Ikkje berre e-biblioteket treng krisepakke

Skjermbilde 2020-05-31 10.42.31

Bibliotekbrukar anno mars 2020 og framover. Public domain.

Rundt i landet skal etter kvart 662 folkebibliotek medrekna filialar, 261 fagbibliotek, 56 høgskolebibliotek, 65 universitetsbibliotek osv osv (kjelde: Base bibliotek) opne lokala sine for eit publikum som sidan sist har lagt seg kraftig ut i breidda. Kvar og ein skal no ha ein meter til nestemann og -kvinne, bibliotektilsette såvel som andre lånarar. Fram til korona-vaksinen er her, eller til neste pandemi, vil dette vere normen. Jamfør Khrono og Dagsavisen nyleg. Det vil krevje ein ny «hygienisk» arkitektur, sjå nedanfor.

Arrangement i biblioteket vil krevje førehandspåmelding for å sikre ein meter mellom kvar deltakar og for å unngå smitterisikabel kø ved inngangen. Men slike restriksjonar vil i sin tur gje auka krav om videostrøyming, der i alle fall kunstnarleg medverkande vil ha rett på ekstra økonomisk godtgjering. Utarbeiding av slike satsar er sikkert rettshavarorganisasjonane alt i full gang med.

Men i utlånsareala må det bli omfattande ominnreiing og mange stader ombygging. Biblioteka vil måtte hive ut … kilometervis med reolar, for folk vil ikkje akseptere å måtte vente med å gå inn mellom to reolar til dei som alt står der er ferdige. Det må bli større avstand mellom reolane mange stader. Dette vil løyse seg, men det kostar. Også store, opne landskap krev nye løysingar, for her er det vanskeleg å ha kontroll på folk. Trapper og heisar må bli breiare så folk kan passere kvarandre utan problem.

Skjermbilde 2020-05-31 13.15.40

Før-pandemisk bibliotekdesign

Og besøk av pleksiglassmesteren i lesesalen er heller ikkje billeg. Samtidig les vi at såkalla «fleks-arbeidsplassar» i kontorareal er spesielt ugunstige, men for bibliotekbrukarar finst det ikkje anna.

I planlegging av nye biblioteklokale vil vi sjå endringar om kort tid. Truleg alt når vi får neste utkastet til Skien bibliotek til dømes. Biblioteklokale vil nok bli dyrare og krevje større tomter eller fleire høgder. Men endå større utfordringar blir det altså i eksisterande, før-pandemiske biblioteklokale. Mange er trange.

På arkitektur-nettstaden archello.com finn vi eit intervju med ein nederlandsk arkitekt som designa bibliotek i USA før ho flykta heim i mars. Kontoret hennar har alt lenge jobba «with hygiene in mind. Spacious tables where you can keep your distance. Walkable buildings. That’s what we fought for. With social staircases at least 1.60 wide. To make sure two can go up and one can go down. I have the idea of designing a little box for wipes, which people can use to clean their own seat. Because make no mistake, especially in libraries, there are about six different people sitting on the same chair every day».

One Trackback to “Ikkje berre e-biblioteket treng krisepakke”

Leave a Reply