Bibliotekarhjelp til Morrabla!

Skjermbilde 2019-05-14 14.36.35Eit ikkje heilt typisk litterært oppslag i Morgenbladet på nett: Mitt kongerike for en poet! (skøyarane har kategorisert det som Gravejournalistikk). Det handlar om kronprinsesse Mette-Marit som bokbanemeister i hovudstaden for kort tid sida. Her om dagen kunne vi presentere kva Klassekampen ironiserte over at VG hadde gjort, og då må jo også Morrabla få seg ei vinkling. Dei fann eit foto av HKH med eit lass bøker rundt seg. Kva valde ho ut til T-baneturen? Kva slag litterær smak har ho?

Gløym det, men forsøk å hjelpe redaksjonen på eitt punkt: «Den øverste av bøkene i Mette-Marits venstre hånd. Den har vi sett før. Mange ganger. Den er for tynn til å være …Jan Erik Volds Entusiastiske essays, ellers stemmer bølgene på omslaget bra, og en fornemmelse av Paul Auster kommer og går uten at vi får festet den til noe konkret. Men her tar vi det for gitt at våre skarpe lesere kommer oss til snarlig hjelp!» (det er altså ikkje boka med nummer 8. Nr. 8 er identifisert til Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda (Samlaget).

Biblotekarmat, seier vi! Og vi kopierer oppmodinga:

«Send tittel på boken pluss bilde av det gitte bokomslaget til vår kulturredaktør Ane Farsethås på af@morgenbladet.no. Vi belønner riktig svar med et Morgenbladet-nett fylt med ti valgfrie bøker fra vår bokhylle.» (Fotoet finst ikkje i anna oppløysing enn denne).

PS: Så fann vi at avisa likevel har vore hjarteleg til stades på heile bokbaneturen. For dei med abonnement, blir det vel.

Leave a Reply