Tida inne for «sivil lydbok-ulydnad»!

Skjermbilde 2019-04-08 12.03.36

Frå den nyaste «steingrunn-boka» til Dag og Tid

NB: Sjå også bloggpost 12.4.19: Fritt fram for biblioteket som «lydbokforlag».

Deichman annonserer CD-fritt e-lydboktilbud, men berre på engelsk, ikkje på norsk. Og biblioteksjef Knut Skansen er klar på grunnen til denne pinlege mangelen ved det største biblioteket i kongeriket, og ved alle dei andre, nemleg «motviljen han og resten av biblioteknorge opplever fra Den Norske Forleggerforening, som ennå ikke har gått med på å åpne for utlån av norske e-lydbøker på folkebibliotekene.»

Her på bloggen meiner vi no at biblioteka bør opplyse, instruere og tilby utstyr og programvare så folk kan lage sine eigne lydbøker.

Metoden finst i ein mooc frå … Høgskolen i Østfold. Du må ha ein digital tekst i t.d. pdf eller doc, eventuelt frå papir ved hjelp av ein skannar og PC/Mac med program for OCR-lesing. Så eit program for talesyntese (tekst-til-lyd) og til slutt utstyr for å lytte, typisk ein mobiltelefon.

Bergen offentlige bibliotek har ein oversikt over nettstader med frie, lovlege e-bøker. Og verkeleg store mengder akademisk litteratur er no Open Access. Til dømes dei tjuefem norske tidsskrifta innan humaniora og samfunnsvitskap som Unit har kjøpt fri (dei fleste godt kjende frå Idunn.no og frå tidsskriftavdelinga).

Og det er lovleg å lage ei lydbok av kva for helst tekst for eige bruk og for nære vener og familie.

PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 758 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.

2 Trackbacks to “Tida inne for «sivil lydbok-ulydnad»!”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: