Underteikna sende i haust inn og fekk antatt ein artikkel i den virtuelle boka «Inspiration för hållbar utveckling inom vuxenutbildningen», utgitt av Nordiska Nätverket för Vuxnas Lärande (NVL). Boka blei lansert i desember, og redaksjonen ser ut til å vere open for fleire artiklar enn dei 39 som inngår når vi skriv januar 2022. Det er sikkert plass for meir om bibliotek!
Artikkelen min heiter «The Library and Sustainability: Passive Consensus and no Debate?» Artiklane har fått ulike taggar, mange har «Ideas», andre t.d. «Philosophy», «Research» eller «Theory». Nokre har to eller fleire. Men teksten min er ein av dei få som berre har fått taggen «Other». Dette er vel greitt nok ei stadfesting av bodskapen min; at FN ikkje har hatt fantasi til å tenkje seg at nokon kunne vere konstruktivt kritisk mot vesentlege sider ved Berekraftplanen deira …
Men dei har gitt artikkelen plassen øvst på samlesida.
«Klette er nå med i en ny gruppe, nedsatt av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir), som er i gang med å utrede hvilke verktøy forskerne trenger for å enklest mulig gjøre sine forskningsdata tilgjengelige og gjenbrukbare. Gruppen ønsker nå innspill og kommentarer fra forskere på deres foreløpige rapport».
Av rapporten ser vi at bibliotekmiljøet er sterkt med, med Maria-Carme Torras, UBB, i styringsgruppa. På side 11, under overskrifta «Presentasjoner og innspillsmøter» kan ein få inntrykk av at biblioteka, ved UHR-Bibliotek, alt har fullført begge delar, men det gjeld vel berre det første? I alle fall er det tillyst eit digitalt innspelsmøte 19. januar, sjå lenka i det førre avsnittet.
På Nrk.no i dag: «En lærer på tåhev»: Ein lærar på ein austkantskole i Oslo skriv at ho «blir beskyldt for skjult rasisme når jeg snakker om lysere tider eller hvite løgner». Og vi hugser saka frå Kunsthøgskolen i Oslo. Dette var utdanningsvesenet, men kva med biblioteket?
Jo, vi hadde debatten rundt «Harry Potter-saka» og LHBT. Og vi har hatt konfliktar rundt SIAN eller ikkje i biblioteklokale. Men i går hadde Svenska Dagbladet (SvD) ei stor sak som viser at ved Stockholms stadsbibliotek har «ytringsangsten» festa seg heilt til topps i leiinga. Etter partipolitisk press. Så kva skjer når biblioteket på denne måten (endeleg!) kan bli sentralt i valkampane?
Saka i SvD er bak betalingsmuren, men finst på Pressreader. Truleg fortel ho så mykje om Noreg om få år, at også bibliotekmiljøet vårt bør lese og følgje med på denne debatten. Som nok også vil kome på Biblist over helga, etter at Jan Szczepanski la ut nokre «highlights» der.
Det er ei lang historie, men veldig kort fortalt handlar det om at ein som arbeider med heimesida til biblioteket ikkje fekk skrive om eit debattmøte der nokre skal ha blitt sterkt krenka. Og om at ord som «hijab, polis och muslim» blei sensurerte vekk i ein tekst om eit leselystprosjekt i ein drabantby. Han oppsummerer at leiinga har kome under politisk press:
Fleire stader kan vi lese om slike som desse, eller som desse. Men bibliotekbloggar Kathleen McCook kjem i dag med éin som dei færraste har høyrt om. I bibliotekarrolla.
Vel, det var som berre frivillig ekstrahjelp han var knytt til skolebiblioteket ved L. C. Humes High School i Memphis, Tennessee, mens han gjekk der. Han blei uteksaminert der i 1953. Kathleen legg også ut foto av lånekortet hans ved folkebiblioteket i heimbyen Tupelo. Nokre klokker som ringjer?
I dag, 8. januar, ville han blitt 87. Men blei berre 42. No, då!?
PS: Kathleen har veldig mykje anna på bloggen. Og viktigare, utan tvil.
Det er utfordringar med å digitalisere. Til og med i det fredelege (relativt) og rike Noreg, med vårt nærmast altomfattande Nettbibliotek, nb.no, gjer reservasjonsrettar og tidsrammer (må vere utgitt før år 2001) at i dag er berre under halvparten (!) av dei skanna bøkene tilgjengelege for alle (sjå PS nedanfor). Og nettinnhaldet som NB haustar frå domenet .no, er for det meste avgrensa til forskingsformål.
Men kva då med Afghanistan? Det nye Talibanstyret har ikkje annonsert store digitaliseringsplanar; tvert imot starta dei etter maktovertakinga fjerning av nettinnhald dei ikkje likte. Men med tanke på historisk dokumentering finst det naudløysingar i dag:
I American Libraries 3. januar fortel Liladhar R. Pendse, bibliotekar ved den austeuropeiske og sentralasiatiske samlinga ved University of California, Berkeley Library, korleis han strarta prosjektet «At-Risk Afghanistan Website Archiving Project» (ARAWA) for å arkivere nettinnhald som var spesielt utsett for å bli tatt ned av Taliban. Det måtte skje fort, så prosjektet varte berre i sju veker. Arkiveringa omfatta nettstader, innlegg i sosiale medium og nyheitsklipp av og om artistar, journalistar, sosiale aktivistar og andre.
Dei gjorde dette på Internet Archive si «Archive it»-teneste, så der ligg det tilgjengeleg i dag, i alt 83 nettstader og over 100 GB. Saman med fleire andre.
PS: Når det gjeld tilgangen til nb.no-innhald per januar 2022: Eit søk i bøkene på nb.no på ordet «og» (det vanlegaste i norske tekstar) gir treff i 574 573 av dei skanna bøkene, men i berre 283 286 bøker med fri tilgang.
For bloggaren er jula skjønnlitterær. Og det er ein vane (uvane?) å google straks eit namngitt bibliotek er omtalt. Denne jula blei det fleire bibliotek fordelte på to romanar, ein svensk og ein norsk. Og med stor spennvidde, frå oldtids- og mellomalderske boksamlingar til sjukehusbiblioteket på ein terminal sengepost. Det blei mykje død og forderving, men:
«Ju mer jag leste om döden desto piggare blev jag»
Carl-Henning Wijkmark fann vi fram til på Storytel, med romanen «Stundande natten», etter å ha lese at han nyleg er komen på norsk: «Inn i natten». Eg-personen, ein pensjonert ikkje altfor vellukka skodespelar, ligg på det siste og funderer og samtalar, klokt og svart-humoristisk, med romkameratar, så lenge dei varer, og med ymse personale. Blant anna med sjukehusbibliotekaren:
Godt nytt år og takk for det gamle. Her nokre forsøk frå 2021 på å restarte det vi meiner er viktige bibliotekfaglege og -politiske debattar, men der det til no berre unntaksvis har kome kommentarar. Altså:
Digital pliktavlevering: Pluss og fleire minus. Det handlar blant anna om lagnaden til fjernlånet når stadig meir berre finst digitalt. Og: Vitskapeleg tilsette på fakultet får automatisk tilgang til det pliktavleverte e-materialet, men kvifor omfatter ikkje dette vitskapeleg tilsette i bibliotek? (jf Lars Egeland i ein kommentar)
Tid for omvend mytekverking. Kva er stoda i norske folkebibliotek når det gjeld debattar? Til skilnad frå bokbad, foredrag og andre arrangement.
Martin Luther King-biblioteket i Washington DC var totalt nedslite då bloggaren var der i 2001. Men ikkje no meir! Sjå WAPO-saka. Utsnitt: diff (CC BY-SA 4.0)
Nyttårs-leiarartikkelen i USA-hovudstaden si viktigaste avis er ei sterk hylling av det moderne folkebiblioteket. Og med uhemma skryt og referansar til og illustrasjonar frå blant anna Deichman i Bjørvika i Oslo: «The golden age of public libraries dawns again».
Det er ikkje så mykje nytt å lese her for dei som har følgt med på møteplass-bølgja og nyare bibliotekbyggeskikk dei siste åra, men desse er trass alt minoritetar, både i USA og her. Det nye og positive er det offensive signalet til US-amerikanske kommunar frå ein av dei tyngste redaksjonane i landet: Dei foreslår at kommunane, for krisepakka frå Biden-regjeringa, «American Rescue Plan», satsar på ein jumpstart for dei lokale biblioteka.
I Noreg er regjeringa seriøst opptatt av kulturlivet etter koronaen, og vi har ingenting å utsetje på krisehjelpa til konsertarrangørar og andre kulturkommersielle som slit, men statsstøtta til biblioteksektoren er berre på det jamne. Kva om alle no deler denne lenka med @jonasgahrstore og @Trettebergstuen? (Vedumen er visst ikkje på twitter…)
Nøklane til Nasjonalbiblioteket?! Frå opninga der i 2005. Vi fall ikkje for freistinga
Som vi nyleg skreiv, skal svenskane no få utvida det juridiske grunnlaget for bibliotekverksemda i form av ei lov som opnar for utvising av personar når det er «risk för vissa ordningsstörningar».
Noko slikt har ingen snakka høgt om her i landet enno. Men det vi derimot har, er ein blodfersk tingrettsdom som må forståast slik at kvaliteten på biblioteket sine kjernetenester er blitt grundig gjennomgått og juridisk klarlagd! Om enn ikkje til biblioteket sin fordel.
Greia er at eit «skytesenter» i hovudstaden, ifølgje Avisa Oslo, er dømt for uforsvarleg handtering av skytevåpen, og i denne samanhengen meiner retten at «oppbevaring og utleie av våpen til sammenligning var dårligere enn systemet som bibliotek har for utleie av bøker».
Retten må ha lese saka vår for to veker sidan om kor lett det er å lure eit bibliotek!
Så dårleg har våpenhandteringa vore at sjappa blei stengd, og eigaren fekk ei bot på heile 600 000 NOK. Men til ankesaka høyrer vi no at forsvaret vil innkalle kulturbyråd Omar Samy Gamal som kronvitne. Han er ein framifrå forsvarar av kor lytefritt bibliotektilbodet i Oslo eigentleg er, og etter vitnemålet hans vil nok bota bli sterkt redusert.
På lista biblioteknorge skriv Helge Høivik ved OsloMet mykje og godt om høgare utdanning og bibliotek, men alltid om «Det Store Biletet». I dag er temaet at «Nå kaster internasjonale kapitalfond (hedge funds) sitt lystne blikk på utdanningsmarkedet, – 30 milliarder/år i Norge alene. På tide at norsk bibliotekvesen tar tak med systematiske oversikter og tilgang til OER-baserte digitale læreverk på norsk. UNIT’s MOOC.NO var et godt tiltak, men har ikke tilstrekkelig driv og er både for lett og tungt «i toppen». Det nasjonale biblioteksystemet med UB-ene som kjerne har verdier, tradisjon og evne til å forene den nødvendige lokale forankringen og den lokale kompetanse med nasjonal tilgang for alle».
PS: Biblioteknorge, e-postlista for bibliotekdebatt, er ope for både fagfolket og alle bibliotekinteresserte, medrekna journalistar og politikarar (som det finst mange prov på at var med). Påmelding her. For spørsmål: thomas@kunnskapsallmenning.no
Løva ved New York Public Library på 5th Ave. Utsnitt: Anthony Quintano (CC BY 2.0)
Fagforbundet Union Library Workers (USA) har ei gladnyheit om dette i dag. Det er ved California State University at arbeidsgjevaren og fagorganisasjonen har forhandla seg fram til blant anna ein bonus på 3500 USD og diverse lønsauke, «as a thank your for their service during the coronavirus pandemic». I tillegg til bibliotekarar gjeld dette «professors, coaches, counselors and other eligible faculty».
Kor i Danmark kan dei oppbevare verdefulle bøker under hundre meter grunnfjell? Og over havnivået om Grønlandsisen smelter? Klikk og kikk
Nrk.no melder i dag at «Danmark vil ikke gi tilbake historiske dokumenter til Norge». Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre seier: «»Blant de mest kjente dokumentet er Sættargjerda, en avtale mellom kirken og staten fra 1277, og Codex Frisianus som inneholder Heimskringla. Vi har ikke slike dokumenter i Norge i det hele tatt, … Jeg skulle ønske at Den Arnamagnæanske Samling så på dette som et samarbeid, i stedet for å lukke døren helt». Myhre forteller at han ikke tar nei for et svar og at han har invitert seg selv til København for å diskutere dette videre».
Éin grunn skal vere at handskriftene er skjøre: «De bør ikke stilles ut i mer enn tre måneder, ellers begynner de å ta skade».
I Biblioteksbladet finn vi: «En person ska kunna nekas tillträde om det finns risk att hon eller han begår brott eller kommer att trakassera personer som befinner sig där. När bedömningen görs ska det tas särskild hänsyn till om personen tidigare har begått brott på platsen. Särskilt för bibliotek gäller också att en person kan nekas tillträde om det finns risk att hon eller han kommer att störa verksamheten ”väsentligt”, eller orsaka betydande skada».
>> 29.12: SVT har intervjua leiaren for DIK-forbundet, som har mykje å innvende, og justisministeren er no på defensiven.
Som fleire stadar i Sverige, har USA liknande utfordringar, men These Times har intervjua ein bibliotekar i Dallas, Texas. Ho seier at folkebiblioteka mange stader er blitt ein siste tilfluktsstad for menneske utan annan tilgang til grunnleggjande ressursar — ein stad å bruke datamaskin, lese og skrive og å kvile. Å møte behova til desse brukarane — som kan vere heimlause, til dømes, eller som slit med narkotikamisbruk — krev ikkje ordenspoliti, men opplæring av bibliotekpersonalet i korleis ein taklar seksuell trakassering og utbrot relaterte til psykisk helse osv.
PS: For ei tid sidan spurde vi om dette problemet er underrapportert her i landet eller om det er så mykje mindre enn i Sverige. Ingen har svart til no.
Leif Longva og Bård Smedsrød ved UiT Norges arktiske universitet hadde i går, 26.12., eit debattinnlegg på Khrono.no med tittelen «Stans gratisarbeidet for grådige tidsskriftsforlag». Dei sett på kor mykje publiseringa burde kosta den norske vitenskapelige sektoren, nemleg ca. 68 millionar kroner per år, mens 482 millionar var det det faktisk kosta (i 2019) (kjelda deira her bør ein merkje seg, nemleg den ferske rapporten «Status for åpen publisering og kartlegging av kostnader» av Nina Karlstrøm, Lars Wenaas og Vidar Røeggen).
Men i tillegg kjem gratisarbeidet med fagfellevurdering, held Longva og Smedsrød fram:
«Tidsskriftene er helt avhengige av dette gratisarbeidet. Og det er kun forskerne som er kompetente til å utføre jobben. Denne gratisjobben må ses på som en del av betalingen til forlagene. Og da har man jo et forhandlingskort! Som forskernes arbeidsgivere bør universitetene kunne true med å stoppe dette gratisarbeidet, f.eks. i neste forhandlingsrunde med et av de aller grådigste forlagene. Og vi lurer også på om Riksrevisjonen har interesse for hvordan UH-sektoren forvalter sin forhandlingsposisjon».