Lei av prosjekt?

Den svenske bibliotekutgreiinga i 2017 sa klart nei til «prosjektmyra»

Det har no gått fire år sidan den svenske regjeringa vedtok ei stor statleg satsing på bibliotek, «Stärkta bibliotek». På bloggen kalla vi det «Trekvart øremerka bibliotekmilliard!», med eit klart spark til det norske partiet Venstre sin lovnad om ein heimleg bibliotekmilliard, men som dei gløymde så snart dei kom i regjeringsposisjon. Den svenske ordninga skulle vare i tre år, men no rullar ho vidare, rett nok med litt mindre pengar.

Ein annan skilnad samanlikna med Noreg er at dei svenske kronene går til konkret styrking og utvikling av dei lokale biblioteka. I dei svenske tekstene om dette finn vi ikkje ordet projekt.

Dette er diametralt motsett marsjordren frå det norske Nasjonalbiblioteket: «Det gis ikke tilskudd til ordinær drift og normalt ikke til innkjøp av ikt-utstyr, inventar eller medier, utvikling eller markedsføring av tjenester med sikte på salg eller til kompetanseutvikling som eneste aktivitet».

Så dette er rett og slett øyremerkte statstilskott til bibliotek, eit omgrep ingen oljeformuande norsk regjering har villa ta i med eldtang sidan 1986. Vel, dei gir det til ein del andre sektorar.

PS 20.6.: På Biblioteksbladets heimeside les vi no at svenske «KS» meiner det likevel er ein del onödig administration i samband med dei statlege tilskotta. Under budsjettførebuingane til hausten skal dei fremje forslag om «ett permanent stöd till stärkta bibliotek». 

3 kommentarer om “Lei av prosjekt?

Leave a Reply