DK: Bibliotek-IT «knyttes mere klart til folkebibliotekerne og fagmiljøerne»

Skjermbilde 2020-05-05 17.21.34Her heime har vel bibliotekmiljøet heilt gitt opp å få KS med som pådrivar i kampen om e-bøker og eventuelt anna viktig på bibliotekfeltet. Dette samtidig som at staten aktivt seier frå seg ansvar og viser til kommunane, som no sist rundt stenging og opning av bibliotek under koronakrisa. I Danmark har derimot det kommunale nivået ved KL overtatt kommandoen av Danskernes Digitale Bibliotek (DDB), ein organisasjon for å «understøtte en digital udvikling på biblioteksområdet og skabe sammenhæng mellem det fysiske og det digitale bibliotek». DDB skal erstattast med ein ny organisasjon der «opgaveløsningen knyttes mere klart til folkebibliotekerne og fagmiljøerne». Kulturministeriet har til no vore sidestilt med KL i leiinga av dette, men det er no redusert til ein dialogpartner «på politisk niveau med henblik på at fremtidssikre biblioteksvæsnet».

DDB har stått for, og den nye organisasjonen skal stå for, blant anna dei viktige og etter kvart tradisjonsrike digitale fellestenestene som Litteratursiden, eReolen og Biblioteksvagten, men fleire mykje meir overordna oppgåver.

 

Finsk hybrid-opning av biblioteka

På den mangfaldige bibliotekportalen Biblioteken.fi har dei ein stadig oppdatert artikkel om korona og opning av biblioteka. 5. mai siterer dei ei pressemelding frå statsrådet der det blant anna heiter:

  • Biblioteken tillåts omgående låna ut böcker och annat material.
  • Från och med den 1 juni får följande offentliga lokaler öppna: statliga och kommunala museer, teatrar, Nationaloperan, kulturhus, bibliotek, bokbussar, Riksarkivets kund- och forskarsalar, fritidslokaler och fritidsanläggningar, simhallar och andra idrottsanläggningar, ungdomslokaler, klubbhus, organisationers samlingslokaler, arbetsverksamhet i rehabiliteringssyfte och arbetscentraler.

Og: «Regionförvaltningsverket kommer med noggrannare anvisningar». Om dette betyr ein spesifikk rettleiar for bibliotek, er det interessant for oss, for norske bibliotek vil ikkje få noko slikt.

USA: Høgare farenivå for bibliotek

Skjermbilde 2020-05-05 14.56.25
Eit rolig norsk bibliotek er ikkje det same som eit svensk

Bissnissblekka Forbes skriv om korleis John Hopkins-universitetet (mest kjent i Noreg for korona-verdskartet sitt) i ein rapport endra fare-kategoriseringa for bibliotek frå «low» til «medium to high risk» etter reaksjonar frå bibliotekmiljøet. I ein ny versjon av rapporten vedgår dei blant anna at dei i første utgåva berre hadde sett på smitterisikoen for publikum, ikkje for tilsette.

Forbes har intervjua bibliotekarar som understrekar at biblioteka ikkje lenger er stille, strenge kunnskapstempel, men samfunnshus og møteplassar. Og bibliotektilsette er «de facto social workers,  community organizers and even first responders. They stand next to people to help them on the libraries’ free computers, give out food, and many have even been trained to administer the opioid-antagonist drug Narcan to prevent fatal overdoses».

Dei to siste aktivitetane er vel ikkje vanleg her i landet, men likevel er det kanskje denne myten om det stille, snille biblioteket som har fått Kulturdepartementet, Nasjonalbibliotekt og FHI til å flagge opning av norske bibliotek når som helst.

Dette gjeld i alle fall for forfattarane av det hemmelege notatet frå det danske Statens Serum Institut til partia på Folketinget, der det heiter at biblioteka kan grupperast med «kunsthaller» og «private museer» som noko av det første som kan opne.

Informasjonsbehov om bibliotek og korona?

Skjermbilde 2020-05-05 12.36.54
På biblioteket i Corona i California har dei sjølvsagt drive-in innlevering av bøker

Det førebels siste innlegget på fagforumet biblioteknorge er frå 30. april, og Nasjonalbiblioteket som står for tenesta har per i dag ingenting å melde om bakgrunnen. Dei bør snart gjere det, til dømes på eit anna forum dei har på biblioteutvikling.no.

>> Nytt 5.5. kl 12.24: No er lista oppe igjen. Bra!

Her på bloggen skal vi prøve å halde fram med temaet korona og biblioteka, der det alt er over seksti innlegg. Men om biblioteknorge ikkje blir opna igjen blir det også slutt på innlegga våre fredag morgon med oppsummering av veka som gjekk. Då er det ei løysing å teikne seg for nyheitsbrevet, sjå i kolonna nede til høgre her, der ein får epost kvar gong det er noko nytt. Elles er vi både på twitter og på facebook.

UH-bibliotek etter koronaen?

Skjermbilde 2020-05-04 12.38.49
Ledig lokale ein stad på Romerike

Khrono.no i dag: «Førsteamanuensis i sosiologi ved NTNU, Arve Hjelseth, mener digitaliseringen ikke må bli et mål i seg selv». Og: «Jeg savner kontoret mitt intenst, sier han, og forteller at ting går saktere når han ikke har tilgang til biblioteket sitt».

Men rektor Curt Rice på OsloMet, som har ferskt styrevedtak på å byggje ny, parallell campus ein stad på Romerike, meinar at «koronakrisen utfordrer statens arealnorm, som han mener har vært vanskelig i mange saker i sektoren».

Behovet for kontorlokale kan bli mindre når folk er blitt heimekontoristar, og kva skal dei med eksamenslokale? Og kva med …?

Finland: Gradvis bibliotekopning 14. mai?

bjerk-finsk-test-pa%cc%8a-biblioteket-nr2-mini-print-size
Magnus Bjerk: Finsk test på bibliotekets tålevne #2 (klikk og kikk)

I den svenskspråklege Helsingfors-avisa Hufvudstadsbladet heiter det i dag at styresmaktene har «förberett en preliminär plan för hur biblioteken ska kunna öppna igen». Når regjeringa opphevar koronarestriksjonane. Noko dei truleg vil gjere i dag.

Avisa avslører ikkje mykje frå planen, men dei har i alle fall ein plan, til skilnad frå her i landet. Det kan bli snakk om ein gradvis prosess, der dei ikkje nødvendigvis opnar alle samtidig: «Det kan bli aktuellt med att först tillåta returnering och reservering av böcker, och så småningom bredda utbudet. Jag antar att de evenemang som brukar ordnas i bibliotek kommer sist».

Bibliotekrettleiing med fullt sprik

Skjermbilde 2020-04-30 18.24.36
Må vi ty til svenskane når det gjeld rettleiing?

Onsdag var det uvanleg sterke reaksjonar på fagforumet biblioteknorge etter at Nasjonalbiblioteket og Kulturdepartementet hadde annonsert at dei ikkje vil kome med noka rettleiing for opning av biblioteka, til skilnad frå andre fag og bransjar. Dei generelle smittevernreglane skal vere nok (Bibliotekar- forbundet fekk eit liknande svar). Då viste vi her på bloggen til at blant anna i Danmark hadde bibliotekforeiningane kome med ganske detaljerte forslag i eit brev til kulturminsteren.

Men no har foreiningane fått svar frå Sundhedsstyrelsen (SST). Dette oppsummer Danmarks Biblioteksforening (DB) slik «at der ikke kan gives branche-/sektorspecifikke retningslinjer for nuværende, kun at SST er bekendt med, at bøger skal være karantæne i 72 timer». Men fagforbundet Kultur og Information har ei anna tolking, nemleg at … Les mer «Bibliotekrettleiing med fullt sprik»

Kan kjenslene for biblioteket gå konkurs?

Skjermbilde 2020-04-30 13.10.14
Framandordbok moden for kassering (klikk og kikk)

Éin ting er det praktiske og det politiske ved å opne biblioteka igjen. Ein annan er det mentale, brukaranes haldningar og kjensler etter tre-fire månaders stenging. I Morgenbladet 24. april under tittelen «Finst det ein normal menneska kan venda tilbake til?» skreiv Gudmund Skjeldal blant anna: Les mer «Kan kjenslene for biblioteket gå konkurs?»

«Take-away» må bli permanent

Skjermbilde 2020-04-29 13.15.03Når biblioteka opnar igjen (det skjer no enkelte stader i landet) vil det vere med ganske omfattande smittevern-tiltak, men likevel kan ikkje den nye «bibliotek-normalen» bli på langt nær som før koronaen. Blant anna fordi kvar femte innbyggjar må vere endå meir forsiktig enn i mars og april.

På fagforumet biblioteknorge i dag er det høg temperatur på debatten om opning av folkebiblioteka etter den verste smitteperioden. Bibliotekarar har venta på ei skikkeleg rettleiing slik andre sektorar har fått, men Nasjonalbiblioteket og Kulturdepartmenetet signaliserer 27. april praktisk talt «faren over», så lenge ein held seg til generelle førebyggjande tiltak mot smitte.

Men nokre bibliotek har utarbeidd sine eigne planar i samarbeid med kommuneleiinga og kommunelegen, og desse er spesifikke på situasjonen i bibliotek og nokre ganske detaljerte. Blant anna har Modum/Midt-Buskerud bibliotek eit godt utgangspunkt …

Les mer ««Take-away» må bli permanent»

Biblioteka treng alliansar framover

Skjermbilde 2020-04-27 18.37.55
Klikk og sjå heilsidesannonsa frå Deichmans venner i 1990. Etter allianse med bl.a. Fritt Ord

Mange bibliotek har veneforeiningar. Dette er ofte greie nok foreiningar i «fredstid», som typisk står for eit ope arrangement eller to i løpet av året, er med på loppemarknaden og har ei Facebookside med ofte god deltaking.

Men når den lokaløkonomiske post-korona-realitetane slår inn over oss alt til hausten, men kanskje særleg neste år, når regjeringa vil trappe ned på fondsbruken, er det ikkje nok. Då må alliansar byggjast med personar og grupper som i korona-prosessen har fått auga opp for kor sårbar kunnskapen kan vere framover. Og som ser samanhengen mellom fri tilgang til kunnskap og eit reelt demokrati. Sitat frå «Sju forslag for den nære framtida»

Kva slags demokrati?

Prinsippa om offentleg innsyn, open informasjon og debatt er nært knytte til heile ideen om biblioteket. No har vi ein diskusjon om appen Smittestopp som skal overvåke oss, men til fellesskapens beste, heiter det. Og på Nrk.no i dag handlar det om at dei har fått tilgang til dei hemmelege rapportane om konsekvensane av koronaen, men det meste er sladda «av hensyn til rikets sikkerhet».

Bibliotekarar og bibliotekorganisasjonar må framover alliere seg med andre krefter som som «i korona-prosessen har fått auga opp for kor sårbar kunnskapen kan vere framover. Og som ser samanhengen mellom fri tilgang til kunnskap og eit reelt demokrati» (frå «Sju forslag for den nære framtida»).

Enklare og betre støtte til palestinske bibliotek

Skjermbilde 2020-04-25 12.48.04BiS, Bibliotek i samhälle, har blogga om Matloub, ein ny metode for å donere bøker til palestinske bibliotek, der ein kan gjere det individuelt og når som helst. Og resultatet blir meir presist:

«Önskemål på böcker har samlats in från ett antal palestinska bibliotek. Efter att du har köpt en bok och betalat för frakten, ser Matloub till att boken kommer fram till det bibliotek som har önskat den. Att fraktkostnaden ibland överstiger priset på själva boken speglar i vilken mån palestinska bibliotek verkar i ett samhälle där friheten är kringskuren och kontrollen är omfattande».

Korona-tragedie i Stockholm

Skjermbilde 2020-04-24 12.48.19Biblioteksbladet har i dag to saker om verkeleg alvorlege korona-hendingar i den svenske hovudstaden. I påska døydde ein tilsett på eit bibliotek der «flera larm kommit om stor smittorisk för personalen. Sedan slutet av mars har ett tjugotal incidentrapporter gjorts till kommunen av medarbetare och skyddsombud».

Og etter at verneombodet stansa all verksemd 27. mars, gjekk Arbetsmiljöverket til aksjon og vurderer no å gje biblioteket ei bot på 100 000 kroner. Ein representant for Arbetsmiljöverket «fick rapporter från flera skyddsombud att begärda åtgärder inte genomfördes och att besökare inte höll avstånd. Det förekom trängsel, städningen fungerade inte som den skulle och skyddsutrustning saknades».