Lydbokmarknadsløyer

Endå ein lydbokapp skal etablere seg her i landet (vi fekk med oss to andre i mai månad). Ifølgje reklamenettstaden Kampanje handlar det no om danske Podimo: «Med Podimo samles podkast og lydbøker på ett og samme sted, og i tillegg har vi eksklusive avtaler med enkelte podkaster».

Denne nye kanalen satsar stort på kjendisar ifølgje same kjelde: «Kjente profiler som Tone Damli, Solveig Kloppen, Iselin Guttormsen, Lilli Bendriss og Jan Thomas er i stallen til Podimo».

Underteikna lydbok- og podkaststorforbrukar vil vel forsøke han i ein prøveperiode, men nokon overgang frå den noverande, ser vi ikkje for oss.

Ingen av lydbokhandlane på den norske marknaden klarer å utvide tilbodet noko særleg ut over krim, seriebøker og bestseljarar. Dei små tilboda av faglitteratur handlar mest om biografiar av kjende herrar (Eli Hagen og Gerd Liv Valla er unntaka. Døme: Storytel).

Ikkje eitt vondt ord om Are Kalvø, men illustrasjonen ovanfor er frå Storytel og viser eit tips om «Lignende bøker» etter at vi hadde høyrt ferdig Terje Tvedt si verdshistorie og Odd Karsten Tveit si bok «Midtøsten på 200 sider» …

Når det gjeld tilbodet gjennom den ikkje ukjende Bibliotek-kanalen, er det vel lite nytt å melde, etter det vi skreiv i juli.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: