Bokprisane, dei i NOK

Siss Vik sine Bokbrev på nrk.no kan vere greie å kikke på. I dag spør ho: Har krympflasjonen nådd bokbransjen?; «Flere nye syltynne romaner koster nær det samme som tjukke mursteiner». Ho har rekna på kor mykje du får per krone denne bokhausten. Til dømes:

  • Jon Fosse: «Septologien», 1251 sider, 233 ord
  • Jonny Halberg: «Johannes’ åpenbaring», 237 sider, 142 ord
  • Annie Ernaux: «Den unge mannen», 30 sider, 18 ord!

På ein blogg som denne kunne eg sjølsvsagt enkelt triumfert ved å spele ut bibliotekkortet. Til dømes (fjern)lånte eg før jul «The Nansen photographs» av Geir O. Kløver, ei bok på 712 sider (og 4,3 kg!), for kr. 0,00.

Men så enkelt er det jo ikkje; bokprisgalloppar har det med nådelaust å sprenge alle bibliotekbudsjett. Så då er vi like langt. Slik underteikna opplevde som biblioteksjef i ein liten Akershuskommune hausten 1978 då Thorkild Hansen kom på norsk med sin 780 sider tjukke «Prosessen mot Hamsun». ALLE ville låne boka, for denne var dyr; 290 kroner!! Vi kjøpte vel fem eks., men likevel blei ventelista månadlang. Før bøkene brått blei hyllevarmarar. Avisene hadde skrive så mykje om boka at dei fleste trudde dei alt hadde lese henne.

290 kroner var noko heilt skremmande nytt for éi bok. I den same avisa der eg fann annonsa er det annonsar for Asbjørn Eldens roman «Berte Ersons saga» til 48 kroner, Eva Funder Fleischer, «Miljøloven», 78 kr. Og lutefiskmiddag på Hotell Helsfyr for 38,-.

Og om romanprisen snart passerer 450 kroner, vil samtidig Kulturfondbudsjetta bli sprengde, med færre titlar som resultat. Ikkje minst i ordninga for omsette nobelprisromanar på 30 sider.

Hovmodet blant hyllene

Ehem …

I eit par månader no har vi latt oss imponere av, men også fått gode høve til å harselere med den «kunstig intelligente» ChatGTP. For vi representerer jo Biblioteket med Himmelhøge Kvalitetskrav og Kompetanse på Kunnskap.

Men då er det på sin plass, på ein fredag, å sitere frå eit intervju i Computerworld med teknologisjef Erling Schackt frå giganten Check Point Software. Han har både godt og dårleg å seie om ChatGTP og KI generelt, men vi merka oss særleg dette:

«– Lar du den [ChatGPT] løpe løpsk på internett og lese alt, blir den nok ganske rasistisk og fordomsfull. Det er jo mye på internett som ikke stemmer, påpeker Schackt. Å slippe den kunstige intelligensen løs på et bibliotek er heller ikke helt uproblematisk, forklarer han. – Dagens bøker er kanskje 80 prosent research og fakta, men for de øvrige 20 prosentene har vi kunstnerisk frihet til å legge til og trekke fra. ChatGPT lærer det siste også, men vet ikke om det er fakta eller fiksjon den trenes på».

Tenk dét, ja. Og med fare for å få Bernhard Ellefsen m.fl. på nakken kan vi leggje til kor raskt fagbøker på mange felt blir uaktuelle og villeiande. M.a.o. falske.

Go hælj!

Join our 1030 other followers

This blog, which deals with various – very important, if not existential – library issues, is mainly written in Norwegian and Swedish, but also with a number of posts in English. And the latter are all among the most important. Also note the translate tab at the bottom left.

If you want the blog post in your inbox immediately after publication, go to the box on the far right, enter your e-mail address and click «Følg meg» (Follow me).

To underlege underkommuniseringar

Norsk Bibliotekforening har levert høyringssvar til Ytringsfrihetskommisjonen si utgreiing «NOU 2022:9 En åpen og opplyst offentlig samtale» til Kulturdepartementet og «mener at bibliotekenes rolle for å sikre ytringsfrihet er underkommunisert i utredningen. … Vi vil fremheve at fysiske arenaer der mennesker møtes ansikt til ansikt i mindre grad benyttes, og at fysisk nærvær gir en annen form for samtale og meningsbrytning enn gjennom digitalt filtrerte debatter. Bibliotekene som møteplass og arena for offentlig samtale og debatt kan fylle en slik rolle, men potensialet er langt fra tatt ut».

Dette skjer dagen etter at herverande blogg kunne peike på ein alvorleg «Lokaldemokratisk bomtur» i samband med eit anna regjeringsinitiativ: «Lokaldemokratiet i foregangskommuner», eit program i regi av Kommunal- og distriktsdepartementet. Her måtte folkebiblioteka stå sentralt! Trudde vi. Men i dei aktuelle dokumenta er det ikkje spor etter b-ordet.

PS: «Debattbiblioteket» er eit langtfrå underkommunisert stikkord til artiklar på denne bloggen. Gjennom 16 år faktisk 185 artiklar medrekna denne.

Oppsnappa veke 3

SYNTETISKE FOTO. Journalisten skriv om slikt, og er innom redaksjonar som no har utforma politikk for dette: «- Vi skal aldri benytte oss av KI-genererte bilder eller video som fremstår som reelle, uttalte NRKs etikkredaktør Per Arne Kalbakk. … Også Aftenposten har innført lignende interne retningslinjer, omtaler avisa selv tirsdag». Her på bloggen støtter vi oss på lesargruppa sin framifrå kjeldekritiske kompetanse. Illustrasjonen ovanfor kunne ha vore frå eit ukrainsk bibliotek med hol i taket, men er heimelaga med Crayion og kommandoen: «Snow in a library».

MUSIKKBIBLIOTEK ANNO 2023. Strøyming har no lenge vore den dominerande måten å lytte til musikk på, noko som har fått mange bibliotek (men ikkje alle) til å skrote samlingane av CD-ar o.a. Men det finst måtar for bibliotek å formidle strøymt musikk på også. Til dømes har biblioteket i Halden ei speleliste med lokale «nye spotifyutgivelser». Bergen offentlige bibliotek har sett saman p.t. 132 «public playlists». Den ikkje heilt uvesentlege ulempa er at brukarane må vere tingarar av Spotify. Her har trass alt lydboktilbodet i norske bibliotek blitt gratis via eigne appar. PS: Viken fylkesbibliotek ser ut til å vere det einaste norske biblioteket som framleis har denne skiva som, i tillegg til litt Beethoven og dyrelåtar, har vore på veg til Det Ytre Rom sidan 1977 med romskipet Voyager.

LANDETS VIKTIGASTE BOKHYLLE. Forfattaren av eit lesarinnlegg i Morgenbladet har sett statsminister Støre sin nyttårstale, men av ein eller annan grunn blitt meir hekta på bokhylla bak han enn formaningane hans til nasjonen. Og innsendaren blei like lite imponert som av forgjengar Solberg sin bokhyllebakgrunn frå fjor. Han kjem derfor med forslaget: «Hvert år gis det ut masse spennende og viktige bøker i Norge. Hvorfor ikke fylle bokhylla med dem? De vil garantert åpne for spennende samtaler og vekke en bokhylle som fortjener bedre, til live. Så legg bokhylla i statsministerboligen inn under Kultur- og likestillingsdepartementet, og fyll den opp med de samme bøkene som bibliotekene kjøper inn».

Finsk nedtur: – Bara en av tre använder längre bibliotekens tjänster

Også utlånet går ned. Skjerm- dump frå artikkelen i Hbl

Etter fleire års framheving her på bloggen av Finlands sterke satsing på folkebibliotek særleg frå 1990-talet, er det mildt sagt overraskande å lese Hufvudstadsbladet i går: «Under de senaste 15 åren har boksamlingarna i de offentliga biblioteken krympt med ungefär 9 miljoner böcker. Samtidigt har finansieringen minskat och bara en av tre finländare använder längre bibliotekens tjänster».

Forklaringa er ikkje ukjend for oss i Noreg: «Nya fritidsaktiviteter har kommit i stället, den tid som folk förr lade på läsning lägger de nu på till exempel digitalt spelande, nätet, sociala medier … ».

Men vidare: «Det är särskilt studerande och högre och lägre tjänstemän som övergett biblioteken, medan pensionärer och långtidssjuka lånar allt mer». Dette er vel ikkje heilt som i Noreg, i alle fall ikkje for oslostudentane sin del.

Vi har før sagt at vi ikkje trur på nasjonalbibliotekaren når han snakkar om ein gullalder for biblioteka, men ifølgje den siste SSB-spørjeundersøkinga i eit konona-upåverka år (2016) hadde trass alt 46 prosent vore på eit bibliotek dei siste 12 månadene (rett nok mot 54% på topp i 2004, side 30), men likevel betre enn i Finlands ca. 30% i dag. Så får vi sjå på neste norske kulturbarometer.

>> Nytt 19. januar: Nasjonalbiblioteket melder no frå ei undersøking at 47 prosent hadde vore på eit folkebibliotek dei siste tolv månadene. I tillegg hadde 7 prosent brukt biblioteket «berre» digitalt.

Lokaldemokratisk bomtur

Ein regjeringsnettstad heiter «Lokaldemokratiet i foregangskommuner». Dette handlar om at: «Kommunal- og distriktsdepartementet har tatt initiativ til et lokaldemokratiprogram (2022-2023). Gode eksempel på lokaldemokratitiltak skal vises frem til hele kommune-Norge. Sammen med syv utvalgte kommuner med ambisjoner for å videreutvikle sitt lokaldemokrati – foregangskommuner, vil departementet få frem gode eksempel på hvordan kommunene kan involvere innbyggere på måter som skaper engasjement og tillit». 

Eit program der folkebiblioteka vil stå sentralt! Trudde vi. Men i dei aktuelle dokumenta er det ikkje spor etter b-ordet.

>> Sjå også saka denne veka om Ytringsfrihetskommisjonen som ikkje har stor tru på biblioteket.

Men alle honnørorda vi er blitt vane med, som arena, møteplass, informasjonsutveksling og dialog, blir brukte i full monn. I departementet sitt Debatthefte står det ting som at «Målet er kommuner som har velfungerende demokratiske arenaer, der debatten går friskt, og til beste for innbyggere og lokalsamfunn…. Etabler faste arenaer og møteplasser for både informasjonsutveksling og dialog». Men ikkje éitt ord om biblioteket, ikkje eingong det sterkt profilerte «debattbiblioteket».

Og heller ikkje i andre dokument på nettstaden.

Kan nokon forklare? Er dette eit døme på dårleg kommunikasjon mellom departementa? Eller er det …

Les mer «Lokaldemokratisk bomtur»

Kunnskapsinstitusjonane og sjølvtilliten

Januar 2023 i Moss. I bygget bak «snøhaugen» held læringsplattform-produsenten Skooler til.

Åtvaring som gjeld 2023 og frametter: Denne bloggaren kjem til å halde fram med å stille spørsmål ved digitaliseringa av samfunnet. Når det er naudsynt. Det er det slett ikkje alltid, men til dømes torsdag refererte eg til ein miks av debattar som pågår sidan før jul om digitalisering versus langlesing i skolen, no også i høgare utdanning. Ikkje minst i Morgenbladet og Klassekampen finner desse debattane stad.

I sistnemnde avis var kronikken i går av Lars Audun Bråten, lektor og medievitar: «Skolen som motvekt» og med stikktittelen «Hvordan skal lærere kunne konkurrere mot gaming og Tiktok? Svaret er at det skal vi ikke. Skolen må gjenfinne sin selvtillit».

Han skriv blant anna: «Problemet er imidlertid at også skolen, inkludert videregående skole, rir på en i overkant teknologioptimistisk bølge. … Spørsmålet melder seg: Hvordan skal lærere kunne konkurrere mot gaming, korte TikTok-videoer og morsomme bilder på Instagram? Svaret er at det skal vi ikke, og vi må slutte å late som at vi må det. Skolen må gjenfinne sin rolle som en kulturell motvekt mot hovedstrømningene i samfunnet».

Blir dette for langt? 😉 Det kjem litt til, men då om biblioteket sin sjølvtillit:

Les mer «Kunnskapsinstitusjonane og sjølvtilliten»

Lesedebatt pågår

Ofte er det primært grunnskoleungane sin ukritiske skjermbruk og funksjonell analfabetisme det handlar om, så også i desember då ei stor norsk undersøking om digitalisering i skolen (GrunnDig) blei publisert, omtrent samtidig som den svenske skolministeren annonserte i riksmedia at «Digitaliseringen i skolan har varit ett experiment». Dei to utspela var slett ikkje berre positive til utviklinga, blant anna minnar ministeren om at digitaliseringa gjer at «åtskilliga timmar framför en skärm per dag görs på bekostnad av annat».

Men så har vi utfordringane når dei håpefulle har starta på høgare utdanning. Og ikkje kan eller vil lese lengre tekstar. Professor Espen Ytreberg seier om dette til Morgenbladet 3. januar: «– I all min tid på universitet har jeg ikke sett noen større utfordring for undervisningen. … Blant mindre studenter leser nå et flertall nesten ikke annen kunnskapsbasert tekst enn det vi gir dem som pensum (…) Vi kan ikke bare lære studentene om det som står i bøkene – vi må nå også lære dem hva og hvordan de skal lese. Det må vi gjøre på tvers av en medie- og samfunnsutvikling som gjør langsom og konsentrert lesning av krevende tekster svært vanskelig».

For ikkje å gå altfor mykje i detalj, overlet vi ordet til Sandra Lillebø i Klassekampen i dag. Ho nemner først …

Les mer «Lesedebatt pågår»

Tids­skrifta: «— Vi kan bare dumpe dem»

Dette blir det sikkert meir om (det er alt fem kommentarar kl. 15.30), så berre kjapt innpå no frå Khrono.no i dag:

I desse AI-tider søkte bloggaren i eigen Google Foto på «elektronisk» og fekk denne utsikta frå balkongen i mai … ?

Dei intervjuar rektor Curt Rice ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), og han «peker på åpen publisering, også kjent som Open Access, og sier det er et forsøk på å få et nytt system, riktignok med tidsskrifter. Men overgangen til åpen publisering er blitt kuppet, …

— Den er blitt kuppet av de store forlagene, som har sitt primære ansvar overfor aksjeeierne. De er mer opptatt av inntjening enn kvalitet, sier han og peker mot forskning- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe.

— Om Borten Moe virkelig vil spare penger, da skal han si at vi ikke betaler for tidsskrifter fra de store forlagene. Jeg skulle ønske han gjorde det».

Deichman nest dårlegast på utlån

«Deichman med knalltall for utlån i 2022 … Deichmanbibliotekene lånte ut over 1,2 millioner bøker i fjor». Dette er overskrifta og litt frå ingressen til ei sak i Dagsavisen i går. Og vidare framgår det at «Det innebærer en økning på om lag 100.000 utlån sammenlignet med normalåret 2019». For 2020 og -21 var jo spesielle med mykje pandemistengt.

No føreligg enno ikkje statistikken for andre kommunar eller for heile landet for 2022, men om vi ser på statistikken for 2019, som Deichman rett nok har trumfa no, så låg Oslo på nest siste plass blant norske fylke. Og med 2,25 førstegongs utlån per innbyggjar, mot 2,8 på landsbasis. Høgast var no samanslåtte Sogn og Fjordane med 3,4.

Det skjer mykje veldig positivt ved Deichman for tida, men Oslo har lang tradisjon på å vere langt frå norsktoppen når det gjeld utlån, så der har dei noko å jobbe med.

I den omtrent like store byen Helsingfors var utlånet 9,4 millioner i 2019, rett nok ikkje berre fysiske bøker.

Men så litt meir bibliotekstatistisk sløvsinn, denne gongen frå sjølvaste NTB, sjølvaste SSB og Bok365.no:

Les mer «Deichman nest dårlegast på utlån»

Flyktningbiblioteket

Inga dårleg horisontutviding for ein måndag i januar. Og her frå Mosseelva aust for Krapfoss.

Kollega Runar Eggen på Helsebiblioteket.no bloggar på PsykNytt – siste nytt for psykisk helse-feltet. I dag skriv han blant anna om Nettbibliotek for forskning om flyktninger. Flyktningbiblioteket «kan hjelpe dem som arbeider med flyktninger til å gi flyktningene et så godt liv som mulig, … Kunnskapen er like relevant enten man arbeider i skolen, mottak eller som terapeut». Samlinga har p.t. 129 referansar, alle ope tilgjengelege.

Og då vi såg nærmare etter, har dei også eit ope Koronabibliotek med for tida 1148 referansar til «psykososiale forhold og sårbare grupper ved pandemi, med fokus på covid-19 spesielt».

– Ex-generalsekretæren må også bli fråkopla SIGL

Frå møtet i Dublin som denne teksten handlar om. Her ser vi hovudstyret til IFLA framføre medlemsdelegatar i Dublin i juli.

Skepsisen til IFLA-leiinga breier seg sørover, no til Sveits. Tittelen ovanfor har vi omsett frå eit innlegg i dag på den sveitsiske bibliotekbloggen Biblog. Guillaume A. Pasquier refererer her blant anna til ei kjelde vi nemnde tidlegare, det franske bok-og-bibliotektidsskriftet ActuaLitté, som igjen referer og siterer frå temanummeret til det svenske Bibliotekbladet. Og han lenker til Mikael Bööks herverande blogginnlegg: On The Multifaceted Crisis of IFLA.

Pasquier seier at det i neste utgave av Hors-Texte, bladet til Genève-bibliotekarane, vil kome meir frå ein sesjon under WLIC 2022-kongressen i Dublin. Likevel, skriv han, er det ting som ikkje kjem med i dette bladet, men som han vel å publisere i blogginnlegget sitt: «I staden for å leggje dette i søpla, valde eg å lage eit blogginnlegg av det». Dette er kanskje ikkje breaking news, men ein stemningsrapport frå møtet, så vi omsett noko av det:

Les mer «– Ex-generalsekretæren må også bli fråkopla SIGL»

Kva skjer (ikkje) på norsk Wikipedia?!

Dette har vi tenkt ved ulike høve dei siste par åra. Og igjen i dag, når vi ser at skøyteløparen Sander Eitrem, som har vore i noregseliten sidan han var 18 i 2020, og som blei noregsmeister i fjor, ikkje har eigen artikkel på norsk Wikipedia (verken bokmål eller nynorsk) når klokka er 19 og det snart er to timar sidan han tok sølv i Europameisterskapen på Hamar. Mens nederlandsk Wikipedia har hatt ein artikkel om nordmannen sidan mars i fjor. Og som blei oppdatert alt få minutt etter at Eitrem avslutta 10000-meteren. På engelsk finst det også ein artikkel.

Ragne Wiklund, som også tok sølv i den same meisterskapen, har ein bokmålsartikkel, men når 3-4 timar har gått, er han enno ikkje oppdatert med denne prestasjonen.

Når du les dette kan nokon sjølvsagt ha retta opp fadesen. Kanskje ein bibliotekar har tatt ansvar. Eg har ikkje tid no.

Vend heim til borga, de fangar som har von!

Med referanse til Sakarias 9:12 får medlemmane av IFLA nyttårshelsing frå president Barbara Lison på IFLA-lista i dag. Helsinga er, så langt eg kan hugse, mykje meir omfattande enn tidlegare år, men inneheld berre mellom linjene, og berre for ein som innvidd, noko om det store interne dramaet frå 2022 (sjå også Biblioteksbladet sin kortversjon):

«Yes, it has also been a  year of change, which will be carried into the new year when a new Secretary General will come on board. I extend thanks to our Deputy Secretary General, Helen Mandl, for her willingness to step up to the important leadership role of Acting Secretary General until recruitment is finalised. Likewise, thank you to other IFLA staff who have taken on additional responsibilities».

Og det følgjande avsnittet får eit ironisk skin for dei som veit kor vanskeleg det har vore å få ut nokon informasjon om avtalen med den avsette generalsekretæren, eller var han slett ikkje avsett? Han var jo ein så dugandes og feilfri arbeidsgjevar og dagleg leiar:

«When it comes to communication with you, our valued members, volunteers and stakeholders, we have also been working to improve updates on our activities and actions. We are providing regular, proactive updates to you on what we are doing to secure the future of our organisation».

Så får vi berre vente og sjå om president Barbara Lison faktisk har noko meir å seie i januarutgåva av tidsskriftet BuB: Forum Bibliothek und Information.