Staten burde sikre eit «nytt» Atekst

Skjermbilde 2019-01-24 15.50.32.png

Ikkje alt i avisene er like verdefullt, men …

For eit par veker sidan hjartesukka vi høgt her på bloggen om nesten-kollapsen til Atekst: Dei store aviskonserna har pressa Atekst til å leggje inn 48 timars forseinking på artiklane deira. Frå før har Dagens Næringsliv hoppa heilt av, og til dømes Dag og Tid og Morgenbladet har innført forseinking på ei veke eller meir.

Klassekampen tok saka 18. januar, men noko lys i tunnelen var ikkje å sjå. Avisene opplever no Atekst som ein alvorleg konkurrent, særleg når dei no tar i bruk stadig høgare betalingsmurar, annonsesalet går ned og dei må leve av å selje abonnement. Men som på den akademiske tidsskriftfronten er det dei små og fattige som får svi. Statsetatar, mediehus og advokatkontor har råd til abonnement på dei enkelte avisene, mens til dømes frivillige organisasjonar og frilansarar, som underteikna, har ikkje tjangs. Når nytta er blitt så lita, må vi seie opp abonnementet ved første høve og heller satse på gode venar som har den og den avisa.

Til dei tapande partane høyrer også biblioteka. Til Klassekampen seier bibliotekaren Lars Egeland, nestleiar i Norsk bibliotekforening og læringssenterdirektør ved OsloMet:

«Studenter skriver også oppgaver om dagsaktuelle tema, og dersom de ikke får tilgang til oppdaterte nyhetsartikler, kan det bære fryktelig galt av sted, advarer Egeland, som til daglig er leder av biblioteket ved Oslomet.

– Kan ikke Oslomet heller tegne avisabonnement, som mediene oppfordrer til?

– Det har vi forsøkt, men det har vist seg å være altfor tungvint og dyrt å kjøpe abonnement som skal være tilgjengelig for en større gruppe studenter. Mediehusene har ingen abonnementstilbud som er tilpasset brukere som oss. …

Egeland sitter også i universitets- og høyskolerådets bibliotekutvalg. Han lover å ta saken videre med direktoratet som har ansvar for universitetenes Retriever-avtale».

Men kva kan dei gjere? Ved første augnekast lite som kan påverke tilhøvet mellom kommersielle partar med sterkt motsette interesser.

Om då ikkje eit samanbrot hos Atekst viser seg å ikkje skaffe fleire abonnentar til avisene.

Det vil jo vere ein viss synergi mellom bibliotek og mediehus, slik det er mellom bibliotek og bokforlag (men som ingen kommersielle vil vedgå. Heilt nyleg kunne vi få det stadfesta på OCLCs nettstad, der det ligg ein artikkel som bygger på undersøkingar av akkurat dette: Nettbokhandlar og bibliotek utfyller kvarandre, dei er ikkje konkurrentar).

På landsbasis og i høve også til folkebiblioteka og dei einskilde brukarane deira må dei to departementa gå saman og forhandle med både mediehusa og Atekst. Atekst må sikrast ei framtid på grunn av det effektive og umistelege «samsøket» på tvers av avisene. Mens avisene sjølvsagt er avgjerande for innhaldet, både i Atekst og på deira eigne plattformer. Ingen er tent med avisdød heller.

I dag går statlege millionar kvart år til frislepp av gamle aviser i bokhylla.no. Kvifor ikkje nokre til dei aktuelle nyheitene og kunnskapen?

Og samtidig må biblioteka publisere meir sjølv. Ei digital fellesteneste som den danske Faktalink burde vere sjølvsagt. Vi har skrive om dei fleire gongar her på bloggen.

PS: Same Lars Egeland skreiv her om dagen på biblioteknorge om ein konferanse om bibliotek som publisistar. Det ser ut som veldig UHB-spesifikt, men folkebibliotek burde også diskutere dette.

One Trackback to “Staten burde sikre eit «nytt» Atekst”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: