
Søndag kveld publiserte Nrk.no: «Dei skjulte bokskattane : Noregs eldste bibliotek ligg i kjellaren på ein vidaregåande skule». Det handlar om biblioteket på Oslo Katedralskole, grunnlagd i 1153, men då i eit anna lokale. Essensen er: «Her finn du mellom anna den eldste trykte boka om Noreg, kapitalismens bibel, eventyret om Askepott (ja, faktisk) som kappåt med trollet og hefte frå 1500-talet som ein inntil nyleg ikkje visste eksisterte».
Vi omtalte i juli boka «Bokhistorie. Bibliotekhistorie»:
Her skreiv vi blant anna at «Den første boktrykkaren dukka opp i provinsbyen Christiania i 1643, over hundre år seinare enn i hovudstaden København. Dette har det vore skrive om før, men artikkelforfattar Ernst Bjerke argumenterer her for at tilknytinga til Katedralskolen har hatt meir å seie enn det ein har visst til no».
No framgår det av nrk-saka at Bjerke er ansvarleg for skattane i Katta-kjellaren. Han må forsvare at elevane i dag får bruke alt i samlinga:
«– Nokre bøker i samlinga er skjøre, men dei aller fleste toler godt forsiktig bruk. Biblioteket skal ikkje vere ei død samling, der bøkene støvar ned i mørkeret. Det gjer stort inntrykk på elevane å kunne halde eller lese litt i ei bok som er blitt til for mange hundre år sidan. Det skapar ein heilt eigen følelse av kontakt med historia, og ikkje minst difor behandlar elevane også bøkene med respekt».