
Foto: Brad Segal
For nokre veker sidan skreiv vi om kor viktig det er at bibliotekmiljøet dannar breie alliansar nasjonalt og lokalt med venar av kunnskap og demokrati for å forsvare framtida til institusjonen og tilbodet. I USA er slike ting på gang. Der har no more than 30 businesses and nonprofit organizations skrive under på eit opprop for ei stor statleg krisepakke til biblioteka.
Men dette kjem saman med ein sterk tendens i statar og byar for å opne biblioteka så fort som råd. Ein bloggar seier det slik:
There’s been a trend of articles coming out in major publications that are all about how excited people are to get back to their libraries, how resilient libraries are, all kinds of happy-go-lucky “we’re doing just fine!” stuff.
Opning skal skje med visse smitteverntiltak sjølvsagt, men ofte i eit tempo …som tar lite omsyn til tryggleiken til dei tilsette. Og i USA har, som vi veit, mange samfunn mykje større påvist smitte enn her i landet.
Ifølgje Bookriot skal biblioteka i Chicago opnast igjen 1. juni i eit omfang som ikkje er trygt for verken tilsette eller brukarar. Og alle skal innan 20. mai vere tilbake i full eller deltid, slik dei var før stenginga, som elles skjedde seinare enn dei fleste stader i landet. Men dette blir umuleg for mange på grunn av restriksjonane på offentleg kommunikasjon.
Change.org viser til eit anna opprop, ProtectLibraryWorkers, som set klare krav til opning av biblioteka: Ikkje før det er trygt!
Leave a Reply