Å møte seg sjølv i bibliotekdøra

Skjermbilde 2019-03-20 17.58.37
Ikkje heilt relevant, men den beste dør-scena i filmsoga. Klikk og kikk

Salige Andrew Carnegie gjekk ut av soga for hundre år og fem dagar sidan. Innan då fekk han finansiert og bygd 1689 folkebibliotek i USA og 820 rundt i det dåverande britiske imperiet. Men denne søkkrikingen var ein menneskeven med store atterhald og var blant anna sterk motstandar av fagorganisering.

Slik er det framleis mange stader i USA, men Things they are a’changing, mate! For her om dagen vedtok bibliotekarane i Carnegie sin heimby, Pittsburgh, å organisere seg!

Arendalsveka: – Nei, nei og nei

Skjermbilde 2019-08-11 11.17.31
Men Arendal har eit godt og spennande bibliotek

Hovudoppslaget på kultursidene i Klassekampen laurdag: Lite kulturkamp i Arendal. Og blant undertitlane: «Bare 21 av 1200 arrangementer i Arendal er kulturdebatter … Kulturminister Trine Skei Grande ­stiller til Fortnite-duell. Ellers er det lite som står på spill for kulturfolk under Arendalsuka».

Ketil Raknes blir intervjua. Han er doktorgradsstipendiat ved Høyskolen Kristiania og har forska på Arendalsveka og registrerer at talet på kultur­relaterte arrangement har falle med 25 prosent frå i fjor til år: «At mange kulturinstitusjoner holder seg unna Arendal i uke 33, er helt naturlig. … Dilemmaet for Arendals­uka er at så å si alle er på samme sted. Konkurransen om oppmerksomheten er veldig sterk, og nyhetstrakta er svært trang. Man må ha store ressurser for å vinne gjennom».

Men Norsk Bibliotekforening er likevel optimistar, med tre arrangement. Mens Nasjonalbiblioteket meiner det er irrelevant for dei: Les mer «Arendalsveka: – Nei, nei og nei»

«Ny» viktig oppgåve for biblioteka

Skjermbilde 2019-08-10 19.58.15
Løpis (papir!) Moss, tidl. 80-tal. Venstrevridd bokkafé under leiing av bibliotekar Jan Tonholt

Den LA-baserte avisa Daily Breeze skriv om den tidlegare Apple-pionéren og sosialistiske aktivisten Rod Holt (84) som har donert ei svær samling venstreorienterte trykksaker og arkivmateriale til eit universitetsbibliotek i same by. Holt hoppa av Apple-toget alt i 1980, men fekk truleg med seg nok bucks til å byggje opp samlinga. Pluss to hundre tusen dollar i løn til ein katalogisator! (ein god skikk når det først er snakk om private donasjonar). Jau, Holt var ein karakter i Jobs-filmen.

Arkivsjefen ved universitetet ser eit stort potensial for samlinga, også fordi dagens studentar då kan «actually touch it and feel what a newspaper or a pamphlet feels like.»

 

Bibliotekpapegøy

Skjermbilde 2019-07-04 07.47.21
598.71

NRK Østfold melder i kveld at «Den frittflygende papegøyen Gunnar ble superkjendis etter fem år på rømmen. Nå får det høyt elskede fjærkreet evig liv bak glassmonter i Moss bibliotek.»

Men han er ikkje til utlån. Noko vi faste brukarar av Moss bibliotek er sterkt misnøgde med. For på heimesida til Øvre Eiker kommune kunne vi tidlegare i år lese:

«Biblioteket i Hokksund utvider sitt tilbud. I løpet av siste halvdel av 2019 vil utstyrsutlånssentralen BUA også låne ut dyr, fugler og reptiler til innbyggerne. Øvre Eiker blir trolig landets første kommune som låner ut dyr via sitt bibliotek.»

Til og med levande dyr kan dei tilby. Haken ved dette var rett nok at … Les mer «Bibliotekpapegøy»

Kong Harald og biblioteket

Skjermbilde 2019-06-30 09.11.09
Foto: Tor Atle Kleven, Flickr (utsnitt)

Vi vedgår at vi driv klikkhoreri i stor stil her på bloggen; fredag var det Sophie Elise og i dag er det Kong Harald (elles utan samanlikning). Til saka: Den utmerka, men ikkje mykje omtalte, nettstaden Virksomme ord inneheld norske talar ordna etter kronologi, talarens namn og etter organisasjon. Og dette er ikkje eit påfunn frå den virtuelle rennesteinen, men eit initiativ av forskarar ved Universitetet i Bergen.

Og sjølvsagt testa vi basen med ordet bibliotek, og der fann vi at … Les mer «Kong Harald og biblioteket»

Bibliotekarhjelp til Morrabla!

Skjermbilde 2019-05-14 14.36.35Eit ikkje heilt typisk litterært oppslag i Morgenbladet på nett: Mitt kongerike for en poet! (skøyarane har kategorisert det som Gravejournalistikk). Det handlar om kronprinsesse Mette-Marit som bokbanemeister i hovudstaden for kort tid sida. Her om dagen kunne vi presentere kva Klassekampen ironiserte over at VG hadde gjort, og då må jo også Morrabla få seg ei vinkling. Dei fann eit foto av HKH med eit lass bøker rundt seg. Kva valde ho ut til T-baneturen? Kva slag litterær smak har ho?

Gløym det, men forsøk å hjelpe redaksjonen på eitt punkt: «Den øverste av bøkene i Mette-Marits venstre hånd. Den har vi sett før. Mange ganger. Den er for tynn til å være … Les mer «Bibliotekarhjelp til Morrabla!»

Heia Steinkjer bibliotek

Skjermbilde 2019-04-26 15.19.06I spalta «Klok på bok» (KPB) i Dag og Tid driv dei ein slags «Påskelabyrinten» heile året, med minst like kryptiske spor frå bøker som dei han Valle pønskar ut for reisene sine. Men her får folk ei veke på seg på å svare, og då går mange til biblioteket. Her ein smakebit frå avisa denne veka. Ein som fann rett svar skriv:

«Kpb gjer rare ting med utlånsstatistikken på Steinkjer bibliotek. For det er truleg lenge sidan dei lånte ut to amerikanske diktsamlingar på same dagen. Kan hende aldri. For eg måtte jo undersøke om sitatet kunne vere frå Nathaniel Farells Nykommar. Det stemde med originalutgåve i 2014 og norsk utgåve i 2018, men det var komplett umogeleg å finne ut når mannen er fødd. Og eg måtte undersøke om sitatet kunne vere frå Claudia Rankines Medborgar. Og det er det. Fin bok, så rikt illustrert med kunstverk at det også er ei lita kunstbok.»