31. mai: Svensk/finsk/norsk workshop med den nye, sosialistiske ALA-presidenten

Dette blir EMILY DRABINSKI sitt første møte med bibliotekarar og miljøaktivistar i Europa. Ho tiltrer først neste år, men det har alt vekt mykje oppsikt at ein erklært sosialist, og lesbisk, er vald til leiar av ein av verdas største bibliotekforeiningar.

Temaet for møtet er bibliotek og berekraft, under tittelen «BIBLIOTEKET – EN LJUSPUNKT?», og det skjer delvis globalt på Zoom og delvis fysisk i Stockholm. Arrangørar er Bis (Bibliotek i samhälle), Världsbiblioteket og herverande blogg, Biblioteket tar saka.com.

Men møtet inngår samtidig i Peoples Forum, den kritiske «skuggekonferansen» til Stockholm+50, der FN markerer …

… dei halvt hundre åra sidan den første globale miljøkonferansen i 1972 og vil feire «50 years of global environmental action».

I Zoom-delen er dei to andre innleiarane den sørafrikanske internasjonale internettaktivisten ANRIETTE ESTERHUYSEN og bibliotekprofessor KATHLEEN DE LA PENA MCCOOK frå Florida. I det påfølgjande fysiske møtet (på nordiske språk) deltar blant anna LARS ILSHAMMAR, assisterande svensk nasjonalbibliotekar. Sjå heile programmet.

One Trackback to “31. mai: Svensk/finsk/norsk workshop med den nye, sosialistiske ALA-presidenten”

Leave a Reply