Den som intet woker, intet vinner

Kva kan ein på ein heit dag (29 pluss) bruke som illustrasjon til denne saka? Her er utsikta frå Røysåsen mot Moss, med Oslofjorden og Vestfold bak.

Nyleg skreiv eg om biblioteket i Tyskland der leiinga ville klistre åtvaringar på bøker som  «muligens ikkje [er] forenlig med prinsippene i et demokratisk samfunn». Men no har ein domstol avgjort at dette ikkje er lov.

Men vi kan samtidig lese at den tyske bibliotekorganisasjon BIB innbyr til rapportering av bøker «på randen»: Prosjektet Medien an den Rändern «tar ikke bare for seg (politisk) litteratur på høyresiden, men tar generelt for seg medier som kan være kontroversielle med hensyn til anskaffelse, ettersom de er kontroversielle på grunn av tema, form, forfatter eller uttrykt posisjon. Dette betyr at de kan «vekke sterke følelser og føre til motstridende meninger i lokalsamfunn og samfunn (Europarådet 2015, 8)». (Translated to norsk bokmål with DeepL.com).

Er dette i kjømda her i landet også? Eg spør, for eg har no på det tolvte året berre vore i kontakt med det norske bibliotekmiljøet via denne bloggen.

    Sløve hestar og sløv omgang med bibliotek-etikken

    Spionsjefen seier det rett ut i sesong 2, episode 3. Men då om spionars seksual- etikk. På trykk er dette i «Døde løver».

    Eg har til no berre lese éi bok i Mick Herron sin thrillerserie om «Slough House» og har berre sett éin episode av tv-serien basert på bøkene, men det er meir enn nok til å slå fast at Herron sine londonske spionar rutinemessig granskar låneregister frå lokale bibliotek for til dømes å sjekke om folk har lånt handbøker i terror eller i kvitvasking av svindla millionar.

    I forakt for dei bibliotek-etiske reglane, punkt 9, som kanskje ikkje er så godt kjende, men som kven som helst burde klart å utleie frå den vanlege teieplikta i det offentlege. Herron burde også klart å tenkje seg at biblioteka sine datasystem sjølvsagt automatisk slettar koplinga mellom lånaren og den utlånte boka når ho er registrert innlevert

    Mykje må vere lovleg å gjere i diktinga, men krim- og spionlitteraturen er noko av det mest realistiske vi har. Så her kan vi få inntrykk av at slik tilgang til data er vanleg, OG få signal om at det kan vere risikabelt for deg å bruke biblioteket.

    Her på bloggen har vi tidlegare påvist endå fem døme på dette bibliotek-uetiske forfattartrikset, nemleg hos ingen ringare enn, i alfabetisk rekkefølgje, Jørgen Brekke, Hans Olav Lahlum, Ian Rankin, Roslund og Hellström og Alexander McCall Smith, i tillegg til at sjølvaste Woodward og Bernstein ikkje legg skjul på at dei brukte denne metoden då dei rulla opp Watergate-skandalen på tidleg 1970-tal. Pluss at etterforskarane i filmen «Seven» tar denne snarvegen

    Takk til Linda. God sommar!

    Filmen «Seven» – bibliotek-etisk misvisande

    Skjermdump frå saka på nrk.no

    På Nrk.no har dei i dag ei langlesing om «ein av verdas beste thrillerar», «Seven», frå 1995. Eg er einig i at filmen er «vedunderleg hesleg», i tillegg til fengslande, spanande og godt laga på fleire vis. Vi får vite at «I år har også ei restaurert utgåve av filmen blitt sett opp på norske kinoar». Men det bibliotek-etisk misvisande er neppe utelate i den nye utgåva.

    For dette er sentralt for heile plottet. Eg snakkar om at avsløringa av seriemordaren kjem ved hjelp av tilgang til lånardata ved eit bibliotek. Kven har lånt kva? I ei scene, som faktisk ligg på YouTube, og med tittelen «Library Information», kjøper detektivane kunnskapen om kven som har lånt visse «inkriminerande» bøker av ein FBI-agent med – ulovleg – tilgang til lånardata ved biblioteket (om det blir lovleg under Trump-regimet, vil ikkje overraske).

    Her på bloggen har vi tidlegare påvist endå fem døme på bibliotek-uetiske krimforfattartriks, nemleg hos ingen ringare enn, i alfabetisk rekkefølgje, Jørgen Brekke, Hans Olav Lahlum, Ian Rankin, Roslund og Hellström og Alexander McCall Smith, i tillegg til at sjølvaste Woodward og Bernstein ikkje legg skjul på at dei brukte denne metoden då dei rulla opp Watergate-skandalen på tidleg 1970-tal.

    I «Seven» er det likevel ikkje snakk om brot på teieplikt, ein allmenn, internasjonal bibliotek-etisk regel, men i dei andre romanane er lausmunna, ignorante og/eller korrupte bibliotekarar innblanda. Eller at slike data ikkje blir sletta i biblioteket sitt datasystem når boka er innlevert, og kan bli hacka. Noko som sjølvsagt ikkje skal kunne skje.

