95-96 % av forskinga no i gratis digitale «skuggebibliotek»

Skuggebiblioteka har sjølvsagt «mirrors» for å stå imot åtak frå tidsskrifta o.a.

Denne høge prosenten er innan medisin. Tala er ikkje så skyhøge for t.d. humaniora, som er meir bokbasert. Det handlar også om bøker, men mest om artiklar kopierte frå alle dei store og mindre tidsskrifta. Dette ifølgje svenske Biblioteksbladet nyleg, der Zakayo Kjellström, doktorgradskandidat på dette feltet, uttaler seg ope og positivt om fenomenet. Og utan at kommentarfeltet er blitt fullt av fordømmingar og åtvaringar, slik det var for ikkje lenge sidan.

Dei har fått langsiktige konkurrentar, ikkje berre dei sinnsjukt dyre tidsskrifta, men også statlege Plan S og vanleg Open Access. Likevel, seier Kjellström: «… utvecklingen mot öppen vetenskap kommer att framskrida långsamt, utan att konkurrera ut skuggbiblioteken. Någon laglig, Spotify-liknande modell för forskningslitteratur tror han inte på. – De som skapar och administrerar skuggbiblioteken vill inte vara lagliga. Det finns inget intresse av att bli erkänd av någon stat eller lagliga ramverk. Vad det finns intresse för är att sprida vad man anser tillhör allmänheten … Man upplever att forskningen kommodifieras; att den säljs och köps på ett sätt som inte är gynnsamt om vetenskapen ska fortskrida som den borde göra. Kostnaden för den kan ibland vara absurd, inte bara för privatpersoner och enskilda institutioner, utan också mer generellt för det globala syd».

Og i tillegg: «Viktigare är nog tjänsternas användarvänlighet. De är mycket mer effektiva och lättmanövrerade än vetenskapliga databaser och universitetskataloger. Även rätt effektiva system är krångliga: institutionella inloggningar, proxyservrar. Om jag kan ladda ner en artikel med endast ett klick, i stället för femton, kommer jag att göra det».

For tre år sidan intervjua vi på bloggen Alexandra Elbakyan, initiativtakaren til skuggebiblioteket Sci-Hub. I dag er særleg Anna’s Archive i fokus, som fangar opp Sci-Hub og fleire av dei andre «piratane». I februar skreiv vi om suksessen, men også trugsmåla mot det meir opne Internet Archive.

Så mycken falskhet bor det här

Bloggaren var ivrig for ei tid sidan med Open Access (52 innlegg) og Plan S (22) osv., men det allmenne forfallet berre breier seg i redaksjonen. I staden blir det no arbeidd med sabotasje mot knottfabrikkar under WW2 og turrenn på ski før og etter den same okkupasjonen.

Men så kom Khrono i februar med ein artikkel av Marit Moe-Pryce ved PRIO: «Falsk forskning truer demokratiet». Ho innleiar med: «Det er ikke «falske nyheter» som skremmer meg, det er falsk forskning. Og da mener jeg ikke primært plagiering og manglende siteringer, men gjennomført fabrikkerte «forskningspublikasjoner» som i sin natur og sitt omfang kan true med å rive bort selve grunnmuren i samfunnsstrukturen vår». Nokre gode kommentarar kom det, også.

Når eg no har delt denne, kan eg forfalle vidare, med ein slags samvit.

Arkivert arkiv? 1

>> Sjå også del 2 om denne saka.

Underteikna, med berre eitt år på baken som høgskolebibliotekar (1990-91), kjem til kort når det gjeld å forstå alvoret og endå mindre blogge noko lurt om temaet i denne saka på Khrono.no: «Ber departementet vurdere full stopp i nytt forskningssystem». I ingressen heiter det: «Sentrale organisasjoner i kunnskapssektoren roper alarm om ny løsning for registrering av forskning og vitenskap. De ønsker at Kunnskaps­departementet vurderer full stopp av ny løsning».

>> Debatten er i gang nedanfor. Følg opp!

Namn i denne nyheita er: UHR, FFA (Forskningsinstituttenes fellesarena), Unit, Cristin, Sikt og NVA (Nasjonalt vitenarkiv) (der det er ikkje er lenker har det vore omorganiseringar).

Men vi spør: Kor verkeleg alvorleg er dette for Vitskaps-Noreg på kort og mellomlang sikt osv? Kor alvorleg for fagbiblioteka?

Kan bibliotekorganisasjonane gjere noko? I alle fall har Arbeidsutvalget til UHR-Bibliotek på lista si over «Prioriterte innsatsområder og tiltak for UHR-Bibliotek 2020-2022» at dei skal vere «Tydelig aktør i arbeidet med utvikling av prosjektet Nasjonalt vitenarkiv».

Andre lesarar av bloggen kan vel også ha peiling. Bruk gjerne kommentarfeltet.

Plan S(topp)?

Utgangspunktet for snøballmetaforen

Vi har hatt Plan S på blokka eit par veker, etter at bomba sprang om at det europeiske forskingsrådet ERC i juli trekte seg frå heile planen. «Uforståeleg», sa direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen. Før han annonserte overgang til Utanriksdepartementet som «global helseambassadør». Så kom det nokre lesarinnlegg på Khrono.no der norske Plan S-skeptikarar gav – høfleg – inntrykk av ei viss letting. Men i dag har nettstaden eit innlegg av tre tilsette ved UiT, blant anna bibliotekdirektør Johanne Raade, med tittelen «Plan S: Snøballen som må rulle». Dei avsluttar likevel med eit atterhald i den siste setninga: «Det er på høy tid at forskerfellesskapene og institusjonene sørger for at flere seriøse tidsskrift går over fra kommersielle forlag til åpne plattformer. Fordi det er den veien snøballen ruller, og må rulle videre, med eller uten hjelp av Plan S».

I ein artikkel i Nature frå midten av juni kan vi lese om auka vilje til å publisere og dele forsking om koronapandemien og at særleg fagfellevurdering og dermed publisering har tatt mykje kortare tid enn før. Men samtidig er nokre i tvil om dette vil halde fram og bety …

Les mer «Plan S(topp)?»

«Revolusjon» godt i gang

Skjermbilde 2020-07-17 13.44.15
Ikkje fallen betalingsmur, men ruin av bygdeborg. Frå ei bok der to kapittel er «open access». Klikk og kikk 🙂 

Dette er ein mellomtittel fra Khrono.no sitt intervju med direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen. Det handlar om at «Frå 2021 får norske forskarar ikkje lenger pengar frå Forskingsrådet dersom dei gir bort opphavsretten til tidsskrift og forlag».

Røttingen seier blant anna: «Forskaren og institusjonen skal ha opphavsretten, og dermed retten til å arkivere og gjere artiklane tilgjengelege. Vi trur dette er noko alle tidsskrift må og vil akseptere. Vi er i tett dialog med redaktørane for dei største tidsskrifta, og forlaga har sagt at dei ønskjer å finne gode modellar for å vere i samsvar med Plan S».

I dag følgjer Khrono opp med to litt ulike synspunkt frå to forskarar: «Meiner forskarar må ha rett til å «klippe og lime» frå publiserte artiklar».

– Åpen tilgang til offentlig finansiert forskning bør være regelen og ikke unntaket

plan s logoKhrono.no i dag har administrerande direktør John-Arne Røttingen i Norsk forskningsråd eit svært viktig utspel. Han held fram: «Slik fremmer vi kunnskapsutviklingen og vil være bedre rustet når krisene rammer. Derfor stiller den internasjonale koalisjonen av forskningsfinansiører der Forskningsrådet er med – cOAlition S – felles krav om full og umiddelbar åpen tilgang til alle forskningsresultater finansiert av medlemmene fra 2021».

Og så kan vi sitere noko positivt om keisardømet i vest: Les mer «– Åpen tilgang til offentlig finansiert forskning bør være regelen og ikke unntaket»

Open Access: Unit med innbyding til innspel

Vi siterer frå Unit: «I lys av rapporten Rettighets- og lisensspørsmål ved åpen publisering inviterer Unit berørte aktører til å sende skriftlige innspill om hvordan aktører og myndigheter bør arbeide videre for å nå målet om åpen tilgang».

For eit par veker sidan skreiv vi om denne rapporten og debatt som var i gang på forskings- og høgareutdanningsnettstadene.

Opnare Access på 2020-talet?

Lisensen CC BY er tilrådd i rapporten

Krono.no har i dag ein større sak om Plan S og den nye rapporten «Rettighets- og lisensspørsmål ved åpen publisering». Her kan vi blant anna lese at: »Forskerforbundet har vært kritisk mot den lisensen som er anbefalt i Plan S. Nå får de og andre kritikere langt på vei støtte i den ferske rapporten.»

Frå pådrivarsida for Plan S har Khrono sitert frå ein kronikk i Forskerforum av direktør John-Arne Røttingen i Forskningsrådet. Han meiner rapporten «tydeliggjør … at våre krav om åpen tilgang ikke er i strid med akademisk frihet, og belyser også hvordan forskningsinstitusjonene kan sikre en overgang til full åpen tilgang».

Det var Unit som tinga rapporten, som dei la ut 23. desember. Vi følgjer opp på bloggen.

I garnet og til havresekken

Skjermbilde 2019-10-22 12.13.43
Det var enklare å finne frie bilete av ein bukk enn av fiskegarn

Sjølv om debattane om Plan S og Open Access har stilna samanlikna med i vinter, har ikkje Khrono sloppe temaet. I går publiserte dei ei sak av Simen Ådnøy Ellingsen ved NTNU som blir oppsummert slik: «Plan S gjør rett i å redusere innflytelsen til grådige kommersielle abonnementsforlag som Elsevier, men går rett i garnet til kommersielle og like grådige OA-forlag.» Og vidare: « … mange OA-forleggere er private foretak som til syvende og sist skal tjene penger for sine eiere, og bukken er blitt satt til å passe havresekken, betalt av offentlige forskningsmidler.»

«Kvantesprang» for Plan S

plan s logoPressemelding fredag frå Kunnskapsdepartementet, men som berre universitets- og forskingsavisene har fått med seg til no:

«Norge har nå undertegnet avtaler med de fire største forskningsforlagene.Det betyr at norske forskningsresultater kan publiseres åpent i over 7 400 tidsskrifter. Det utgjør om lag 40 prosent av tidsskriftene som norske forskere rangerer som de beste.»

Forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø seier: «Det har ikke vært enkelt, men nå har vi landet avtaler som få trodde var mulig da forhandlingene startet. Vi har ikke vunnet kampen om åpen publisering ennå, men vi har fått den drivkraften vi trenger for å på plass lignende avtaler med alle forlag i løpet av neste år.»

Plan S-debatt

Skjermbilde 2019-07-12 10.14.36
Daud dinosaur

På Khrono går debatten om Plan S vidare. Leiaren av Forskerforbundet, Guro Elisabeth Lind, var på banen i går og forsvarte CC BY NC-lisensen versus Plan S sin CC BY. I dag repliserer NTNU-professor Alex Hansen og Khrono oppsummerer i ingressen at han «er glad for at Forskerforbundets ståsted med hensyn på åpen publisering er klarere. Inntil nå har hans inntrykk vært at de hadde plassert seg på de døende dinosaurenes side.»

Plan S: – Kritikerne har fått et visst gjennomslag

plan s logoDette kan vi lese i eit oppslag hos Bibliotekarforbundet 31. mai. Lanseringa av ein revidert versjon av Plan S fann stad i London to dagar tidlegare. Den største skilnaden er at innføringa av Plan S blir utsett i eitt år til 1. januar 2021. Noko som betyr at dei første publiseringane finn stad rundt 2024, jamfør svenske Universitetsläraren. Men på Forskningsrådets heimeside seier blant anna Nina Karlstrøm frå Unit at «– Vi merker en større endringsvilje hos forlagene nå enn tidligere. Avtalene vi inngikk med Wiley og Elsevier tidligere i vår er eksempler på dette. Det viser at det internasjonale trykket for åpen publisering har påvirket holdningene hos forlagene.»

BF-medlemmar og abonnentar på Bibliotekaren si trykte utgåve kan i det blodferske nr. 2, 2019, lese eit intervju underteikna gjorde med Nina Karlstrøm med overskrifta: «Spillet bak kulissene. Hun forhandlet fram Elsevier-avtalen».

På bloggen har vi p.t. 11 artiklar om Plan S.

Eit vendepunkt for open publisering?

Skjermbilde 2019-04-24 00.30.11
Frå endå ei sak på Khrono.no i dag. Klikk og kikk

Ting kan tyde på at den norske avtalen med Elsevier kan bli starten på eit internasjonalt vendepunkt i favør av Plan S i Europa og kan hende også Open Access globalt. På Khrono.no i dag skriv vise- og prorektorar for dei fire største norske universiteta, dei som under leiing av Unit tok del i forhandlingane med Elsevier, blant anna: 

«Det betyr to av fire publiser- og les-avtaler nå er i havn. Vi kan nå være i en unik posisjon til å være med å påvirke utviklingen av landskapet rundt åpen publisering. Dette er et landskap som er langt ifra ferdig utformet – mye er i spill i endringsprosessen vi nå står midt inne i. Vi må følge med på hvordan de inngåtte avtalene vil virke, og ikke minst se på resultatene av øvrige pågående forhandlinger.

Tidligere trakk vi frem at forskersamfunnet og forlagene i fellesskap må komme frem til nye modeller som fremmer åpen tilgang, god kvalitet og internasjonalt forskningssamarbeid. Publiseringsavtalen med Elsevier viser at dette lar seg gjøre, og gir nye muligheter for å fremme norsk forskning internasjonalt.»

Elsevier-avtalen skaper overskrifter internasjonalt

Skjermbilde 2019-04-23 14.04.59Units avtale med Elsevier er blitt ein topp-sak i media-delen til Financial Times. Vi siterer:

«Under the two-year Norwegian pilot “open access” publishing agreement, research from academics associated with Unit will be freely accessible. Rather than charge a subscription fee for access to its journals, which is how the publisher has structured most of its deals, Elsevier will bill the Norwegian institutions for the close to 2,000 articles they expect to publish each year.»

Og Gino Ussi, Elsevier-direktøren, seier til CISION PR Newswire: Les mer «Elsevier-avtalen skaper overskrifter internasjonalt»