Archive for ‘Lokalhistorie’

november 28, 2019

Hoppsesongen er i gang

Dessverre er bloggaren rundt seksti mil unna når biblioteket i Eidsberg (Mysen) tysdag 3. desember slår til med maratonforedrag (182 minutt) om lokalhistorie. Blant anna om den my(s)tiske mellomalderborgen Valdisholm, som er inntakeleg berre når Glomma går nesten tørr (som ikkje er no!), og om den første verdsrekorden i skihopp, som faktisk blei sett i Eidsberg. På 9,5 meter. Rekordhaldaren var Olaf Rye (jau, han med den koselege parken på Grünerløkka i Oslo).

oktober 4, 2019

Kva med lokalhistoria når «alt» blir digitalt?

Skjermbilde 2019-10-04 14.52.13På postlista biblioteknorge spurde vi 6. august omlag dette:

Før i verda hadde alle fylkesbibliotek med respekt for seg sjølve full kontroll på den lokalhistoriske litteraturen for alle kommunar i eige fylke. Det var ein geografisk foredelingsplan. Men korleis går dette no? Når dei fleste fylkesbiblioteka berre er konsulentkontor og kursarrangørar? Og når tilknytninga til dei tidlegare «primærbiblioteka» (folkebiblioteka som fylkesbiblioteka var knytte til) ofte er ein skugge av kva ho var? Og når regionane gjer fylkesbibliotek til – kva? Bokhylla.no løyser litt av problemet, men ikkje for mengden av bøker som har kome sidan 2000. Og tenke på alt som no kjem på «eige forlag», sjølv om kvaliteten varierer (men slik var det jo med mange av dei gamle bygdebøkene også).

Det kom eit spennande svar frå Heidi S. Drageseth frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek om Mørerombasen deira (pluss ei breiside frå anna hald til formuleringa vår om at fylkesbibliotek «berre er konsulentkontor og kursarrangørar». Men når ein for lengst er stempla som kontraproduktiv, får ein vel leve opp til det).

Kom gjerne med fleire meiningar og konstruktive idear i kommentarfeltet nedanfor. 

I dag fann vi i eit svensk forum: Levande lokalsamling – en metodhandbok från Svedala bibliotek.

Nokre høgdepunkt:

read more »