Skei Grandes «ISBN-flause» for tredje gong

Her på bloggen har Trine Skei Grande fått gjennomgå for mykje, og det meste har vore vel fortent, men her og no skal ho berre få ein streng peikefinger om å hugse å be om sitatsjekk og gjennomlesing av alle intervju.

Den tidlegare kultur- og no kunnskaps- og integreringsministeren må ha gløymt å be om dette då både Vårt Land og Dagbladet i kvart sitt intervju for to år sidan gav inntrykk av at ho ordnar boksamlinga si etter ISBN-nummer, «for å ha oversikt». Bibliotekarar og andre bokfolk ser då føre seg bøkene oppstilte etter desse ganske uinteressante nummera, i praksis blir det etter nasjonalitet og forlag. Og gjenfinning etter ISBN-nummer er for folk med Magnus-Carlsen-minne.

Men først i dag, i eit større heime-hos-intervju på Nrk.no, får vi forklaringa på samanhengen mellom ISBN og å halde oversikt over samlinga:

Ho bruker ein app der ho skannar ISBN-strekkodane og får på denne måten generert ein ganske avansert bibliotekkatalog på eige datautstyr. Men: På Nrk.no går det ikkje fram at oppstillinga av bøkene er alfabetisk. Og også Nrk-intervjuaren, ein erfaren kulturjournalist og cand.philol. i litteraturvitskap, gjer eit komisk poeng av «organiseringa» til Trine Skei Grande etter ISBN:

«Som litteraturjournalist gjennom 20 år kjenner jeg mange med store bokhyller, og jeg har sett mange systemer. Men jeg har altså aldri hørt om privatpersoner som organiserer bøkene etter ISBN-nummer».

Og vidare: «Det systemet [ISBN, vår merkn.] er et nyttig verktøy hvis du driver nasjonalbibliotek eller bokhandel, men er normalt revnende likegyldig for privatpersoner».

Men det er feil. Med den ISBN-genererte katalogen som du har med deg på mobilen, kan du, når du står i biblioteket eller bokhandelen eller hos ein leselysten ven, med eit par klikk sjekke om du har boka. Og du kan sjekke om ei bok som du veit du hadde, men som du ikkje har sett på lenge, er ein av dei mange som som du har måtta stappe bak i bokhylla, bak bøkene du har gitt privilegiet å ha ryggane vende ut mot deg.

For i slike katalogar ligg dei fleste data du vanlegvis treng for å identifisere ei bok. Pluss ISBN.

PS: Igjen går det fram at det er ein nær samarbeidspartnar som er kjelda til det komiske innslaget. I Vårt Land var det Venstre-nestleiar Terje Breivik. No på Nrk på nett får vi vite at det var statssekretæren hennar i Kulturdepartementet som tipsa journalisten om at det var «Ganske sykt». Det var Frida Blomgren.

Vi hugsar Breivik som ein støtte for Skei Grande då det storma rundt henne etter valet, om enn ikkje på alle punkt. Og Blomgren var også personleg rådgjevar for Skei Grande under valkampen. Så ISBN-tipsa deira var truleg ikkje vondt meinte.

3 Trackbacks to “Skei Grandes «ISBN-flause» for tredje gong”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: