Bokhylla.no og gratisprinsippet, ikkje så enkelt

ekkonrkI Ekko på NRK P2 i dag (10.9. 2019) kom første innslag i ein serie om Google. Innslaget har namnet Google – selskapet som ble et verb, og vi fekk høyre om oppstarten frå 1998 og utover og enda opp med Google Books, det himmelstormande prosjektet frå 2002, der dei ville samle og digitalisere all kunnskap i verda. Og tilby han fritt, gratis, til alle.

Men dette var, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre i programmet, biblioteket sin idé. Hugs berre biblioteket i Aleksandria, om enn ikkje digitalt den gongen. Og han samanliknar Google Books med Bokhylla.no, som Nasjonalbiblioteket driv i dag. Til skilnad frå det monopol-søkjande, kommersielle Google skulle det i Noreg skje etter reglane for det norske litterære systemet; forfattarane skulle få betalt og det skulle skje under kontroll av biblioteka.

Men ein viktig del av det litterære systemet vårt er også at bibliotekutlån er gratis, noko også Bokhylla.no er. Men det kunne gått annleis:For det var først etter press at Sira Myhre sin førgjengar, Vigdis Moe Skarstein, og Kulturdepartementet, gjekk bort frå ideen om å innføre brukarbetaling for dei digitaliserte norske bøkene.

Vigdis Moe skarstein Trondheim 2006

Vigdis Moe Skarstein under lanseringa i Trondheim i 2006

Det var i september 2006 under ein konferanse i Britannica hotell i Trondheim at Moe Skarstein lanserte totaldigitaliseringa av den norske bokheimen. Underteikna var til stades som journalist for Norsk Bibliotekforening. Ho påsto i foredraget sitt at «det går teoretisk an å gi tjenester det skal betales for.» Også i Aftenposten i mars same år hadde ho snakka om «eventuelle betalingstjenester,» og Svein Arne Solbakk, IT-direktør på NB, hadde sagt til Klassekampen i juli at han «ser ikke bort fra at dette på sikt kan bli en betaltjeneste».

Men i Trondheim i september, etter foredraget, kunne ho enno ikkje svare på spørsmål om dette, for ho måtte rekke eit fly til Dublin, som ho sa, for å helse på dronning Sonja. Eg løp etter henne ned til drosja, men blei like klok. Ho bad meg ringe Kulturdepartementet.

Eg maila dei, for dette ville eg ha svart på kvitt. Først svarte dei ved ikkje å svare. Så, nøyaktig ein månad seinare, etter mange purringar, fekk eg svar i ein e-post (dessverre kom ikkje fotografia med frå den gamle plattforma til NBF, pluss at mange av lenkene er daude):

«Vi beklager sen tilbakemelding på henvendelsen din, men det har vært mange saker å holde i om dagen.

          Når det gjelder henvendelsen din er det per dags dato følgende å si:

          Nasjonalbiblioteket må holde seg til gjeldene lover og forskrifter i arbeidet med digitalisering. Dvs. at der hvor det ikke er lov eller forskriftshjemmel, må det inngås avtale med rettighetshaverne.

KKD arbeider nå med utkast til forskriftsendringer i samsvar med fjorårets endringer i åndsverkloven. Utkast til nye forskrifter vil bli sendt på høring i nær fremtid».

NB_kontur_1163069937

«Ennå er bare enkelte ytre konturer synlige av verdens mest ambisiøse statlige digitaliseringsprosjekt» (illustrasjon og tekst frå saka på NBF november 2006)

Så dårleg var både informasjonen og kjemien mellom Norsk Bibliotekforening og Nasjonalbiblioteket og KKD den hausten at NBF-leiar Anne Hustad i november i eit intervju i tidsskriftet Bok og samfunn lanserte ei krisemaksimering av tredje grad: «Nei til brukerbetaling – gå til bokhandelen!»

No gjekk det relativt bra til slutt, for forfattarane fekk vel rimeleg bra betalt over statsbudsjettet. Men avgrensingane er framleis at lite som er nyare enn atten år er med i basen.

Til slutt ein bagatell, men historia om dette skal jo skrivast ein gong:

Sira Myhre seier til Ekko i dag at «det var oss og Google i heile verda som såg for seg at ein kunne digitalsisere alt». Det stemmer ikkje heilt.

I oktober 2005 skreiv eg, også dét på Norsk Bibliotekforening sine heimesider, om EU-prosjektet som skulle konkurrere ut Google Print (som Google Books heitte då) i Europa. Dette hadde ein viss status. Den franske nasjonalbibliotekaren Jean Noël Jeanneney hadde vel tatt det første initativet med boka «Quand Google defie l’Europe» (Når Google utfordrar Europa), og både president Chirac og den profilerte EU-kommisjonæren Vivane Reding fronta det heile (lenkene er daue her, men eg fann pressemeldinga om det).

Det viktigaste resultatet er basen og portalen Europeana. Men her er hovudvekta på materiale som har falle i det fri, det vil seie der opphavspersonen er død for over 70 år sidan. I tillegg har Europeana fått kritikk for samanblanding av offentlege og private initativ, noko som har undergrave det opprinnelege målet.

PS: Under arbeidet med dette går det fram at Bokhylla.no ikkje er med på Wikipedia si List of digital library projects. NB bør vel gjere noko med det?

 

One Trackback to “Bokhylla.no og gratisprinsippet, ikkje så enkelt”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: