Eg brukte denne overskrifta for under ein månad sidan, men bruker henne igjen. For i desse utrygge tidene for offentlege kulturbudsjett, ja, for alle andre budsjett enn forsvarets, må vi løfte fram alt positivt.
Denne gongen handlar det også om Sarpsborg. For no har eg vore der og tatt desse fotoa av det nye biblioteket (om du saknar mengdene av publikum, så var eg der like før stengjetid på ein fredag).
Også Klassekampens Kåre Bulie har vore der, og 4. februar skreiv han om dette biblioteket og «En serie nye bygninger [som] understreker hvor markant landets bibliotekinstitusjon har endret seg etter årtusenskiftet». Han nemner her Deichman i Bjørvika og biblioteket på Sand i Nord-Odal.
Bulie skriv blant anna: «Til felles har de … at de hver på sitt vis er utpreget moderne: Disse bygningene befinner seg alle på god avstand fra den reaksjonære «klassisismen» som for tiden har kulturell så vel som politisk vind i seilene».
Det nye biblioteket i Østfoldbyen er ei samansmelting av gamalt og nytt. Og det gamle var ikkje kva som helst. Bulie minner om dette. Sjå her artikkelen på Lokalhistoriewiki (som nokon må revidere no) og innslaget i Filmavisen frå opninga i 1942. Det meste av det vi ser i filmen er bevart.
<< Barneavdelinga er i hovudsak som før, saman med kunstnarlege element som denne veggen av Christian Christiansen «i sandblåst glass med bestemte markeringer av klipt glass».
Om inngangspartiet (sjå nedanfor) skriv Bulie:
«Det første besøkende møter en lørdag formiddag i januar, er en omfangsrik vrimlehall hvor en kaffebar angir tonen og det myldrer av både store og små. Slik er samtidens ideal blitt: Heller enn rekker av bøker og tause studerende er det typisk nok mat, drikke og samtaler som preger inngangspartiet til det nye biblioteket i Sarpsborg».

Men apropos «studerende»; slike detaljar set vi pris på:

Her er inngangspartiet sett ovanfrå:

Nybygget er i fire høgder, og du kan sanse alle, som her, nedanfrå. Dette er Lin Wang sitt kunstverk «Vannkraft», eit «fossefall av 1124 sylindriske kolber i porselen, montert som perler på snorer fra en sirkelformasjon i taket».
Dette var ein smakebit. Og Sarpsborg ligg berre ein time og tolv minutt med toget frå Oslo S.
