    Poenget mitt er at slike triks hos velkjende forfattarar kan gi inntrykk av at dette er vanleg, og gje signal om at det kan vere risikabelt å bruke biblioteket.

    50 svenska bibliotekarier aktiverar sig i inrikespolitiken

    Det händer inte varje dag att bibliotekarier går ut med krav om att landets regering bör ombildas. Men nu har femtio svenska bibliotekarier samlat sig kring åsikten att Tidö-koalitionen mellan Moderater, Sverigedemokrater och Kristdemokrater ska upphöra: Sverigedemokraterna ska ut! Nedan presenterar Mikael Böök några funderingar kring bibliotekariers och deras sammanslutningars politiska engagemang.

    Les mer «50 svenska bibliotekarier aktiverar sig i inrikespolitiken»

    Kronargumentet for papirboka

    Debattane går høge for og imot skjerm eller papir. Pedagogar kranglar seg imellom, og det same gjer vel psykologar og augelegar med fleire. Men no slår i alle fall ein fersk analyse fast at elektroniske tekstar taper kapitalt for dei trykte på éitt felt: Overvåking av lesaren. Navigating Risk in Vendor Data Privacy Practices: An Analysis of Elsevier’s ScienceDirect heiter rapporten, og her eit utdrag frå konklusjonen (mi omsetting):

    «ScienceDirect [er] eit døme på eit produkt med ein personvernpraksis som er i direkte konflikt med bibliotekas standardar og retningslinjer for personvern. … Personvernerklæringa og U.S. Consumer Privacy Notice gir ein oversikt over korleis personopplysningar – medrekna åtferdsdata – blir samla inn og brukt til målretta marknadsføring og reklame, og korleis dei blir utleverte til tilknytte verksemder og partnarar i Elsevier, RELX og andre utanfor morverksemda».

    PS: Bibliotekbruk av trykte bøker o.l. er likevel ikkje heilt trygt. Dette ifølgje ei gransking eg har gjort og til no funne sju forfattarar som let som om biblioteketikkens retningslinjer for personvern ikkje finst.

    God påske – med ein «ny» krimsjanger!

    Observert i Moss bibliotek, mars 2023

    Vi snakkar om bibliotek-krim. Men dette er ikkje ein undersjanger av kriminallitteraturen i vanleg forstand (svensk Wikipedia har ein brukbar oversikt over slike). Det handlar heller ikkje om at mord eller andre brotsverk kan finne stad i bibliotek eller om funn av mordoffer i denne typen institusjon eller rom. Heller ikkje om at detektivar kan finne på, i siste kapittel eller episode, å samle alle involverte i eit bibliotek – gjerne i herrskapshus – for å oppsummere og til slutt utpeike den skuldige. Og endeleg er ikkje bibliotek-krim ein ny «miljøsjanger», slik som nordic noir eller «fransk snø-krim»(?!). For ikkje å gløyme «Litteratur som anvender mikroøkonomisk teori».

    Det handlar i staden om krimgåter som heilt eller langt på veg blir løyste ved hjelp av bibliotekarar. Men dessverre, ved dei fleste kjende høva, i strid med etablerte bibliotek-etiske reglar. Ofte er det regelrette brot på teieplikta av bibliotekarar som, utan rettsavgjerd, sladrar til politi eller andre om kva enkeltpersonar låner.

    Kanskje kan ikkje bibliotek-krim kallast ein eigen sjanger, enno. For til no har berre underteikna drive med kartlegging av fenomenet, og berre seks bøker og éin film er registrerte. I alt ti personar er ansvarlege eller medansvarlege for innhaldet. Men desse er ikkje kven som helst, vi snakkar om Jørgen Brekke, Hans Olav Lahlum, Ian Rankin, Roslund og Hellström, Alexander McCall Smith, Carl Bernstein / Bob Woodward og Andrew Kevin Walker / David Fincher (regissør). Les meir.

    Berre éin av dei, Lahlum, har kome med ei forklaring og delvis orsaking.

    Takk og pris er bibliotekarane deira oppdikta, berre med éitt unntak, hos Bernstein og Woodward. Og med betre datasystem bør det bli vanskelegare å bryte reglane. Eller?

    PS: Hugs OP-5.

    Den kriminelle kriminallitteraturen – igjen!

    Bloggaren er slett ingen systematisk krimlesar på leit etter brot på den bibliotekariale teieplikta, men med ujamne mellomrom berre spring det ein i augo meir eller mindre alvorlege overtramp. For eit år sidan måtte vi ta fatt Hans Olav Lahlum for politietterforskar-snoking i lånarregister på Deichman i «Sporvekslingsmordet». Men noko han ringde oss og svarte godt på, men med urovekkjande referanse til non-fiktive bibliotekarar ved same institusjon. Men tidlegare har vi tatt på fersken blant anna Ian Rankin, Roslund og Hellström og Alexander McCall Smith med liknande «løysingar» på krimgåtene sine. Vi ventar framleis på telefoniske forklaringar frå dei.

    Og i førre veke kom vi til å lese band 2, Drømmeløs (2012), i Jørgen Brekke sin serie om den trondhjemske politietterforskaren Odd Singsaker. Bok nummer 1, Nådens omkrets (2011) las vi sjølvsagt straks ho kom, ho var jo lansert som eit mordet-i-biblioteket-mysterium, og ikkje i kva som helst bibliotek, men sjølvaste Gunneriusbiblioteket, landets første offentlege bibliotek. Mordofferet var ein bibliotekar, men ein annan bibliotekar, Siri Holm, har ei meir varig rolle. Ho framtrer som det diametrale motstykket til Dag Solstads velkjende bibliotekar, T. Singer! Siri Holm er nemleg …

    Les mer «Den kriminelle kriminallitteraturen – igjen!»

    Kva skal vi gjere med Lahlum?

    For nokre dagar sidan var det naudsynt her på bloggen å konfrontere Hans Olav Lahlum med ein, for han, stor anakronistisk flause; at han i krimboka «Svanemordet» introduserer Nasjonalbiblioteket i Oslo alt i 1973, heile tjuefem år før det blei oppretta der i byen. Når vi no har lytta boka ferdig, har Lahlum endå meir å svare for:

    >> 27.nov: Lahlum svarer!

    For annan gong i denne romanserien lar han politietterforskar Kolbjørn «K2» Kristiansen oppsøke eit bibliotek for å få informasjon om ein persons detaljerte bruk av biblioteket. Første gongen vi reagerte på dette var i boka «Sporvekslingsmordet». Då var det ein spesielt sensasjonslysten bibliotekar på Deichman som sladra villig vekk om ein lånar, men i «Svanemordet» får vi inntrykk av at teieplikt er ikkje-eksisterande for bibliotektilsette og at sensitive personopplysningar er rutinemessig til for å bli delte med politiet, heilt utan rettsleg kjenning frå ein domsstol.

    Også med rettskjenning skal det tillatast under sterk tvil. Sjå punkt 10 i Veiledende etiske retningslinjer for bibliotekansatte: «Bibliotekansatte skal sikre at brukerens litteratur- og informasjonsbehov og andre personlige opplysninger behandles konfidensielt». Om ikkje slike data straks er sletta etter innlevering, noko som skal vere ein rutine i alle slike datasystem. Sjå Datatilsynet om Lagringsbegrensning.

    Sist vi tok Lahlum/Kristiansen i dette, og etter overtramp av andre forfattarar, utlyste vi kurs i bibliotekaretikk. Då dette ikkje verka, introduserer vi no ei eiga åtvaring for innliming i bibliotekbøker. Sjå illustrasjonen. Åtvaringa kan lastast ned her.

    Sjå innlegga på bloggen om personvern.

    Bibliotek er blitt god byutvikling, men …

    Eit bibliotek for skituristar i Italia

    Oppdatert 14.2. kl. 20.45.

    Fleire norske byar og tettstader planlegg nye, gode bibliotek i dag. I tillegg har vi bibliotek som pregar bybiletet i Oslo, Bodø, Drammen, Tromsø osv. Rett nok finst det motsette tendensar. Men i Aftenposten 8. februar plasserer samfunnsvitar, byutviklar og bibliotekven Erling Dokk Holm biblioteket sentralt i ein overraskande type tettstad: Hyttebyen. Vel, feilen her i landet er at desse ikkje er byar, meiner han.

    Artikkelen heiter «Voldsom hyttebygging i fjellet skaper store naturinngrep og konflikter. Vi bør lære av småbyene i Alpene». Det handlar om hytteområdet Sjusjøen (7000 hytter) i Ringsaker. I staden for å planleggje og byggje konsentrerte landsbyar, som i Alpane, lar dei her hyttene breie seg utover i naturen. Og hyttefolket sjølv taper, for dei får stadig lenger veg til moltene og til snøen under skia. Dokk Holm skriv vidare: «Det skulle være slik at man drømte om å dra til Sjusjøen sentrum. Ikke fordi det var nyttig (Kiwi ligger der), men fordi det også var en hyggelig restaurant eller to der, fordi det fantes et intimt torg, et bibliotek, et bakeri og en kaffebar» (vår utheving).

    Og han skriv om Ringsaker at det er «merkverdig at ikke hytteutbyggingen skaper større verdier for kommunen. Det ble registrert en vekst på fire (4) innbyggere i kommunen i siste kvartal 2020, kommunen planlegger å gå med et lite underskudd i 2020, og må tære på oppsparte midler og kutte i offentlige tjenester. Ikke minst presser det seg frem nedlegging av skoler».

    Og bibliotek, må vi leggje til. For i Ringsaker Blad kan vi tre dagar seinare lese om ungdom som kjempar mot nedlegging av bibliotekfilialen på Brøttum. Det er eit skolebibliotek med «integrert folkebibliotek».

    PS 1: Nokre vil hugse «Fristaten Lucky Næroset» på vegen mellom Sjusjøen og Moelv, …

    Les mer «Bibliotek er blitt god byutvikling, men …»