Take-away-bibliotek

nettstaden iRisør les vi at «Risør Bibliotek tar del i dugnaden ved å stenge Risørhuset. De har i stedet opprettet «Bok-Take-Away» sånn at barn og voksne fortsatt kan låne bøker på en sikker måte.

– Det beste for oss er om folk bestiller bøkene via vår nettside. Du kan også sende epost eller ringe 37 14 97 77 mellom 11-13. For å bestille på nett må du ha nasjonalt lånekort og en pinkode. Du kan hente bøkene mellom 11-13 mandag til fredag».

Liknande og andre oppfinnsame metodar kan du fortelje om i kommantarfeltet nedanfor.

Nej, det stämmer inte att killar läser mindre än tjejer

Folkebibliotekas lydboksituasjon

Dette er ei overskrift på forskning.se frå førre veke (takk til peterals). Bak dette står ein fersk doktorand ved Bibliotekshögskolan i Borås. Den glade bodskapen gjeld heilt presist berre «killar mellan 18 och 20», men forfattaren seier også at «det könsmässiga glappet krymper» generelt. Når det gjeld lydbøker.

Trur vi at i desse koronale digi-lese-tider kan denne sjansen til eit maskulint leseløft også presse fram betre lydbokordningar for fokebiblioteka? Neppe, kjenner vi bokbransjen rett.

Og i Morgenbladet (for abonnentar) har Kaja Korsvold ein kronikk denne veka, Beinhard kamp om lydbøkene, der også biblioteka har fått relativt stor plass, men utan noko lys i tunnelen. Vi siterer:

«Åtte måneder etter at kulturminister Trine Skei Grande fikk presset frem en avtale om levering til bibliotekene, nekter flere av de store forlagene fremdeles å selge dem dit. Situasjonen er i tillegg vanskelig for bibliotekene fordi avtalen med forlagene gjør innkjøp av e-lydbøker langt dyrere enn papirbøkene. Når et bibliotek kjøper inn en lydbok, kan den lånes ut bare seks ganger. «Vi har fått en utrolig dyr løsning», sier Heidi Hovemoen som er leder for digital tilgang i Norsk bibliotekforening».

Bibliotek etter Korona?

Kommunal Rapport siterer i dag KS som har rekna ut at «bortfall av foreldrebetaling [vil] for barnehage og SFO kunne gi kommunene et bortfall av inntekter på anslagsvis 700 millioner kroner pr. måned». 

Regjeringa gir no oljefondpengar til næringsliv, kulturliv og idrett, men biblioteka sine gratis tenester betyr jo ikkje økonomiske tap for nokon, så der er det ingenting å kompensere for i denne situasjonen. Men korleis skal Noreg få biblioteka på beina igjen etter at dette er over, når kommunekassene er endå meir slunkne?

Deichmansk digital-satsing

Leiar for Seksjon for fysisk og digital samling, Ellen Aabakken, seier til ​Kulturbyen Oslo i dag: «Vi ser at de mest populære titlene raskt blir lånt ut, og derfor bruker vi større deler av mediebudsjettet enn planlagt på å øke kapasiteten, fortsetter hun og forteller videre at Deichman kjøper inn minst 300 nye titler til appen eBokBib denne uka. Her kan du låne både e-bøker og e-lydbøker på norsk. Tilbudet er allerede iverksatt, og lånerne vil få økt tilgang til flere titler den nærmeste tiden». 

Lær og lån frå Bergen off

Når p-biblioteket er stengt, må vi utnytje det elektroniske maksimalt. Bergen offentlige bibliotek har ei flott liste på heimesida si over «Frie e-bøker». Dette hjelper ikkje på dei tapte utlånstala i bibliotekstatistikken, men hadde eg vore bibliotekheimesideredaktør, hadde eg kopiert og limt uhemma frå denne lista og gjort henne godt tilgjengeleg frå mi eiga startside. Eller enkelt og greitt lenke til Bergen.

Lesetips i Koronaens tid

Bloggaren er ihuga lydbokbrukar (men må ty til kommersiell app så lenge ingen vil leggje skikkeleg til rette med e-lydbøker i bibliotek). Det er sjeldan å sjå samtidige lesarar av ikkje-blockbusters, men i dag høyrer «15 andre» enn meg på «Pesten» av Albert Camus, jf. teksten øverst her.

Dette er eit verkeleg høgdepunkt i europeisk romankunst. Eg las boka på tidleg 70-tal og lytta til henne i fjor. Men det er ei ny oppleving å repetere henne i dag. Er i dag meir på leit etter det medmenneskelege og optimistiske i boka. Og finn mykje av det.

Garantert Coronafrie bibliotektilbod

>> Sist oppdatert 12.3. kl 15.00. + Sjå også.

No stengjer stadig fleire bibliotek, men på bibliotekheimesider og på plakatar må folk sjølvsagt få informasjon om det som trass alt finst av opne digitale tilbod, som e-bøker i tekst og lyd gjennom Bookbites (eBokBib går over i soga 1. april).

Men no er vel tida inne for at Kulturdepartementet, Nasjonalbiblioteket og Forleggerforeningen kjem saman og forbetrar e-boktilgangen for utlån i folkebiblioteka, anten permanent eller mellombels. Det same gjeld NB og Kopinor, som no bør kome i mål med forhandlingane som lenge skal ha vore i gang om å rullere Bokhylla-avtalen frå noverande tidsramme, til og med år 2000, til nærmare dags dato.

Bergen offentlige bibliotek har elles ei god oversikt over mengda av frie e-bøker. Corona opnar også for at fleire bør oppdage Filmbib.no. Dei mange som besøker biblioteka for å bruke Pressreader må kunne få hjelp til å bruke det andre stader. Og hugs at på Nasjonalbiblioteket har dei også ei mengd interessante podcastar, som du finn under Arrangement.

På mange bibliotekheimesider er det godt synlege, men døde lenker, som til dømes til Bærum bibliotek sin no nedlagde Nettguide. Og til sånt som dette om Pressreader: «Her finn du ei enkel brukarrettleiing på fleire språk». Kort sagt: Bruk denne publikumsfrie perioden til å gjennomgå og forbetre heimesidene grundig.

PS 1: Ei side som denne ved Københavns biblioteker burde vere eit mål også for norske folkebibliotek i desse tidene. Ei naturleg oppgåve for Nasjonalbiblioteket, men med opning for lokale tilpassingar.

PS 2: Den US-amerikanske bibliotekforeininga ALA har ei side om Pandemic Preparedness, naturleg nok med vekt på innanriks ressursar.

Corona i biblioteket? Ikkje prøv innpoding av bøker i marsvin

I Moss har kommunen utplassert Coronaviruset på ein leikeplass i sentrum

>> Dette blei skrive 6. mars då vi enno kunne lese at «Korona-hilsing kan være kult, men ikke nødvendig ifølge ekspertene» (TV2).

Over hundre norskingar er no i karantene på grunn av virussmitte. Statistisk sett er omlag halvparten av dei bibliotekbrukarar med truleg auka lese- og lånebehov i denne nye situasjonen. Dei får ikkje gå på biblioteket, men dei har kanskje vener som kan hjelpe dei. Men kva gjer biblioteket med returnerte bøker frå isolerte og karantenerte lånarar? Det store spørsmålet er: Kor lenge smittar viruset på ei bok?

Først litt historikk: For hundre år sidan hadde vi både tuberkulose i stort monn og spanskesjuken, ein influensa som tok millionar liv, av desse femten tusen her i landet. Sidan kunnskapen var mykje dårlegare enn i dag, var det ikkje rart bibliotekarar blei urolege for smitte både i lokala og gjennom bøkene. Wenche Blomberg skreiv ein svarthumoristisk artikkel om dette i Bok og bibliotek nr. 6, 1991. Epidemien blei ein opptur …

Les mer «Corona i biblioteket? Ikkje prøv innpoding av bøker i marsvin»