
Kva for eit bibliotekunivers, anno oktober 2017?
I Dagsavisen fredag handler det om arkeologiske utgravingar i hovudstaden. Vi kan mellom anna lese at «Området øst for Oslo S har de siste årene vært kjent for helt andre ting enn hva navnet «Middelalderbyen» skulle tilsi. Nasjonalbibliotek, Barcode, Lambda – og Follobanen.»
Kulturetaten i Oslo og Deichman-leiinga har altså ein jobb å gjere i marknadsføringa av det nye kommunale hovudbiblioteket som vel skal stå ferdig om eit års tid.
Eller: Har arkeologane i Bjørvika her avdekka eit parallelt bibliotekunivers?!
Ifølgje det grundig utgreia forslaget til ABM-utvikling om Norgesbiblioteket frå 2006 skulle alle bibliotektypar, frå det minste skolebiblioteket til Nasjonalbiblioteket, gå opp i ein høgare heilskap. Den store bibliotek-konsolideringa! Kulturminister Giske vende brutalt tommelen ned for ideen i bibliotekmeldinga si i 2009. Men gjekk Norgesbiblioteket berre under jorda?!
Fleire indisium: Artikkelen på Wikipedia omtalar Norgesbiblioteket framleis i presens (lese 7.1.2019). Her er rett nok alle lenkene daude, men kva med dette livsteiknet i Second Life?
Her på bloggen har vi alt lenge vore stempla som konspirasjonsteoretikarar, så vi har lite å tape.
Leave a Reply