Så er vi kome til haustens mest sjølvoppfyllande eventyr, Difi si Innbyggarundersøking. Og her er biblioteket, igjen, den mest populære offentlege tenesta, saman med brannvesenet. Og like sjølvsagt plan- og bygningskontoret, NAV og barnevernet på botnen.
Vi siterte Anders Kirkhus ved SINTEF sin kritikk av dette tidlegare i år og tilbyr her ein reprise på dette, som vi utan å ta kjeften for full kan kalle falske fakta frå statsapparatet.
I alle fall når, som Kommunal Rapport i dag, igjen slår det opp ganske ukritisk og den øvrige pressa i dagane som kjem vil gjere det same (men KR siterer faktisk Difi på følgjande (ikkje på ope Nett): «- Det knytter seg derfor en viss usikkerhet til skårene, … Svarene som omhandler omsorgsfeltet knytter det seg også en viss usikkerhet til. Mange av dem som har svart har latt være å gi sine vurderinger av de ulike tjenestene eller svarer «vet ikke»).
I reknearket med detaljar frå spørjeundersøkinga er det på ny litt meir fornuftig kunnskap å hente, om ein då ser bort frå den store veit-ikkje-prosenten, sjå ovanfor. Blant anna har talet på svararar som har «personlig erfaring» fra bruk av biblioteket … Les mer «Gjesp»



I ein periode med mykje anna å gjere enn blogging, har serien «Hugs tidsskrifta» blitt skadelidande. Men skjerpings er på gang, og i dag har vi, via Idunn.no, fått 
Sidan i går har bloggen passert 800 følgjarar og er faktisk på veg mot dei 900. Gratulere, seier også bloggaren.


Om Klassekampen og skribent Jesús Alcalá sin kritikk av Faktisk.no har vi to gongar,
Den danske bloggen Biblioteksdebat hadde tysdag overskrifta