Bannlyste bibliotekbøker i USA og Noreg

I USA arrangerer bibliotekforeininga ALA «Banned Book Week» kvart år på denne tida. Altså ein kampanje der dei gjer omverda klar over sensur og forsøk på sensur av det bibliotek har i samlingane sine. I desse tider kan vi ikkje unngå å bli minna om skilnader mellom USA og Noreg og Norden, for ikkje å seie det meste av Europa, men her er altså endå eit felt med store kontrastar. Men slik har det ikkje alltid vore.

Først USA: I år har ALA i kampanjeveka si oppsummert dei hundre mest «fordømte» bøkene i ti-året som gjekk. Dei tre viktigaste grunnane til fjerning eller forsøk på fjerning var:

  1. the material was considered to be «sexually explicit»
  2. the material contained «offensive language»
  3. the materials was «unsuited to any age group»

Dei fleste titlane er lite kjende her i landet, men blant anna ser vi kjende, aktuelle titlar av Toni Morrison og Khaled Hosseini høgt oppe. Vi finn også Harper Lee. Romanen hennar «Drep ikke en sangfugl» kom i 1960 og blei heilt sentral i kampen mot rasefordomar, noko mange ikkje likte. Men i dag har n-ordet, sjølv om ho legg det i rasistanes munnar, også skapt fordøming frå den motsette kanten. Noko liknande gjeld vel John Steinbecks «Om mus og menn».

Men lat oss sjå nærmare på 26. plassen: «Vidunderlige nye verden» av Aldous Huxley. Denne framtidsromanen har faktisk vore forbode her i landet også! Dette er ei sak med fleire interessante sider:

Les mer «Bannlyste bibliotekbøker i USA og Noreg»

Fredsprisen – og Biblioteksøk

A. Nobel, Slett ikkje heilt nedsnødd

>> Nytt kl. 14.29: Sjå «retting» under saka

I Klassekampen i dag handlar kronikken til Birgit Brock-Utne om Bertha von Suttners banebrytande bok «Ned med våpnene» (1899, på norsk først i 1954). Brock-Utne minnar om at Nobels oppretting av fredsprisen «hadde å gjøre med hans beundring for den østerrikske fredskjemperen og pasifisten Bertha von Suttner (1843–1914). Uten hennes stadige brevveksling med og innflytelse på Nobel hadde det ikke eksistert noen fredspris. Det er en skam at det ikke finnes noen byste eller statue av Bertha von Suttner i Nobelinstituttet i Oslo».

Noko anna som ikkje finst der er von Suttners bok! Biblioteksøk avslører:

«Det Norske Nobelinstitutt: Biblioteket har 0 av 0 ledig» …

Noko som pensar oss over på det andre poenget i overskrifta:

Les mer «Fredsprisen – og Biblioteksøk»

Biblioteka og dei norske ikkje-debattane

Dei siste to-tre dagane vil mange ha sett oppslag om eit internasjonalt opprop av legar og forskarar som, svært kort fortalt, meiner at ny nedstenging no, når svært få blir alvorleg sjuke av korona, gjer vondt mykje verre. Også sentrale norske medisinarar skriv under, blant anna Charlotte Haug, mangeårig sjefredaktør i Tidsskrift for Den norske legeforening, i dag forskar ved Sintef, og blant anna tilknytt Stanford-universitetet. I Morgenbladet 16. oktober blir Haug intervjua av Jon Kåre Time over ei dobbelside.

>> Oppdatering 28.10: I går var dette tema i NRK1, Debatten, og Morgenbladet følgjer opp med interessante og nyanserte intervju med tre andre norske fagfolk.

Poenget til underteikna er ikkje å fremje dette synet (her i bloggen har heile tida biblioteka sitt omsyn til risikogruppene vore sentralt, der restriksjonar har vore avgjerande), men at norsk offentlegheit (politikarar, FHI og presse) ikkje nytter dette høvet til å diskutere den heilt sentrale motseiinga under pandemien som pågår. For eit søk i Atekst viser at med unntak av Morgenbladet og NRK på nett har norsk presse stort sett berre trykka ei NTB-melding på rundt 300 ord.

Som til dømes Nettavisen. Der Espen Nakstad frå NHI med få ord avviser oppropet som uetisk, med bakgrunn i at eldre og andre risikogrupper då må isolerast endå strengare enn i dag. Som sjølvsagt er eit stort problem.

Dette er eit aktuelt døme på debattar som ikkje kjem til overflata i Noreg. Vi har peika på andre ved tidlegare høve. Og hadde eg drive eit bibliotek i dag, ville eg …

Les mer «Biblioteka og dei norske ikkje-debattane»

Utan bibliotek – også (det er fredag)

2. oktober presenterte Khrono.no ein parlamentarikar frå Egypt som hadde kjøpt seg ikkje mindre enn ein æresdoktorgrad frå «Bay Ridge University for Research and Studies i Oslo i Norge». Dette er eit falsk universitet med adresse på Bryn i Oslo. I tillegg har Khrono «lokalisert» ein tilsvarande «institusjon» i Lier i Buske … Viken.

For å få gradar og diplom i slike system kan det faktisk bli levert forskingsmateriale, resirkulert frå eksisterande universitet i til dømes Irak, men lite tyder på at det er bibliotek for å halde orden på dette, verken på «campus» i Lier eller på Bryn.

Nobel-nulling-nonsens

Louise Glücks norske bibliotek-popularitet per 15. oktober 2020. Klikk «Bibliotek som har denne»

>> 15.10. Kl. 13.34: Ser no at sitatet frå K-rådet gjeld ny norsk skjønnlitteratur. Om det ikkje også gjeld omsett, blir spesulasjonane nedanfor feil. Men i så fall er «lyrikkløftet» endå større!

>> 17.10.: Har no fått stadfesta frå fleire at biblioteka fekk denne boka saman med K-fond-innkjøpte titlar, slik vi hevda nedanfor.

Følgjande er å lese i BOK365 i dag, pluss blant anna i Klassekampen: «Louise Glück ble torsdag forrige uke tildelt Nobelprisen i litteratur for sitt forfatterskap. Men hvis du ønsker å låne hennes eneste norske oversettelse på biblioteket, risikerer du å bli skuffetAverno (Oktober) ble nemlig avslått av Kulturrådet for innkjøp i 2017» (vår utheving).

Men det stemmer IKKJE: Biblioteksøk avslører at …

Les mer «Nobel-nulling-nonsens»

Nord-Korea, Aserbajdsjan, Armenia – og norske bibliotek

43 band av Kim Il Sungs bokskatt. Her på engelsk. Dei var like solid innbundne på norsk.

Under nyheitssendingane dei siste dagane fekk vi eit flashback til ein reportasje i Klassekampen i 2016 om bokgåver til bibliotek: «Kampen om hyllene» (du må truleg ha passord her). Frå ingressen: «Norske bibliotek mottar gaver fra alle kanter. Nazistene, Nord-Korea og rike bergensere har vært med på å fylle opp samlingene». Her førekjem også Aserbajdsjan, Armenia, Nagorno-Karabakh og meir til (no kan det bli mange nedlastingar!).

Avisa intervjuar Halvor Kongshavn, overbibliotekar på Universitetsbiblioteket i Oslo. Han fortel blant anna den fantastiske historia om ei stor bokgåve og medhøyrande utstilling frå den aserbajdsjanske ambassaden. Men som under opninga viste seg å …

Les mer «Nord-Korea, Aserbajdsjan, Armenia – og norske bibliotek»

«Pandemi-arkitektur» viktig også for biblioteket

Tidlegare på denne bloggen har vi fleire gongar vore inne på behovet også for fysisk omstilling av biblioteket etter og under koronaen og framtidige pandemiar. Sjå punkt 8 til 10 i denne lista. Og i dag på NRK P2, Studio 2, frå 17.03, hadde dei eit innslag om omstilling av arkitekturen for å tilpasse seg situasjonen. For å gjere blant anna møteplassar tryggare. Trygge for dei svakaste, blir det lagt vekt på, både for barn og eldre og andre.

Den eine som blir intervjua er arkitekt Anette Dietrichson Bruun som hadde ein artikkel om dette i Arkitektnytt alt i april.

PS: Data i artikkelen om kor lenge viruset kan halde seg levande på ulike typar materiale blir mykje debattert i desse dagar. Her på bloggen har vi publisert data frå det US-amerikanske REALM, men no kjem det diverse nytt om blant anna dråpesmitte versus fysisk kontakt på ulikt materiale.

«Ingen slåsskamp på Rennesøy»

23. september blogga vi på grunnlag av eit oppslag i Klassekampen om faren for nedlegging av tidlegare hovudbibliotek i den nye storkommunen Stavanger. 9. oktober i same avis kallar biblioteksjefen i Stavanger, Anne Torill Stensberg, dette for «Skivebom». Ho forsikrar at «Det foregår ingen slåsskamp på Rennesøy. Biblioteket er ikke truet».

Ho argumenterer blant anna med at:

  • «Det styrende flertall i Stavanger har skrevet at bibliotekstrukturen i kommunen skal bestå
  • I avtalen mellom de tre kommunene står det at bibliotekene skal bestå».

Slike vedtak blei sjølvsagt gjorde i alle dei nye storkommunane, men vil dei halde når salderinga skal gjerast i desember? Eller neste desember? Bra at blant anna Norsk Bibliotekforening følgjer med på dette.