Corona i biblioteket? Ikkje prøv innpoding av bøker i marsvin

I Moss har kommunen utplassert Coronaviruset på ein leikeplass i sentrum

>> Dette blei skrive 6. mars då vi enno kunne lese at «Korona-hilsing kan være kult, men ikke nødvendig ifølge ekspertene» (TV2).

Over hundre norskingar er no i karantene på grunn av virussmitte. Statistisk sett er omlag halvparten av dei bibliotekbrukarar med truleg auka lese- og lånebehov i denne nye situasjonen. Dei får ikkje gå på biblioteket, men dei har kanskje vener som kan hjelpe dei. Men kva gjer biblioteket med returnerte bøker frå isolerte og karantenerte lånarar? Det store spørsmålet er: Kor lenge smittar viruset på ei bok?

Først litt historikk: For hundre år sidan hadde vi både tuberkulose i stort monn og spanskesjuken, ein influensa som tok millionar liv, av desse femten tusen her i landet. Sidan kunnskapen var mykje dårlegare enn i dag, var det ikkje rart bibliotekarar blei urolege for smitte både i lokala og gjennom bøkene. Wenche Blomberg skreiv ein svarthumoristisk artikkel om dette i Bok og bibliotek nr. 6, 1991. Epidemien blei ein opptur …

for produsentar av dyrt desinfiseringsutstyr som viste seg å ikkje vere naudsynt og for kreative kjerringrådgjevarar og smittevernforskarar av ymse kvalitetar. Dei gjorde blant anna forsøk på å pode inn infiserte bøker, truleg små bitar av dei, i marsvin, for å sjå kva dei tolte. Dei tolte det ikkje. Men bibliotekarane blei heller ikkje klokare av det.

Gradvis stilna ramaskrikinga. Ein erfarte at virus held seg smittefarleg mykje lenger på harde, blanke overflatar enn porøse, som papir og tekstilar. Slik heiter det også i dag i ein artikkel om Corona-viruset frå doktorskolen på Harvard.

PS: Fekk no ei innvending om at bokpermane og -ryggane er av ganske hardt og glatt materiale. Og at vi no har fått e-boka, som er optimalt virus-uvenleg. Corona-epidemien kan bli det verkelege gjennomslaget for e-boka i folkebiblioteka, om berre Raja & co. tar tak og gjennomdigitaliserer innkjøpsordningane.

2 Trackbacks to “Corona i biblioteket? Ikkje prøv innpoding av bøker i marsvin”

Leave a Reply