Rettspraksis.no ankar til Høgsterett!

Vi har følgt denne saka sidan juni, og når dei ikkje gjer seg, så gjer ikkje vi oss heller. Det handlar om retten til å leggje ut norske rettsavgjerder til fri bruk, som med andre offentlege dokument. Motparten er Lovdata, som tener store pengar på dette. Rettspraksis.no har alt vunne godt fram, i siste omgang blei 166 år med høgsterettsavgjerder frigjorte (1836-2002), mens kampen no står om avgjerdene frå 2003-2007. Fram mot Høgsterettsanken blir rettspraktikantane framleis støtta av både Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening. Bibliotekorganisasjonane burde også ha støtta.

Kunst på resept (OBS: sterke innslag av mimring)

Dette med kunstens og kulturens positive innverknad på den psykiske helsa har ført til fleire overskrifter den siste tida. Sjå ikkje minst Helge Torvund i Klassekampen 18. januar (bak muren).

Men denne bloggaren har vore med på mykje, blant anna også studert suksessrikt bibliotekutlån av biletkunst til blinde! Det var då … Les mer «Kunst på resept (OBS: sterke innslag av mimring)»

To steg nærmare Plan S

Skjermbilde 2019-02-05 18.18.07
Sci-Fi-kalkunen frå 1958 heitte opprinneleg Plan 9 …

I Stortinget i dag køyrde Venstre-representant Guri Melby interpellasjon om Plan S mot Iselin Nybø, statsråd for forsking og høgare utdanning, også ho frå Venstre. Det blei det jo ingen stor krangel av. Erling Bergan i Bibliotekaren var tidlegare ute enn alle, langt føre til og med Khrono, forskingsorgana og andre, med eit fyldig referat om det viktige som skjedde.

Nytt 9.1.: Det offisielle referatet fra Stortingsmøtet er lagt ut (ennå ikke korrekturlest)

For det første at det ikkje er stor usemje på Stortinget om å gå vidare med Plan S og for det andre statsrådens «lekkasje» frå forhandlingane som pågår i desse dagar mellom UNIT og dei internasjonale, profittsugne tidsskrift-gigantane. Nybø fortalde at UNIT «om kort tid [forventer] å signere avtale med ett av de store forlagene.» Dette blir eit verkeleg gjennombrot for ope tilgang på forskingsartiklar.

Siste talar var Elisabeth Fanghol frå AP. Det høyrdest først ut som at Forskerforbundets lobbyistar hadde fått AP med på omkamp og full konsekvensutgreiing, men saka kom i mål slik blant anna departementet, UNIT, Forskingsrådet og tusenvis av bibliotekarar ønskjer i inn- og utland.

Folkebiblioteket sine domenetap

Skjermbilde 2019-02-05 16.02.08
Musikkstrøyming på snø, ved Slottsparken i Oslo

Her om dagen fekk vi vår første oppleving av det ambisiøse prosjektet «Digitization and Diversity» gjennom rapporten om iPad eller papirbøker. I dag strøymer det på (sic!) frå same kjelde ein rapport om Digitaliseringens innvirkning på norsk musikkbransje.

Ordet «bibliotek» førekjem ikkje på dei 162 sidene. Kanskje ikkje overraskande, for det er no åtte år sidan innkjøpsordninga for norsk musikk på CD brått tok kvelden, og etter dét avslutta dei fleste (?) biblioteka heile musikktilbodet (mykje eige innkjøp var det aldri, berre i nokre større bibliotek). Men det heng sjølvsagt saman med Spotify, YouTube og liknande trådlause tilbud.

Men dette er berre eitt av bibliotekas domenetap på eit par ti-år: Les mer «Folkebiblioteket sine domenetap»

Papirboka aleine på toppen av pallen!

pallet-686317_640
På dei fleste pallane i verda er det ingen topp

Desse pallane har blitt noko av det viktigaste for oss norskingar, særleg vinterstid, så kvifor ikkje også rangere dei tre viktigaste blant dei mange bok-formata? Det gjer Anne-Britt Gran i kronikken i Klassekampen laurdag (sjå på nett hos BI), «Ipad-eksperimentet – Hvor kommer den fikse ideen fra, at digital teknologi skal trumfe all annen teknologi i klasserommet?» Gran er professor ved Handelshøyskolen BI og prosjektleiar av DnD – «Digitization and Diversity», der blant anna også Nasjonalbiblioteket deltar.

PS: Men kvifor finn vi ikkje meir enn ei fattig lenke til dette prosjektet på NB sine sider, eit prosjekt som alt har produsert relevante publikasjonar for bibliotekfeltet, blant anna rapporten «Digitalisering av bok og bibliotek»? Kan nokon som er på talefot med NB-toppane tipse dei om verdien av å formidle til det bibliotekfaglege miljøet? Apropos: Har nokon sett eller høyrt reaksjonar frå NB på til dømes saka vår om bibliotekstatistikken og bokhylla.no? Derimot har fleire andre gjeve konstruktive kommentarar.

Kronikken til Anne-Britt Gran, som inneheld mykje viktig, ligg ikkje på ope nett hos KK, så vi får vel avgrense oss til å sitere berre noko av det (avisa finst jo i biblioteket, ikkje sant?): Les mer «Papirboka aleine på toppen av pallen!»

Bibliotek-nytale i rivande utvikling

Skjermbilde 2019-02-02 19.24.38
Klikk og sjå scena om nytale i filmen 1984

Bibliotekaren Alan Wylie frå London held på bloggen sin ved like ei ordliste over «doublespeak & spin used by councils to hide library cuts.» Nokre døme:

Libraries Extra – what Brighton Council call a staffless ‘library’ that offers less!!!

Library Ambassador – someone in Northamptonshire who’s daft/naive enough to pay twice for their library service.

Partnership Libraries – what Barnet Council calls a volunteer/community org-led ‘library’ that’s open for 15hrs a week, users/campaigners call it a staffless book exchange that’s hardly ever open.

Bloggen til Wylie har ikkje hatt nye innlegg sidan mai 2018. Han har i staden auka aktiviteten sin på twitter, og her kan du fleire gonger dagleg få inntrykk frå ein av dei største bibliotekraseringane sidan bibliotekbrannen i Alexandria.

Noko for Tarjei V.

Skjermbilde 2019-02-01 19.24.07Ei nettavis frå Pittburg skriv om eit russisk bibliotek av is ved breidda av Bajkalsjøen.

Om ikkje våren kjem brått, noko vi ikkje heilt trur på no, så får vi oss billett på den transsibirske for å risse inn heile Tarjei Vesaas sin roman Isslottet på bibliotekveggane. Det er slikt ein gjer i eit isbibliotek, før det utpå våren renn ut i sjøen og endar opp i Nordishavet. Kven blir med?

PS 1: Så ser vi at jaggu ligg ikkje … Les mer «Noko for Tarjei V.»

Framleis greit med privat bibliotekdrift?

skjermbilde2019-02-0112.51.00Denne gongen gjeld det Sverige, men les vidare likevel, for ein dag gjeld det oss:

Lena Lundgren frå Föreningen BiS har levert eit forslag til Svensk biblioteksförenings (SB) årsmøte med oppfordring om å utgreie «bibliotek med alternativa driftsformer». BiS har dei siste par åra kritisert SB for å vere likegyldige til privat drift eller bibliotek «på entreprenad», med eit anna ord: konkurranseutsetting. BiS kartlagde omfanget av dette i 2007 og 2001 og fann rundt tjue døme av privat drift, dei fleste der veneforeiningar har tatt over ein nedlagd filial, og eitt døme, den såkalla Dieselverkstaden i Nacka, der dei tilsette fekk tilbod om, og godtok, å drive biblioteket for kommunen, som eit føretak. Og no er det kjend at konsernet Axiell skal overta drifta av dei andre biblioteka i Nacka.

Lundgren krev at SB skal «belysa de olika aspekter som rör förhållandet till bibliotekslagen och övriga lagar som berör biblioteken, hur samarbetet mellan biblioteken, inom och mellan kommunerna, kan påverkas, samt möjliga konsekvenser om fler kommuner väljer att lägga ut biblioteksservicen på entreprenad.»

 

Kulturpopulisme

skjermbilde2019-01-3116.44.43
I Stratford i London innførte dei for nokre år sidan «palleutlån» av bestseljarar

Marianne Bjørneboe skriv ein tosiders i Klassekampen i dag (31.1.19) om «Kulturpoulismen i NRK». Om korleis NRK etter kvart liknar dei kommersielle konkurrentane i mangt og mykje.

Men gjer vi ikkje det i  folkebiblioteket også?

Det skjer mykje bra innan kunst og kultur, men der NRK aldri er. Til dømes: «Hvorfor er det ikke kommet i stand et samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket og NRK, når de her sitter på så mye verdifullt og har utstillinger og arrangementer for utsolgte hus?»

Godt poeng. Ein måte å få fram biblioteket sitt potensial på, medrekna «debattbiblioteket».

Ente bara blogg

Som det kan låte i Østfold. Bloggaren har den siste tida vore aktiv med foredrag for Bibliotekarforbundet i Oslo (vi tar gjerne slike oppdrag! For ein ganske billeg penge), reportasjar for Bibliotekaren nr. 4 om store og litt mindre bibliotekkriser i Storbritannia og Danmark (eller på papir/pdf side 17-23). Pluss intervju same stad. Og vi er blitt intervjua om liknande ting på Norsk Bibliotekforening sine sider i Bok og bibliotek nr. 4, 2018 (kjem vel snart nedi her).

Arkivarbeid for kollektiv historie og motstand

skjermbilde 2019-01-30 00.57.58
Surr i sesongane. Tjuvholmen, Oslo 2, i dag i 14 kalde

Om du skulle vere i nærleiken av Berlin 2. februar kan du bli oppdatert på ikkje noko mindre enn «Building Archives for Evidence and Collective Resistance» i Haus der Kulturen der Welt.

Og på heimvegen kan du stikke innom Malmö 12. februar og på universitetet der lære det viktigaste om moblisering av «Afro-Brazilian and Native-Brazilian women to engage with and develop technology against social inequalities and racism».

Takk til Genosse Magnus og kamrat Sylvia. Det er fint å ha vener med litt andre horisontar. Sjølv om vi desse vekene er bundne til dei heimlege snøfonnene. Men andre kan jo dra. Og skrive om det. Velkomne.

Avisoverlevingsstrategiar

Når vi no står midt i tumultane omkring Atekst noterer vi i eit nyheitsbrev frå Norsk Bibliotekforening at dei har forhandla fram for medlemmane studentpris på abonnement på Klassekampen og rabatt på Morgenbladet.

Om nokre aviser kan kallast viktige når det gjeld biblioteksaka, er det desse. Sjølv om begge med ujamne mellomrom har skandaleoppslag om kassering av bøker.

På heimesida har NBF enno ikkje oppdatert desse medlemsfordelane, men det kjem sikkert snart.

Nytt 1. februar: Nei, heimesida er ikkje oppdatert, og NBF har no meldt på fagforumet biblioteknorge at «avtalen er dessverre ikke på plass ennå. Dette kan ta opptil flere uker».

Staten burde sikre eit «nytt» Atekst

Skjermbilde 2019-01-24 15.50.32.png
Ikkje alt i avisene er like verdefullt, men …

For eit par veker sidan hjartesukka vi høgt her på bloggen om nesten-kollapsen til Atekst: Dei store aviskonserna har pressa Atekst til å leggje inn 48 timars forseinking på artiklane deira. Frå før har Dagens Næringsliv hoppa heilt av, og til dømes Dag og Tid og Morgenbladet har innført forseinking på ei veke eller meir.

Klassekampen tok saka 18. januar, men noko lys i tunnelen var ikkje å sjå. Avisene opplever no Atekst som ein alvorleg konkurrent, særleg når dei no tar i bruk stadig høgare betalingsmurar, annonsesalet går ned og dei må leve av å selje abonnement. Men som på den akademiske tidsskriftfronten er det dei små og fattige som får svi. Statsetatar, mediehus og advokatkontor har råd til abonnement på dei enkelte avisene, mens til dømes frivillige organisasjonar og frilansarar, som underteikna, har ikkje tjangs. Når nytta er blitt så lita, må vi seie opp abonnementet ved første høve og heller satse på gode venar som har den og den avisa.

Til dei tapande partane høyrer også biblioteka. Til Klassekampen seier bibliotekaren Lars Egeland, nestleiar i Norsk bibliotekforening og læringssenterdirektør ved OsloMet: Les mer «Staten burde sikre eit «nytt» Atekst»