Mens sjøormane i Loch Ness og Seljordsvatn er blitt ganske utvatna etter fleire resultatlause ekspedisjonar og sonarsøk, rår det no ingen tvil om bokormen i Nordre Boksjø i grenseområda mellom Halden, Aremark og svenske Dalsland. Kjelda er boka «Kortreiste topper i høyreist skog», som andre veka i juni kjem til ein bokhandel nær deg. I alle fall om du bur i «Østfold». Kan likevel tingast via denne nettstaden (ein viss bloggar har ein finger med i spelet her).
Kategori: Andre greier
Giving Tuesday
Kjapt innpå frå Brewster Kahle og Internet Archive (som vi blant anna skreiv om i mars, då om e-bok-eksperimentet deira):
«We need your help to ensure that anyone curious enough to seek knowledge will be able to find it here, for free. We’re an independent, non-profit website that the entire world depends on. We are powered by gifts averaging $45.00. If everyone who uses the Internet Archive donates just $5, we can keep offering these services for free and ad-free. That’s right, for the price of a paperback, you can sustain a library the whole world trusts».
Gratulere med 1. mai!
Denne nettutstillinga på heimesida til biblioteket i Toronto blei oppretta i fjor til det dei i Nord-Amerika kallar Labor Day, som er første måndag i september. Men vi synst han passa i dag.
Blant anna også Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek feirar dagen.
Få koronanytt når det er nytt
No April Fool’s Joke
On April 1, 2020, the Norwegian Library Association (NLA) announced that the undersigned is awarded the Association’s bi-annual prize for this blog and as a journalist and editor for the NLA for almost ten years. The award ceremony was to take place during the bi-annual Library Conference in Haugesund on March 19, but as everyone knows… I got it virtually, though.
God påske

Dessverre kan ikkje biblioteket i nye Øygarden gjere slikt i år, men reprise av eit to år gammalt foto frå dåverande Fjell bibliotek kan vel ikkje skade.
Korona er populært
I mars månad sette bloggen «personleg rekord» med 5539 nedlastingar, 461 fleire enn den gamle rekorden.
Ikkje aprilspøk!
I dag, 1. april 2020, blei det annonsert at bloggaren har fått Norsk Bibliotekforenings pris. Tildelinga skulle funne stad under festmiddagen under Bibliotekmøtet i Haugesund 19. mars, men som alle veit … I talen ho skulle ha halde, dreg leiar Mariann Schjeide, som eg var i lag med i NBF-samanheng lenge før ho blei leiar, fram både journalistgjerninga mi i foreininga, blogginga og innsatsen min på NBF-juleborda (!).
Eg svarte i dag med ein takketale, men som det kanskje kan vere like greit at eg ikkje fekk høve til å halde under festmiddagen … Men stor takk, altså. Det er ikkje så verst å høyre til denne gjengen 🙂
«Følg Blogg via Epost»
Dette tilbodet finn du nede til høgre her. Saman med p.t. 816 andre kan du enkelt få e-post kvar gong det kjem ein ny bloggpost. Fredag morgon kjem vekas oppsummering på forumet biblioteknorge.
Turboka du aldri har drøymt om!
Det kjem til å bli blogging for halv maskin ei tid framover på grunn av innspurten med boka «Kortreiste topper i høyreist skog». Om kommunetoppane i eit fylke slukt av Viken, men som framleis lever! Ei bok inspirert av Roger Pihls «Guide til det danske høyfjellet». Du kan laste ned eit av kapitla frå nettstaden. I ein Spleis kan du kjøpe boka på førehand og bli med på ei folkefinansiering.
Kjem dessverre ikkje som e-bok …
Del gjerne 🙂
Digital oppmuntring

I desse tidene då vi må ty til elektronisk kunskap og kultur, kan tweets frå Oslo Poesikammer vere noko å lese og dele.
Og med det same, i desse fake news-tidene vil vi minne om ein av tidenes beste medie- og politikar-ironiske sketsjar, ein «oomkullrunkelig klassiker» (!), som no også inngår i ein omfattande podcastserie frå SVR.
Takk til Skei Grande
Ho går altså no ut av både Venstre-leiinga og regjeringa. Bloggaren opplevde Trine S.G. første gongen på eit ope møte om eit eller anna bibliotekpolitisk tema i foredragsalen på Deichman for truleg meir enn tjue år sidan. I lilla husflidantrekk framstod ho som ein ekstremt offensiv bibliotekforsvarar. Etter kvart blei ho ein heilt vanleg borgarleg politikar, med taktiske haldningar til bibliotek og med repetitive referansar til barndomens bibliotek i Overhalla. Men ho har trass alt inspirert oss til i alt trettito blogginnlegg, på godt og vondt. Og i det siste vi skreiv om henne forsvarte vi henne mot kunnskapslause journalistar og fleipande partifeller.
Corona i biblioteket? Ikkje prøv innpoding av bøker i marsvin

>> Dette blei skrive 6. mars då vi enno kunne lese at «Korona-hilsing kan være kult, men ikke nødvendig ifølge ekspertene» (TV2).
Over hundre norskingar er no i karantene på grunn av virussmitte. Statistisk sett er omlag halvparten av dei bibliotekbrukarar med truleg auka lese- og lånebehov i denne nye situasjonen. Dei får ikkje gå på biblioteket, men dei har kanskje vener som kan hjelpe dei. Men kva gjer biblioteket med returnerte bøker frå isolerte og karantenerte lånarar? Det store spørsmålet er: Kor lenge smittar viruset på ei bok?
Først litt historikk: For hundre år sidan hadde vi både tuberkulose i stort monn og spanskesjuken, ein influensa som tok millionar liv, av desse femten tusen her i landet. Sidan kunnskapen var mykje dårlegare enn i dag, var det ikkje rart bibliotekarar blei urolege for smitte både i lokala og gjennom bøkene. Wenche Blomberg skreiv ein svarthumoristisk artikkel om dette i Bok og bibliotek nr. 6, 1991. Epidemien blei ein opptur …
Les mer «Corona i biblioteket? Ikkje prøv innpoding av bøker i marsvin»803
Det går opp og ned for bloggarar, har vi skjønt. På den herverande bloggen har vi svært lite å melde om inntektene, for dei er lik null og vil verken gå opp eller ned, men i går, fredag 28. februar, sette vi i alle fall dagsrekord for nedlastinger: 803.
Skei Grandes «ISBN-flause» for tredje gong

Her på bloggen har Trine Skei Grande fått gjennomgå for mykje, og det meste har vore vel fortent, men her og no skal ho berre få ein streng peikefinger om å hugse å be om sitatsjekk og gjennomlesing av alle intervju.
Den tidlegare kultur- og no kunnskaps- og integreringsministeren må ha gløymt å be om dette då både Vårt Land og Dagbladet i kvart sitt intervju for to år sidan gav inntrykk av at ho ordnar boksamlinga si etter ISBN-nummer, «for å ha oversikt». Bibliotekarar og andre bokfolk ser då føre seg bøkene oppstilte etter desse ganske uinteressante nummera, i praksis blir det etter nasjonalitet og forlag. Og gjenfinning etter ISBN-nummer er for folk med Magnus-Carlsen-minne.
Men først i dag, i eit større heime-hos-intervju på Nrk.no, får vi forklaringa på samanhengen mellom ISBN og å halde oversikt over samlinga:
Les mer «Skei Grandes «ISBN-flause» for tredje gong»