Bibli<3teket

Nasjonalbiblioteket er i dag på banen med bibliotekkampanje og tre gratis plakatar og bilete til sosiale medium: «Bibli<3teket: Fridykker, boksåpner, livskilde» Og poenget er: «Lys opp en vegg med en kjærlighetserklæring til biblioteket».

Her er det tre viktige signal. Denne bloggens favoritt må bli «Fridykkar», med tanke på innhald som Det uavhengige biblioteket, Fleirkulturelt osv. Denne teikninga synst vi også er best av dei tre.

Dette bør biblioteka hive seg på, sjølv om meiningane alltid vil variere når det gjeld slikt.

Nokre av oss hugser den svenske kampanjen i 2008: «Library Lovers». Slik reagerte biblioteksjef Christer Hermansson i Expressen:

«Det stora problemet med kampanjen så här långt är att formen, den fåniga rosa färgen och det puerila slagordet Library lovers helt dominerar över innehållet. Många människor jag talat med fattar inte alls vad det egentligen handlar om». 

Mens vi derimot i jubileumsboka (s. 173) til den venstreorienterte organisasjonen «Bibliotek i samhälle» kan lese at «Tack vare Biblioteksföreningens Library Lovers-kampanj under 2008 har en hel del biblioteksfrågor synliggjorts och kanske diskuterats mer än på länge».

<< Sjå merch frå den svenske kampanjen her til venstre.

Sånt er aldri heilt enkelt, nei. Fire år tidlegare køyrde Norsk Bibliotekforening kampanjen «fr@ ditt bibliotek». «Huff og huff!», skreiv den kjende programmeraren Erik Naggum på Biblioteknorgelista. Han var opprørt over «omsettinga» frå den engelskspråklege «@your library»:

«Dette er det verste misbruket av @ jeg har sett. Jeg håper virkelig ikke dette har gått ut til de store massene, ennå!»

Biblioteknorgelista har jo Nasjonalbiblioteket valt å slette, men tidsskriftet Bok og bibliotek fanga det opp i ein notis.

Og så får vi håpe at ikkje så mange fleire enn oss har fått problem med den dårlege norsken i den første versjonen på Bibliotekutvikling.no i dag. Tre opplagte skrivefeil pluss litt dårleg språk er i overkant, NB. Og det er dessverre ikkje første gongen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: