Nettstaden Gizmodo har ei sak om kva som ville skje om Internettet over heile verda berre brått slutta å virke. Dei har spurt eit knippe ekspertar (!) på dette emnet og fått … svar. På plussida noterer vi at vi ikkje treng å dra på jobben, for der vil ingenting virke, og at kloakksystema vil virke, i alle fall ei stund, for der er det tyngdekrafta som gjeld. Dei fleste er einige i at bankane vil bli historie før du får sagt ordet kollaps, mens fiskarane kan få tatt ein siste tur til fiskebankane så lenge dei har drivstoff på tanken. Nord-Korea vil truleg klare seg best. Men det vil vi aldri få vite noko om, ikkje no heller. I alle fall ikkje no.
Men alle er faktisk ikkje like pessimistiske på mellomlang og lang sikt. Ein professor, som her blir presentert som oppfinnaren av pakkesvitsjinga, ein føresetnad for Internett (men som dei «eigentlege» oppfinnarane, dreg i tvil), seier slikt som at «People would start thinking again. Libraries would thrive.»
Interessant nok vil vel meiropne bibliotektilbod … Les mer «Om Nettet tok kvelden»
På postlista biblioteknorge spurde vi 6. august omlag dette:
Jæ bara lurær, som vi seier i Østfold: Bloggaren har no ganske bra greip om å snakkeskrive, altså å bruke innlesing som blir til skrift, som så blir justert på eit tastatur. Men kva då med jobbing på eit bibliotek? Den stille lesesalen er jo tilpassa og utstyrt for studium og anna grundig jobbing, men bør vel framleis vere ganske stille. Kva med andre areal? Og kva den dagen «alle» jobbar på denne måten?
Dette seier 



