Kor går IFLA og vi?

Når nokon skal skrive historia om organisasjonen IFLA, blir det, i tillegg til dei alarmerande udemokratiske og arbeidsmiljø-øydeleggjande prosessane i 2022 ff, umuleg å styre unna den sterke tilnytinga til multimilliardæren Bill Gates. For verksemda til IFLA er til 67% finansiert frå Stichting IFLA Global Libraries (SIGL), ei forkledning for Bill and Melinda Gates Foundation (BMGF).

I dag er det to syn på dette; anten blir det sagt å vere ei stor, smilande lykke for IFLA og biblioteka (jf illustrasjonen til venstre), eller Gates’ filantropi er som Tim Schwab i dag skriv i The Nation: «a thin silver lining in a very dark cloud» (til høgre ei fersk bok av han om same tema).

For noko er i ferd med å skje. Schwab skriv blant anna (mi omsetting): «Ei veksande gruppe av Gates sine tiltenkte mottakarar kritiserer han i dag for å gjere meir skade enn nytte, og nokre har eksplisitt bede han om å slutte å hjelpe. ‘Bill Gates bør slutte å fortelje afrikanarane kva slags landbruk dei treng’, heiter det i overskrifta til ein kronikk i Scientific American, skriven av Million Belay og Bridget Mugambe frå Alliance for Food Sovereignty in Africa. Kritikarane, som spenner frå bondeorganisasjonar i Afrika sør for Sahara til folkehelseekspertar over heile verda, og skolelærarar i USA, peikar på faren for høge ekstra kostnadar ved Gates sine filantropiske krosstog og dei enorme følgjeskadane dei etterlet seg».