Den US-amerikanske kritiske nyheitstenesta FAIR peiker i dag på det dei meiner er eit døme på alvorleg svikt i det kollektive minnet hos sentrale samfunnsinstitusjonar. Det handlar om den halv-offentlege renommerte Washington DC-baserte kringkastaren NPR som har intervjua leiaren for ein kjend menneskerettsorganisasjon om massakren i moskeen i Christchurch. Sistnemnde hevdar at noko slikt angrep i ein moské aldri tidlegare har funne stad. Og intervjuaren tar dette for god fisk.
Men FAIR minner om fleire døme, eit av dei nyaste i Quebecq i 2017, som fekk stor internasjonal merksemd, eit anna i Den sentralafrikanske repulikken same år og massakrar i Myanmar og Sri Lanka tidlegare i tusenåret. FAIR oppsummerer: «Dette er eit prov på at informasjonssystema våre svikter når det gjeld å fokusere på vald mot muslimar – og følgjeleg den farlege svekkinga av det kollektive minnet vårt.»