Utreinsing av bøker som våpen i krig

La Dostojevskij «grunnlaget for den «russiske verda» og russisk messianisme?» Illustrasjon av V. Perov i offentleg eige.

>> Teksten er litt justert og forkorta på nokre punkt 12.2. 19.50.

7. februar kom på eit svensk fagforum for bibliotekarar den første vantru reaksjonen på påstanden at ukrainske bibliotekarar no kasserer russiske bøker i milliontal. Kjelda var Euractiv.com. Men vi fann saka også hos Newsweek, og dei var i tvil: «Has Ukraine Banned 19 Million Russian Books From its Libraries?» Dei skriv at påstanden «is missing important context». 

Eit anna tal som er nemnt er 11 millionar. Rykta varierte også om kva slags litteratur som er eller skal bli fjerna. Men Newsweek oppsummerer: «Utan ytterlegare informasjon kan vi ikkje vite om alle dei forbodne bøkene var av russiske forfattarar eller handla om Russland, om 19 millionar separate bøker ble forbodne eller kor stor del av dei russiskspråklege bøkene som vil bli erstatta av ukrainske utgåver».

>> I områda der russarane har tatt kontroll, har også dei drive utreinsking i bibliotek, då av pro-ukrainske bøker og på ukrainsk språk.

Men alt 23. mai i fjor blei det publisert (på ukrainsk) på Interfax-Ukraina ein svært omfattande plan om kassering av ikkje berre pro-russisk litteratur, men det aller meste russisk, medrekna klassikarane, i alt 100 millionar bøker. På engelsk finst det ei forkorta utgåve på nettstaden til det ukrainske Institute of Mass Information.

Detaljane nedanfor er vår eiga (og DeepL) si omsetting av store delar av teksten frå Interfax-Ukraina. Det meste er eit intervju med Oleksandra Koval, sjefen for Ukrainas bokinstitutt, og ho gjekk altså mykje lenger enn rykta nesten eitt år seinare (sjå også DeepL-oversetting til svensk (pdf)).

Forklaringa kunne vore at dei har moderert seg i ettertid, men vi ser få teikn på dette. Tvert imot tyder ein fersk reportasje i The Times – «On the front line of Ukraine’s cultural de-Russification» – på at planen for tida blir gjennomført til fulle.

Direktøren seier at «først og fremst antiukrainske bøker med imperiale fortellingar og propaganda for vold, pro-russisk og sjåvinistisk politikk [blir] fjerna frå offentlege bibliotek.

«Den andre runden …  vil omfatte …

Les mer «Utreinsing av bøker som våpen i krig»

TikTok-nei på biblioteket

Mens norsk presse er breiddfull med justisminister Mehl som vedgår at ho TikTok feil, skriv svenske Magasin K om Daniel Forsman, biblioteksjefen i Stockholm, som «menar att bibliotekens användande [av TikTok] rimmar illa med det demokratiska uppdraget». Trass i at det er eit effektivt medium for å få ungdom til å lese.

Forman meiner «Vi kan försöka lyfta ut det innehåll som finns på Tiktok till andra kanaler som är säkrare och mindre problematiska att använda …  Jag tycker att vi behöver arbeta mer aktivt med att hitta våra egna format och våra egna kanaler på ett annat sätt än vad vi gör idag».

Underteikna håpar då at slike slapstick-toks som på biblioteket i Flen kan bli løfta «till andra kanaler».

Ytringsvettplakat i biblioteka?

Ytringfrihetskommisjonen leverte utgreiinga si i august i fjor. Då måtte vi raskt konstatere at den «nye» biblioteklova, med uavhengig møteplass og «debattbiblioteket» osv, ikkje er nemnd med éitt ord. Det einaste som kan kallast positivt nytt om bibliotek, om det passerer høyringa og Stortinget, er punkt «12.7.3 Bedre tilgang til journalistikk i bibliotekene». Det handlar om satsing på blant anna norske tidsskrift.

No er høyringsrunden over, og ei sentral sak i Kommunal Rapport (KR) denne veka (ikkje på ope nett) har overskrifta «Ønsker ytringsvettplakat på skole og bibliotek».

Kommisjonen foreslo to ytringsvettplakatar, éin retta mot arbeidsgivarar og leiarar, ein annan mot arbeidstakarar. Men Farsund ungdomsråd tok fatt i dette og melde:

«Vi syns at kommisjonens forslag om å lage en egen ytringsvettplakat for ledere og ansatte i arbeidslivet (kap. 15), er flott. Så vi vil foreslå at det lages en sånn i en enklere form for barn og unge. Den kunne henges opp på skoler, fritidsklubber og biblioteker».

Flott! Elevane fekk altså gjennomslag i viktige KR, men faren er at …

Les mer «Ytringsvettplakat i biblioteka?»

Intervjuet du ikkje skulle få lese (det er IFLA igjen…)

30. januar skreiv vi om det eksklusive intervjuet som det tyske tidsskriftet BuB – Forum Bibliothek und Information – fekk med IFLAs sitjande president, tyske Barbara Lison, i samband med skandalen i organisasjonen. Som ho meiner slett ikkje er nokon skandale. Ho meiner derimot at BuB og svenske Biblioteksbladet og nokre andre organ som har gjort seg så fri å skrive om dette, er sterkt å kritisere: «Dei skuldingane som Biblioteksbladet har framsett mot leiinga i IFLA er alvorlege og i diametral motseiing til IFLAs verdiar» (vår omsetting).

Det ikkje lite spesielle med dette intervjuet med leiaren for verdas bibliotekorganisasjon er at ho sette som vilkår for å stille opp til intervju at BuB ikkje skulle dele det med andre redaksjonar for re-publisering og/eller omsetting til andre språk. Det har BuB heller ikkje gjort, men underteikna og redaktøren for svenske Biblioteksbladet fekk pdf-utgåva og siterte frå det og omtalte det i førre veke. Og når Bub i dag har lagt intervjuet på nett, kan kven som helst lese det på sine eigne språk, til dømes ved hjelp av DeepL (no også til norsk), Google Translate el. liknande.

Merk: Det er ikkje mykje ho vil seie, og slett ikkje vedgå. Akkurat no er det viktigast å få fleire i og utanfor IFLA og bibliotekmiljøet til å setje seg inn i saka. Tre tidsskriftredaksjonar og eit par-tre bloggarar, er ikkje nok. Derfor endå meir diametrale motseiingar og med store bokstavar, Frau Lison.

Hitler på utlånstoppen i Oslo i 1935

Klikk og sjå teksten. Teikning av Josef Čapek, Public Domain.

Kva gjer ein bibliotekbloggar ein søndag ettermiddag i februar når hopprennet er slutt (der vinnaren vel(?) har fleire litterære gen enn nokon annan i sportsverda)? Jo, til dømes gjer bloggaren nokre mållause søk på nb.no, det norske Nasjonalbiblioteket sin store base med digialisert materiale av ulike slag. Og oppdagar blant anna at av dei p.t. 49 584 digitaliserte radioprogramma er det treff på «bibliotek» i 128 av dei. «Deichmanske bibliotek (Oslo) 150 år. Intervjuer med avdelingsbibliotekarene» er eit innslag på snautt 13 minutt som stod på programmet 12. januar 1935. Her kan vi mellom skraping og susing høyre stemma til sjefsbibliotekar Arne Arnesen (kjend for fleire generasjonar bibliotekarar for sin norske versjon av Deweys Klassifikasjon). Og når utlånssjef Alf C. Melhus (etter 5 minutt og 50) blir spurd om den mest populære faglitteraturen, får vi det saklege svaret at «efter reserveringene å dømme skal det visst være Hitlers Mein Kampf».

Just like that. Men det ville vore feil å ikkje ha boka, slik det også er i dag. Og på den tida var «Innen Høyre … folk mer positive til Adolf Hitler enn til Vidkun Quisling og NS», jf. Trond Nordby i Norgeshistorie.no. Og blant anna «Aftenposten sviktet da avisen gjennom mesteparten av 1930-årene av redsel for kommunismen gikk langt i å forstå og forsvare det som skjedde i Adolf Hitlers Tyskland», jf redaktør Trine Eilertsen 3.10. 2019.

Ei anna oppdaging denne søndagen er at ein kan søkje og få treff på ord i tekstane også i dei over 29 000 dokumenta i den digitaliserte brev- og manussamlinga. Så handskriftene er altså OCR-lesne, så godt det lar seg gjere i 2023. Her fann eg 9 treff på «Moss». Henrik Ibsen sitt brev til Suzanna 22.9.1895 er, som alltid frå den mannen, svært lett å tyde, mens Edvard Munchs brev til Harry Fett er verre. Men breva er altså OCR-lesne, så berre last ned uleselege brev og tekstar (den lille nedoverpila oppe til høgre), merk innhaldet og lim det inn i ein tekstbehandlar. Slik får ein til dømes vite litt om Munch sitt opphald i Gøteborg i 1933, blant anna at han der «Så og talte ikke med noget menneske i 14 dage. Sligt hjælper og jeg håber det skal bli folk af mig tilslut». 

Kva får e-leverandørane vite om lånarane?

Med manuell sjølvbetening og berre papir er det greiare

Den US-amerikanske bibliotekforeininga ALA sitt kontor for åndsfridom har nyleg saman med det føderale Institute of Museum and Library Services (IMLS) innleidd ein serie på sju nettkurs i sikring av personvern på vegner av brukarane. Vi omset innleiinga deira frå ein bloggpost for eit år sidan:

«Store leverandørar til bibliotek har begynt å samle inn brukardata i stor skala, som – utan tilstrekkeleg vern av privatlivets fred – opnar for offentleg overvåking. Denne endringa i forretningsmodellen set den akademiske og intellektuelle fridomen i fare ved å gjere folk atterhaldne med å lese eller dele publikasjonar av frykt for offentleg eller kommersielt misbruk. … I takt med at biblioteksamlingar blir meir og meir digitale kan innhaldsleverandørar samle inn opplysningar om bruken av digitalt innhald. Leverandørane skildrar denne praksisen som naudsynt for tryggleiken og for aktivitetsanalysar, men det er ikkje mykje i ein standardkontrakt som opnar for kva for typar data dei kan samle inn og korleis dei kan bruke dei».

Også i Noreg var det i starten ein viss uro rundt dette då det viste seg at biblioteka ikkje får kjøpe e-innhald, men må leige det. At det er lite snakk om dette i dag, betyr det at alt er trygt og greitt?

PS: Sjå alle artiklane på bloggen om personvern.

Bibliotek + frivilligsentral = Sant!

På Skjønhaug i Indre Østfold deler FS og B lokale

Dette er kanskje inga stor sak, og ikkje har vi nokon særleg kunnskap om dette heller, men når to e-postar om dette kjem same føremiddag, er det vel meininga at vi skal sjå nærmare på det:

Den eine e-posten kjem med det nyaste nummeret av Tidsskrift for samfunnsforskning og ein artikkel om Frivilligsentralane i Noreg: Har dei ein bindeleddsfunksjon? Ordet bibliotek er nemnt i samanheng med kven FS samarbeider med, men berre i ein parantes: «Kommunen (f.eks. sjukeheim, bibliotek)». Det finst ikkje eigne tal for bibliotek.

Er ikkje det litt rart, tenkjer vi? Vi har jo sett så mange stader at FS og bibliotek samarbeider nært, ikkje minst om SPRÅKKAFÉAR.

På dei tre første sidene av eit Googlesøk noterer vi desse stadene med slikt samarbeid: Klepp, Moss, Selje, Time, Hof, Nordby, Gran, Rennesøy, Løkken, Meldal, Narvik, Øygarden, Rykkinn, Askøy, Tøyen, Sarpsborg, Nord-Fron, Oppsal, Furuset, Våler i Viken (men snart i Østfold!), Lillesand, Saltdal, Kongsberg, Ringerike, Herøy, Askim, Hustadvika, Hjelmeland, Rendalen, Halden, Fauske, Skjønhaug, Byåsen, Heimdal, Ranheim, Rennesøy, Knarvik, Sula, Hamarøy, Holmestrand …

Den andre av e-postane i dag er frå Kulturdepartementet om Økt satsing på frivilligsentraler. Og med nye forskrifter og ei tilskotsordning med krav om samarbeid med kommunale instansar. Her må det vere potensial for kontakt og samarbeid, om det ikkje alt finst.

2023: Mange «nye» små og store forfattarar i det fri

Første januar kvart år markerer blant anna Internet Archive og The Public Domain Review at mengder av åndsverk «fell i det fri», at dei kan brukast fritt og eventuelt kopierast, trykkast opp og spreiast på nytt av kven som helst. Med andre ord er vernetida utløpt.

Til dømes eit bibliotek kan no fritt trykke opp og/eller lage e-bok, lydbok eller podkast av bl.a. lokalhistoriske tekstar eller skjønnlitteratur av forfattarar som gjekk bort i 1952. Eller tidlegare.

I Noreg og det meste av Europa og Sør-Amerika omfattar årets «frigjering» verk av personar som gjekk bort i 1952, altså landa som har regelen «levetida pluss 70 år». Knut Hamsun er den mest kjende norske som blir «fri» i år. I New Zealand og dei fleste landa i Afrika og Asia gjeld «levetida pluss 50 år». I USA gjeld det i år bøker og verk som kom ut i 1927 eller tidlegare.

Author and Book Info kan du søkje på dødsår. Engelskspråkleg Wikipedia har ei liste over dei viktigaste internasjonale namna.

Når det gjeld akademisk materiale finst ordninga med Open Access, som gjer mykje innhald fritt å lese ofte heilt frå tidspunktet for publisering. Denne bloggen har p.t. 50 artiklar om Open Access og 21 om Plan S.

Så må vi slett ikkje gløyme den verkeleg frigjerande akademiske artikkeltenesta Sci-Hub, starta opp av kazakstanske Alexandra Elbakyan, og som medbloggar Mikael Böök gjorde eit eksklusivt intervju med for to år sidan. Og tenesta Zlibrary som også inneheld bøker.

PS: Så har vi nb.no, den i verdsmålestokk unike avtalen

Les mer «2023: Mange «nye» små og store forfattarar i det fri»

Gode debatt-idear!

I denne saka på Nrk.no om eit folkemøte i Halden om manglande spesialundervisning, framgår det berre av bilet-teksten at det fann stad på Halden bibliotek. Men biblioteket tok initiativet. Og allierte seg med lokalavisa, som sørga for god førehandsomtale og for møteleiar. Slike tema er det sikkert grunnlag for å halde opne møte om i fleire norske kommunar, og då med biblioteket som initiativtakar og arena.

Når krisen har nyhetsverdi, er ein tittel på Journalisten.no. Dette handlar om ein panelsamtale og debatt 27. januar på Ringsaker bibliotek i Brumundal. Biblioteket inviterte Norsk Journalistlag Innlandet. Sjå også at «Arrangementet finansieres av vederlagsmidler». NJ har slike lag i alle fylka, og truleg same tilgang til desse pengane.

Og så er det Helaften om Ukraina på Sandnes bibliotek: Med namn som Arve Hansen i Helsingforskomiteen, og Aage Storm Borchgrevink og Øyvind Nordsletten. I det heile tatt er Arrangementsvåren på dette biblioteket imponerande. NB: Det er på Jæren at våren startar 8. februar…

Bra opplegg er det til dømes også i Trondheim.

>> PS kl 16.30: I Nordre Follo har nokon alt lese oss og melder seg på (det er plass til endå fleire): Frå Østlandets Blad: «Klimadebatten er en del av den årlige Klimafestivalen, som er et samarbeid mellom Fremtiden i våre hender, Naturvernforbundet, biblioteket, kulturskolen, Kolben med flere».

No var dette eit tilfeldig innblikk i kva som skjer i store og mellomstore byar, mens det dessverre slett ikkje er enkelt å få til i små bibliotek i små kommunar.

IFLA-presidenten: – Hendingar? Kva for hendingar?

Det tyske tidsskriftet BuB – Forum Bibliothek und Information – intervjuar i nr. 1/23 (per 30. januar enno ikkje på nett) IFLAs sitjande president, tyske Barbara Lison, i samband med skandalen i organisasjonen. Men i denne første opninga hennar for kritiske spørsmål utanfrå avviser ho all kritikken som «ikkje bevist» og har elles svært lite nytt å fortelje.

Ein typisk passasje frå intervjuet (vår omsetting):

«- Når vil publikum bli fullstendig informert om hendingane?

– Kva for hendingar meiner du?

Til dømes dei utålelege arbeidstilhøva på hovudkontoret, påstandane frå dei tilsette og den manglande kommunikasjonen.

– Kva meiner du med fullstendig? Kva meir meiner du vi skal seie?

Ei moglegheit kunne vere å gje ei uttale der påstandane er fullstendig eliminerte.

– Dette har vi gjort mange stader og eg vil igjen vise til IFLA sin framtidsplan, som vi kan snakke om når som helst og som er offentleg tilgjengeleg. Vi har alt diskutert denne planen med representantar for både dei frivillige og representantane for dei nye regionale avdelingene til IFLA. Denne planen er den ultimate målestokken for alt vi gjer».

Vi får vite at ho var den einaste i hovudstyret som røysta mot å suspendere generalsekretær Gerald Leitner, og ho stadfestar at det kunne ho gjort igjen. Og ho meiner det er problemfritt at Leitner held fram som …

Les mer «IFLA-presidenten: – Hendingar? Kva for hendingar?»

Personvern i bibliotek er mykje meir enn utlånsdata

Om denne illustrasjonen, sjå nedanfor

På denne bloggen har vi kategorien Personvern med 26 artiklar, medrekna denne. Utfordringa med lekking av utlånsdata dominerer*. Men så kjem det no eitt Nytt nettkurs om GDPR i folkebibliotek, der det framgår at i dag er det fleire typar sensitive data, blant anna i samband med Meirope bibliotek og kampanjar som Sommarles. Lesing av aviser i Pressreader er også noko ein må ta alvorleg. Flott, kursforfattar Aud Jorunn Hakestad og oppdragsgjevar Rogaland fylkesbibliotek!

Vi kan lese at «E-læringskurset vil følges opp med flere slike workshoper i løpet av våren 2023. Workshopene annonseres fortløpende i kalenderen på bibliotekutvikling.no. …. Kurset er ikkje utfyllande, men det er lenka opp til viktige sider på Datatilsynet og andre kjelder der du kan lesa meir».

PS: Det står ein del om og av systemleverandørane i kapitlet om Utlån. Desse har sjølvsagt også stort ansvar her. Underteikna kjenner ikkje til stoda når det gjeld dei aktuelle systema i dag, men det finst relativt nylege døme på at …

Les mer «Personvern i bibliotek er mykje meir enn utlånsdata»

– IFLA – kondemneringsmodent

Grunnstøtt og kondemnert. Utsnitt: Flickr /Kystverket (CC BY-NC 2.0)

Toppfolk i IFLA-systemet er svært kortfatta om krisa i organisasjonen, til dømes Inga Lundén i SIGL-styret, som vi tidlegare i dag siterte frå Biblioteksbladet. Og i Tyskland er det knapt nok kommentarar å få frå IFLA-tillitsvalde:

Tidsskriftet BuB Forum Bibliothek und Information har i dag førebels publisert ein pdf med nokre spreidde sider frå det komande nummer 1/23. I leiarartikkelen, under tittelen Totalschade = kondemneringsmoden (!), får vi ein idé om kva som kjem. Blant anna at «For det store fleirtalet av medlemmane i den tyske IFLA-nasjonalkomiteen var det [alt som er avdekka, min merkn.] ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å uttale seg til BuB. Avslaga kom med berre få ord, men avslører desto meir om det tyske biblioteksystemet. Til dømes sa sjefen for eit av dei viktigaste biblioteka i dette landet til oss: «Eg synest ikkje den såkalla «handsaminga» av situasjonen i Biblioteksbladet og no BuB, er føremålsteneleg».

