Kong Harald og biblioteket

Skjermbilde 2019-06-30 09.11.09

Foto: Tor Atle Kleven, Flickr (utsnitt)

Vi vedgår at vi driv klikkhoreri i stor stil her på bloggen; fredag var det Sophie Elise og i dag er det Kong Harald (elles utan samanlikning). Til saka: Den utmerka, men ikkje mykje omtalte, nettstaden Virksomme ord inneheld norske talar ordna etter kronologi, talarens namn og etter organisasjon. Og dette er ikkje eit påfunn frå den virtuelle rennesteinen, men eit initiativ av forskarar ved Universitetet i Bergen.

Og sjølvsagt testa vi basen med ordet bibliotek, og der fann vi at … Kong Harald V av Noreg, av fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg, er den ivrigaste når det gjeld å nemne bibliotek, i fleire av trontalane sine ved opninga av Stortinget kvart år, også kalla Melding om rikets tilstand. Rett nok ganske summarisk. Og rett nok ikkje kvart år.

 

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: