Andre har skrive det meste som er å seie om vinnaren av NBF-prisen «Årets bibliotek», nemleg Trøndelag fylkesbibliotek, så her er det berre å gratulere!
Men leggje til at vi trur at prisen til eit fylkesbibliotek no var i rett tid. Som vi alle veit, er mange av fylka ikkje som dei var, noko som også gjeld enkelte av institusjonane som har utgangspunkt i den tradisjonsrike fylkesbibliotek-ideen. Dei fylkeskommunale bibliotekoppgavene har eit tydeleg kapittel også i den nye bibliotekstrategien, men slik verda ser ut i 2020 veit ein aldri kva som kan skje med verken forvaltingsnivå eller styrings-trendar.
Og sjølv om vi har fått fleire storkommunar med styrking av fagkompetanse, er skilnaden mellom store og små bibliotek blitt større. Sjå berre på boka til prisutdelar Jo Straube.




Godt nytt år!
Som kjent har berre norske datamaskinar tilgang til det digitaliserte norske materialet i Bokhylla.no, ei uforståeleg haldning frå avtalepartnar Kopinor, som altså må meine at tilgang for dei rundt 15 millionar andre som kan lese nordiske språk vil undergrave salet av norske bøker som (per dato) er atten år gamle og eldre!
Ikea, Amazon og Google skal gå saman om eit felles «språk» for smarte hus, kan ein lese blant anna i 