Digitalekoret

Tidlege digitale bibliotekverktøy

Regjeringa og alle gode byråkratar som «vil noko» er blitt endå meir digitaliseringskåte under pandemien. Det finst kritikarar, men det er ikkje lett å argumentere mot å spare milliardar på å overlate meir av arbeidet til «kundane» av offentlege tenester. Og vi som meistrar teknologien er stort sett glade til. Dei andre 600 000 vil vel snart kome etter, håpar vi, før vi klikkar oss vidare.

Men Digitaliseringsdirektoratet – Digdir – er ikkje ein einsidig pådrivar for mest muleg elektronisk kvardag. Onsdag 16. juni arrangerer dei dette seminaret: «Om sammenhengende tjenester og livshendelser: Digitalt utenforskap i digitale livshendelser». To av talarane, Torunn Tømmervold og Liv Edel Berge frå Trondheimfolkebibliotek, har seminert om slikt før: «Slik kan det digitale klasseskillet bekjempes».

Men enkel blir kampen ikkje. Det digitale, appen, blir stadig oftare førstevalet og som får all merksemd.

Samtidig som store delar av lærarstanden og skoleeigarane kjem til å auke nett- og skjermbruken, trass i tunge motargument. Og trass i at skjermbruk gjer barn og unge til lesarar av stadig kortare tekstar. Og på morran i går var det på NRK P2 snakk om at barn blir nærsynte av mykje skjermbruk på skole og fritid (spol til kl. 10.03).

Leave a Reply