Dette er eit falskt eller i beste fall forskjønnande ord for at lenker har slutta å virke. Lenkeråte gir inntrykk av at ein ukontrollerbar sjukdom har råka nettstaden. Og ordet tilslører at også venteleg høgst seriøse utgivarar, til og med bibliotek og bibliotekorganisasjonar, plutseleg kan snu heile eller store delar av nettstaden på hovudet og/eller «effektivisere vekk» alt som ikkje er hyperaktuelt.
Denne bloggen, med fleire, har lenge vore offer for Norsk Bibliotekforening sine minst to store omleggingar sidan ca. 2014. Og no registrerer vi det same med Bibliotekarforbundet. Dette er synd for både fagfolk, forskarar, journalistar og politikarar som arbeider med bibliotekpolitikk i eit litt lengre perspektiv enn sidan hausten i fjor.
Men du kan jo gå til Nasjonalbiblioteket, svarer du kanskje. Nja. Bibliotekarforbundet sitt tidsskrift «Bibliotekaren» er skanna i Rana, men berre til og med 2016-årgangen. Det same gjeld «Bok og bibliotek», men berre med to av seks nummer det året. Og NBF sitt «Bibliotekforum» (1995-2014) har dei ikkje starta på enno, trass i lovnadar vi har fått referert.
Så her på bloggen må vi søkje og grave etter nye lokasjonar, om dei finst. Eller bruke Wayback Machine (WM). Med desse to metodane klarte vi i dag å «gjenopplive» dei tre lenkene i det siste avsnittet i denne bloggposten frå 2019. Dette var nokre viktige artiklar om bibliotekutfordringane i UK og i DK, men vi kan ikkje bruke tid på meir enn brøkdel av alt det andre som er dødt. Eller altså drept.
Men slett ikkje alt er på WM heller. Gjer det til ein vane å lagre på WM når du har ein mistanke om at noko viktig også er flyktig! I nettlesarane Chrome, Firefox, Edge og Safari kan du laste ned eit praktisk tillegg til WM i verktøylinja, så er arkivering gjort med eitt klikk eller to.
Leave a Reply