Lydbokbetraktningar

Ambrosius av Milano skal ha vore den første i Vesten som las «stille».

Tenk deg at du bur i ein kommune med berre éin bokhandel (det er 92 slike i Noreg, og 182 utan éin einaste) og der denne helst frontar bøker frå forlaget/forlaga som eig bokhandelen. I Noreg har vi jo fått ei slik «vertikal» organisering i denne bransjen, men du kan trass alt få alle slags bøker om du spør. Og/eller tryglar. Men i lydbokhandelen, i strøymetenestene, er det mykje tettare skott, og tettare skal dei bli, ifølgje Bok365.no nyleg: «Stadig flere uttrykker nå uro over effektene av de forlagsdominerte strømmetjenestene».

I ein slik situasjon kunne det ikkje-kommersielle, uavhengige folkebiblioteket vore Problemløysaren! Om det berre hadde fått god tilgang til lydbøker…

Nokre har godt håp om lydbok-betring for biblioteka med den komande boklova. Vi får sjå.

Meir optimisme (men ikkje for skodespelarar): TV2.no har ei sak denne veka om ein ny type kunstig intelligens som bør gjere det lønnsamt å produsere teknisk gode lydbøker av mange fleire titlar, også for den vesle norske marknaden: «Det kan tenkes at dubbing av filmer og opplesing av lydbøker slutter å være et yrke for mennesker».

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: