Kunnskapsbibliotekarar (jau, det bør ein kunne kalle seg) har mange verktøy i dag. Eit av dei er gode nyheitsbrev, til dømes dette upopulære frå Cappelen Damm.
Forfatter: Anders Ericson
Frå Le Pen til Sverigedemokraterna
Ifølgje SVT har no ein lokalpolitikar i den svenske kommunen Täby, ein såkalla «sverigedemokrat» (SD), forsøkt å stoppe eit forfattararrangement der hbtq var eit tema, med argumentet at «evenemanget betonar normkritik och att Täby kommun inte bör upplåta lokaler och använda skattepengar till sådana evenemang.»
Han får motstand frå andre politikarar og sjølvsagt biblioteksjefen. Men SD er snart landets største. Kor skal det ende?
Nytt 9.11. >> Fråsegn med støtte til biblioteket frå leiinga ved Stockholms konstnärliga högskola, der forfattaren er student.
Kanskje som i ein annan kommune, Sölvesborg, der SD faktisk har makta. Der har ein liknande kontrovers ført til at …
Sagt om biblioteket
«Katter og bikkjer forsvinner som bibliotekfilaler under en borgerlig regjering». Knut Nærum, Busemannen, 2013.
Og sagt om Busemannen av Knut Nærum: «Ja ja… Den er jo litt humremorsom til tider. Og den avslører jo hvor formularistisk og forutsigbar selv den «beste» krimen kan være. Likevel er det vanskelig å parodiere med overdrivelser en bokserie som allerede er så overdrevet. Det er vel det som har gjort denne boken til et såpass vanskelig prosjekt.» Ronny Kjelsberg på Bokelskere.no.
Fleire innlegg med taggen Sagt om biblioteket.
Privatiserte petimetersanningar
I dag trykker Klassekampen første del av eit kraftig oppgjer med tenesta Faktisk.no, skrive av juristen Jesús Alcalá, tidlegare styreleiar av Amnesty International Sverige og tidlegare representant for Den internasjonale juristkommisjonen i Sverige. Faktisk.no er eit AS med store mediehus og NRK som aksjeeigarar og som blei oppretta, først i løynd, men offisielt lansert i juni 2017. Ikkje fleire detaljar no, for folk her på bloggen kjenner sikkert til tenesta, og mange har kanskje brukt henne i jobbsamanheng.
Men Alcalá meiner «jakten på petimetersannhet forvrenger perspektivene og fornuften. Faktisk er så besatt av sitt eget kall at … Les mer «Privatiserte petimetersanningar»
Nettressursane og bibliotekkatalogen
Den utrøyttelege Open Access-pådrivaren Jan Szczepanski, pensjonert bibliotekar frå Göteborgs universitet, har lese ein ny artikkel på LIS Scholarship Archive: OA in the Open: Community Needs and Perspectives. Forfattarane har samla fagfolk med ulik bakgrunn for å drøfte utfordringane for å få OA-material meir tilgjengeleg gjennom biblioteka. Og eit første vilkår for å kome vidare er blant anna «to consider OA content as core to collection development — on a par with, if not perhaps superior to, paywalled content.» Der er vi ikkje enno. Og i tillegg sit institusjonane på kvar si tuve og kavar med dette.
Så Szczepanski blæs ut på bibliotekforumet Biblist: «Hur länge ska vi vänta? Det har nu gått tjugo år sedan vi fick internet. När ska vi börja förvärva. Är det inte det som tillhör våra grunduppgifter som bibliotek? Varför lämnas OA-resurserna utanför? Vad kan och bör vi göra för att skapa grundförutsättningarna för att tillsammans förvärva fritt tillgängliga resurser? Eller ska vi överlämna även detta till kommersiella aktörer som redan idag styr stora delar av förvärvet till våra U/H-bibliotek.»
Uro i biblioteket: Underrapportering eller?
Svenske media er fulle av oppslag om forstyrringar, bråk og uro på biblioteka, og no eit lovforslag om rett til utvising frå offentlege lokale. Og «trygghetsrenovering» er blitt eit heitt tema i fagmiljøet, som betyr «bland annat lägre bokhyllor, harmoniska väggfärger – men färre böcker».
Mens vi her i landet sjeldan høyrer om slikt (vi har jo ikkje eingong trengt ein blogg-tagg for dette – før no: «Ordensproblem»). Kva er realitetane her i landet? Det er ofte ein samanheng mellom slike problem og arbeidsløyse og fattigdom, og vi har jo olja, men skilnadene er vel ikkje så store? Men truleg er svenske byar meir ghettofiserte enn norske. I alle fall Stockholm samanlikna med Oslo (jau, det er muleg). Eller er det av ein eller annan grunn underrapportering av sånt her i landet? Eller: Innbyr ikkje norske bibliotek i utgangspunktet til så stort mangfald som dei svenske?
Skriv gjerne i kommentarfeltet.
I garnet og til havresekken

Sjølv om debattane om Plan S og Open Access har stilna samanlikna med i vinter, har ikkje Khrono sloppe temaet. I går publiserte dei ei sak av Simen Ådnøy Ellingsen ved NTNU som blir oppsummert slik: «Plan S gjør rett i å redusere innflytelsen til grådige kommersielle abonnementsforlag som Elsevier, men går rett i garnet til kommersielle og like grådige OA-forlag.» Og vidare: « … mange OA-forleggere er private foretak som til syvende og sist skal tjene penger for sine eiere, og bukken er blitt satt til å passe havresekken, betalt av offentlige forskningsmidler.»
Ein vinn-vinn-vinn-situasjon

I Nederland har dei også årlege nasjonale bokdagar, og ifølgje britiske Independent var årets stunt at du fekk reise gratis på toget denne dagen om du kunne vise konduktøren den gratis bokdag-boka du får i gåve om du kjøper ei bok i bokhandel eller får deg lånekort på eit bibliotek.
Endå ein vinst blir det, for miljøet, om det fører til at fleire tar toget.
They’re Coming to Take Me Away, Ha-Haaaa … ?
Tirsdagskaffeseminaret 29. oktober på Senter for rettsinformatikk handlar ikkje om bibliotekarar, men … om chatboten Justina, som «jobber hos DNB-advokatene og svarer på juridiske spørsmål DNB-ansatte har knyttet til personmarkedet«. Kva no det betyr? «Justina dekker for eksempel spørsmål om konto, lån, dødsbo, verger og fullmakt». Okei? «Selv om Justina fortsatt er et eksperiment, er hun snart ett år og har besvart tusenvis av spørsmål.»
På bloggen har vi p.t. ni innlegg vi har tagga med «kunstig intelligens».
Trygg digital oppvekst?
Dei to K-departementa skal saman skrive kulturmelding om og for barn og unge, og «Eit viktig tema i meldinga blir korleis vi best mogleg kan sikre gode og trygge rammer for barn og unge på den digitale arenaen». Medietilsynet skal bidra til meldinga og innbyr til ope innspelmøte 30. oktober på Litteraturhuset i «Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fått merker av den».
Dei nemner ikkje biblioteka i innbydinga, men dette handlar vel om å melde seg på og varsle at ein vil sleppe til med innspel.
Reprisetimen (3)
For to år sidan var bloggaren i Chicago på den US-amerikanske bibliotekforeninga sin årskongress, og heldt blant anna dette foredraget. Men noko av det viktigaste var intervjuet med Michael Gorman med tittelen «Bibliotekets varige verdier.» I ingressen heiter det at han «er mest kjent som «faderen» til AACR2, de internasjonale katalogiseringsreglene gjennom de siste par generasjonene. Men fokuset i hans nyeste bok, Our Enduring Values Revisited (2015), er på bibliotekpolitikk og -etikk og er en vass polemikk mot nye, fancy trender på bibliotekfeltet.»
Gje meg to Vålerenga og ein Holmenkollen!
I fleire byar i Finland, ifølgje Yle, låner biblioteka ut sesongkort til idrettsarrangement. Sjefen for eit basketlag seier at «prisnivån på hobbyer har stigit så mycket att alla inte har råd.»
Du får ikkje låne for heile sesongen, men typisk ein gong per lånar per sesong. Supportarcaps og -skjerf burde vel også følgje med?
E-lydboka i draumen og i røynda
Ørjan Persen snakka tysdag om e-lydboka på Bibliotekarforbundet sin konferanse om emnet. Ei viktig oppsummering av stoda per oktober 2019. Han set krisa for mediet i relieff med reknestykke på prisen per utlån eller lytting samanlikna med lydbok på CD. Og han kritiserer forslaget til løysing frå Nasjonalbiblioteket.
Kommentarfeltet nedanfor er for debatt og spørsmål!
Murica t’day

Dette merkelige USA, med ein president som lyg for open mikrofon fleire gongar i veka, mens eit arrangement 16. oktober på eit universitetsbibliotek i Greenwich Village, NYC, blir introdusert med desse orda:
«Libraries have long played a crucial role in cultivating the intellectual life of communities. They serve as a refuge for revolutionary ideas and all forms of creative expression. They document the evolution of society and culture to help us better understand the world around us. And they spark our creativity, enabling us to imagine better futures.» (H. Austin Booth, Dean of NYU’s Division of Libraries).
Dette kan vere ein tekst i festtale-sjangeren, men når festtalarane begynner å snakke om revolusjonære idear, er det kan hende noko på gang?
«Kvantesprang» for Plan S
Pressemelding fredag frå Kunnskapsdepartementet, men som berre universitets- og forskingsavisene har fått med seg til no:
«Norge har nå undertegnet avtaler med de fire største forskningsforlagene.Det betyr at norske forskningsresultater kan publiseres åpent i over 7 400 tidsskrifter. Det utgjør om lag 40 prosent av tidsskriftene som norske forskere rangerer som de beste.»
Forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø seier: «Det har ikke vært enkelt, men nå har vi landet avtaler som få trodde var mulig da forhandlingene startet. Vi har ikke vunnet kampen om åpen publisering ennå, men vi har fått den drivkraften vi trenger for å på plass lignende avtaler med alle forlag i løpet av neste år.»