Debatt om norsk bistand = bibliotekmat!

Ein sjeldan gong vågar norske riksmedia å pirke borti så konsensusblytunge tema som bistands- eller utviklingssamarbeidet: I dag var NRK.no først ute med: «- Bistand virker ikke», ifølgje Jens Mjaugedal, Utanriks- departementet sin tidlegare toppsjef i Somalia. Så sleppte dei til riksrevisor Per-Kristian Foss: «– Det virker som de har problemer med å bli kvitt pengene». Nyslåtte statssekretærar står sjølvsagt fram på rad med dementiar av ulike kaliber, og i morgon tidleg kjem kommentatoriatet for fulle mugger. Men vi risikerer også at debatten koker bort i raudkålen til jul.

Men det er også opp til folkebiblioteka – debattbiblioteka! – å halde slike saker varme. For det aller første kan biblioteka lenke til riksrevisorens rapport, noko NRK ikkje gjer. Og konvertere pdf-en til e-pub og dele han på heimesida som e-bok. I tillegg har biblioteket relativt aktuelle debattbøker om slike ting, tenk berre på bøkene til Terje Tvedt med fleire. Blant anna på Idunn.no er det nok av tidsskriftartiklar som anten har open tilgang eller er opne på skjermar i biblioteket. Apropos Terje Tvedt, så fann vi kjapt artiklar der han blir kritisert (dette er tidsskrift fleire har på papir også):

Og kva kan ein ikkje få til av debattmøte med røynde bistandsarbeidarar frå lokalsamfunnet versus t.d. Mjaugedal, Tvedt eller andre. Politiske parti har også meiningar om dette, sjølv om dei fleste har slått seg til ro i konsensuskosekroken.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: