skilnad frå her i landet, kor det aller aller meste av bibliotekdigitaliseringa finn stad ved Nasjonalbiblioteket i Rana, har no det svenske nasjonalbiblioteket, Kungliga biblioteket (KB) i Stockholm, erklært at «Hela den svenska tryckproduktionen från 1400-talet fram till i dag ska göras digitalt tillgänglig», men det skal skje ved seks bibliotek rundt i landet, nemleg ved universiteta i Göteborg, Lund, Stockholm, Umeå og Uppsala, i tillegg til KB.
Nytt 29.1.: Sjå svar i kommentarfeltet frå bl.a. den svenske riksbibliotekaren.
Materiale som har falle i det fri skal ha høgst prioritet, men det heiter at «samtliga böcker, tidningar, tidskrifter, läromedel och rapporter som getts ut i Sverige ska finnas digitalt tillgängliga».
Når det gjeld vilkåra for brukarane finn vi i den komplette erklæringa at «Så mycket material som möjligt ska tillgängliggöras enkelt och helt fritt eller till lägsta möjliga kostnad».
Mykje er uklart her, og det er altså to uttrykkelege atterhald, mot eitt i Noreg (at det nyaste (f.o.m. 2001) ikkje er med i den opne tenesta). Men meir alvorleg i Sverige er det at gratisprinsippet kan vere i fare.
Det siste var faktisk lenge uavklart også i Noreg då bokhylla.no var under utvikling. Vi presenterte nyleg den slett ikkje udramatiske og fleire månader lange prosessen i 2006 … Les mer «Digitalisering på svensk. Men til ein pris?»


Bjørn Vassnes skriv i dag i Klassekampen (på papir og på nett 


I Klassekampen onsdag 15. januar (på nett berre for tingarar) var bodskapen som på ingressbiletet her til høgre. Saka er omsett frå danske «Information», og journalist Rasmus Bo Sørensen startar med sine eigne lesevanar og meiner «alt var betre før»:
Bloggaren har på ny gjort eit intervju for tidsskriftet Bibliotekaren, med bibliotekprofessor Joacim Hansson ved 
