Vi hadde ei sak om lovutkastet i går: Boklovforslaget: Leveringsplikt, men kva så? Nedanfor vil vi ei tid framover lenke til reaksjonar på lovutkastet, med vekt på der det også er snakk om biblioteket (ja takk til tips!). Det nyaste kjem først, men først reaksjonar frå bibliotekhald (noko vil nok vere bak betalingsmurar).
Aller først: Ingen har til no (19.8. kl 12.04) minna om kva biblioteksjefane i fleire større byar og fylke i februar sa i eit opprop: «Innkjøpsordningen må sikre oss flere eksemplarer av e-bøker og e-lydbøker».
Om boklovforslaget frå bibliotekhald:
Bibliotekarforbundet 18.8: «Vi er glade for at departementet i høringsnotatet tydelig anerkjenner bibliotekets rolle som en av de viktigste formidlerne av mangfoldet og bredden i norsk litteratur, og at de samtidig har notert seg utfordringene bibliotekene har med kjøp av digitale lydbøker. Vi skal nå gå nøye gjennom høringsnotat og lovforslag og se om det faktisk svarer ut bibliotekets behov, sier forbundsleder Veronicha Angell Bergli».
Norsk Bibliotekforening 18.8.: «Lovande utkast til boklov». På bloggen kommenterte vi dette i går slik: «Eg ser no at NBF-leiar Vidar Lund kjem til å krevje at «at ei minimumsløysing må inn i forskrifta». Men då burde vel eit signal om ei slik opning ha kome alt i dette dokumentet? Vilkåra har jo heile tida vore det springande punktet i lydboka-og-biblioteket-debatten. Og etter «50 møter med organisasjoner og aktører i bransjen» og «[r]undt 20 skriftlige innspill» må problemet opplagt ha vore drøfta (sjå side 6 i notatet)».
Frå andre organisasjonar og media (8 stk oppdaga per 19.8. kl 18.30):
Les mer «Morgonen etter boklovutkastet»












