Lydbokløft i Danmark

Skjermbilde 2019-09-09 15.19.09

>> OBS: Sjå interessante kommentarar nedanfor om Nasjonalbiblioteket sin e-bokstatistikk for 2018

Det har gått opp og ned med «utlånet» av e-bøker og e-lydbøker i Danmark, men no går det opp. Dette melder i alle fall Netbib sjølv, dei som samlar dei ulike digitale folkebibliotektenestene. I juli lytta danskane til 287 000 e-lydbøker frå biblioteket, noko som er månadsrekord. I same periode leste danskane 161 000 e-bøker. Dette er ein auke på 23 prosent for lydbøker og 32 for e-bøker, og talet på unike brukarar er no over 430 000.

Det går rykte om positiv utvikling også i det herverande tidlegare danske lydriket, men vi får vente og høyre. For vi har høyrt det før, for å seie det med Alf Prøysen.

I mellomtida kan vi sjå korleis danskane har marknadsført eReolen sin den seinare tida. Særleg til danske «teenagers» har det vore viktig «at blive endnu sjovere.»

PS: Dei norske tala for heile 2017 var 22 000 e-lydbøker og 642 000 e-bøker. Statistikken for 2018 har vi enno ikkje sett noko til. Og det er akkurat ein månad sidan i dag at Vidar Lund fekk til svar på Bibliotekutvikling.no at «Den offisielle statistikken frå NB kjem snart.»

5 kommentarer to “Lydbokløft i Danmark”

  1. Statistikken for 2018 (rådataene) er ute: https://kunnskapsbase.bibliotekutvikling.no/statistikk/statistikk-for-norske-bibliotek/folkebibliotek/. 611 000 nedlastede e-bøker og 76 000 nedlastede e-lydbøker.

  2. For hele eBokBib, som har ca 90 % av markedet, var det totale utlånet (utenom e-lydbøker) 579 000 i 2017 og 633 000 i 2018. Totalt utlån av e-bøker i Norge burde da ligge på rundt 680 000 i 2018. Omtrent halvparten av fylkene har vekst, mens den andre halvparten har en nedgang i utlånet i 2018. Jeg skjønner ikke hva som er feil, men noe må det nesten være.

    • Dette blir meir og meir interessant. For her er fortsetninga av svaret frå NBs Svein Arne Tinnesand til Vidar Lund 9. august, som eg berre delvis gjenga i blogginnlegget ovanfor: «Vi har hatt nokre utfordringar m.a. når det gjeld tal for bruk av e-bøker som måtte kontrollerast i fleire omgangar men vi håper at alt er i orden i nær framtid.»

      Fleire omgangar var visst ein for lite.

      Dette ligg på veggen til gruppa Statistikk i NBs Bibliotekutvikling.no. Dette må ein vel vere medlem og innlogga for å kunne lese, men eg offentleggjer det her, så viktig som det er.

  3. Så litt mer på statistikken og NB kommenterer tallene slik: «Vi gjør også oppmerksom på at det er en systematisk underrapportering av nedlastede e-bøker. Bakgrunnen er endringer i sysemene for bruk/lån av e-bøker. Ved å gå til andre kilder enn bibliotekenes rapportering, har vi estimert et e-bokutlån på om lag 690 000 på landsnivå. Rapporterte tall for nedlasting av e-bøker kan derfor ikke sammenliknes med tall for tidligere år. Med utgangspunkt i estimatet, kan vi anslå en økning i nedlasting av e-bøker på om lag sju prosent på landsnivå fra 2017 til 2018.»

Leave a reply to Anders Ericson Avbryt svar