2 gull til bibliotektidsskrift – med stor takk til IFLA-toppane …

Det svenske Biblioteksbladet har gått til topps i to kategoriar i det nasjonale Publishingpriset. Prisane fekk dei for nummer 4, 2022, eit temanummer i to språklege utgåver, på svensk og engelsk. Temaet var det pågåande demokratiske underskotet i IFLA-leiinga og informasjonstørka til presse, fagmiljø og anna omverd (kortversjon, sjå ein «2 minutts» gjennomgang).

Nummeret vil bli ståande som ein sentral referanse for all historieskriving og forsking på denne utrulege prosessen i det som skulle vore ein av verdas mest demokratiske organisasjonar.

Men blir det noka uavhengig forsking? Det er ikkje teikn til initiativ til det i bibliotekmiljøet. Lojaliteten oppover, laugsånda og konsensusen i det vesle fagmiljøet vårt har gjennom denne prosessen vist seg knallsterk, med dei få unntaka Biblioteksbladet, «Felicity Jupiler» og denne bloggen.

Når det gjeld den planlagde boklege markeringa av hundreårsjubileet til IFLA i 2027, kan det sjå ut som at organisasjonen berre vil «update the book published in 1977», altså til 50-årsjubileet. Som ikkje var forfatta av profesjonelle historikarar, men av ein psykolog og ein bibliotekar og tidlegare sekretær og visepresident i IFLA.

Men det finst jo miljø innan profesjonsforsking, til dømes eitt under same tak som den norske bibliotekutdanninga … (del gjerne).