Redaktøren avsluttar: «Kor er dei, forkjemparane for informasjonsfridom og ytringsfridom i tyske bibliotek? Dessverre har vi ikkje funne dei i forskinga vår på IFLA-skandalen» [mine omsettingar].

I det komande nummer 1/23 av BuB kjem også det varsla intervjuet med noverande IFLA-president Barbara Lison, men i pdf-en får vi berre lese overskrifta: «Die Werte der IFLA sind nicht infrage gestellt» = Verdiane til IFLA står fast.

PS: Her på bloggen har vi skrive kritisk om IFLA sidan november 2020. Og har per i dag 25 artiklar.

IFLAs økonomiske sjanseseglas*

Klikk og les meldinga hennar

Australske Christine Mackenzie, IFLA-president frå 2019-21, gjekk, tradisjonen tru, over i styret for stiftinga SIGL etter perioden sin i IFLA-styret. Men på twitter 24. januar (sjå illustrasjonen) kunngjorde ho at ho sluttar i vervet då ho ikkje er einig i vedtaka til styret om retninga og leiinga av SIGL. Som «styremedlem med dissens kan eg ikkje lenger vere ei effektiv stemme i styret og ikkje tene interessene til fondet og mottakarane av støtte» (mi omsetting).

Svenske Biblioteksbladet køyrer denne saka i dag og minnar om SIGL sin natur: «SIGL förvaltar de mångmiljondollar-donationer som Bill och Melinda Gates stiftelse de senaste åren skänkt till organisationen. Det gör stiftelsen till en maktfaktor i relation till sin stiftare, vilket bekräftas av det faktum att huvuddelen av Iflas budget täcks av pengar därifrån».

BBL intervjuar også Inga Lundén, framleis styremedlem, som berre har denne kommentaren: «Styrelsen beklagar verkligen. Hon har gjort ett bra och viktigt jobb för SIGL».

* Sigl på islandsk kan tydast seglas …

– Lokalpolitikarane bergar biblioteka!

B for Bibliotek i Bodø

I november blogga vi om alvorlege varsel om budsjettnedskjeringar og at «den «nye» funksjonen som møteplass og debattarena kan vere den første som ryk ifølgje ferske avisinnlegg i BodøNordre FolloKragerø og Arendal». Men i Kommunal Rapport kan no NBF-leiar Vidar Lund under tittelen ovanfor fortelje at:

«Heilt på tampen av 2022 kom gladmeldinga om at bystyret i Arendal denne gongen auka budsjettet til biblioteket med 500.000 kroner. Vi må vone at det er fyrste del av ein snuoperasjon, men for biblioteksjefen var det for lite og for seint. … I Kragerø berga biblioteket frå å kutte 1/3 av personalbudsjettet. I Nordre Follo berga ei stilling, i Bodø berga to stillingar, i Ås berga Nordby filial – og fleire døme finst».

Dette er sikkert også resultat av lesarinnlegg og lobbyverksemd frå NBF-arar, fagrørsla og brukarar. Kunne vore fint å få vite kva som har virka? Har leita på FB-sidar osv., men ikkje funne noko særleg.

Og opplæringa av politikarar og administrasjon må pågå heile tida. Her eit døme på at ein kommunedirektør er alvorleg feilinformert: «Det kan òg bli aktuelt å kutta i tenester som ikkje er lovpålagde [min kursiv], men som mange har kjært. Som å kutta innan bibliotek og kulturskule».