På Nrk.no har dei i dag ei langlesing om «ein av verdas beste thrillerar», «Seven», frå 1995. Eg er einig i at filmen er «vedunderleg hesleg», i tillegg til fengslande, spanande og godt laga på fleire vis. Vi får vite at «I år har også ei restaurert utgåve av filmen blitt sett opp på norske kinoar». Men det bibliotek-etisk misvisande er neppe utelate i den nye utgåva.
For dette er sentralt for heile plottet. Eg snakkar om at avsløringa av seriemordaren kjem ved hjelp av tilgang til lånardata ved eit bibliotek. Kven har lånt kva? I ei scene, som faktisk ligg på YouTube, og med tittelen «Library Information», kjøper detektivane kunnskapen om kven som har lånt visse «inkriminerande» bøker av ein FBI-agent med – ulovleg – tilgang til lånardata ved biblioteket (om det blir lovleg under Trump-regimet, vil ikkje overraske).
Her på bloggen har vi tidlegare påvist endå fem døme på bibliotek-uetiske krimforfattartriks, nemleg hos ingen ringare enn, i alfabetisk rekkefølgje, Jørgen Brekke, Hans Olav Lahlum, Ian Rankin, Roslund og Hellström og Alexander McCall Smith, i tillegg til at sjølvaste Woodward og Bernstein ikkje legg skjul på at dei brukte denne metoden då dei rulla opp Watergate-skandalen på tidleg 1970-tal.
I «Seven» er det likevel ikkje snakk om brot på teieplikt, ein allmenn, internasjonal bibliotek-etisk regel, men i dei andre romanane er lausmunna, ignorante og/eller korrupte bibliotekarar innblanda. Eller at slike data ikkje blir sletta i biblioteket sitt datasystem når boka er innlevert, og kan bli hacka. Noko som sjølvsagt ikkje skal kunne skje.
Poenget mitt er at slike triks hos velkjende forfattarar kan gi inntrykk av at dette er vanleg, og gje signal om at det kan vere risikabelt å bruke biblioteket.





For eit drygt år sidan blogga vi, indignert, om krimforfattarar som lar detektivane sine 