Søkeboksgenerator og anna NB-nytt

skjermbilde 2019-01-24 16.51.34
Splint eller bjelke?

Søkeboksgenrator var eit heilt nytt ord for oss og gav både vage og sprikande assosiasjonar, innan vi las eit innlegg om det på Nasjonalbiblioteket si side for Bibliotekutvikling.

Alle bibliotek bør få seg ein eller fleire slike på heimesida, med søk i lokalavisa/ene og liknande. Men med ei forklaring om kva ein gjer når den blå handa set stopp for vidare lesing.

Nei, så oppdaga vi samtidig at den blå handa er vekk på dei utilgjengelege bøkene, avisene osv. i bokhylla.no, til dømes dei som er nyare enn 2000. I staden ser vi dette auget, med splint eller bjelke eller noko sånt. Og ved klikking på boka får vi fulle metadata og ei betre teneste enn før.

Gladnytt frå Liverpool

Som her i landet, er bibliotek-skilnadene i Storbritannia store, typisk mellom (nokre) byar som i desse tider har det med å oppføre påkosta «signalbygg» og på den andre sida småkommunar med spreidd busetting, som slit med deltidsstillingar og små og lite eigna lokale. Noko vi også meiner blei tydeleg i Bibliotekaren nr 4 i fjor. Gode bibliotek blir meir og meir eit by-fenomen.

Tweeten nedanfor frå Liverpool viser eit slikt typisk avvik frå det som vi her på bloggen har skrive om bibliotekkrisa i landet. Liverpool har eit fantastisk renovert hovudbibliotek som vi vitja for to år sidan. Og tok ein del foto.

 

 

 

 

 

«The best deal you are ever going to find»

nypl gratis utlån

Vi har både elektrikar og røyrleggjar i familie eller nær omgangskrins og må vel vedgå at vi har hatt fordelar av dette no og då. I (det avkorta) oppgjerets time har vi som bibliotekar tilbode vår form for bonus, altså heimlån av bøker – heilt gratis! Men utan å tru at nokon ville ta det som noko anna enn fleip. Dei har anten alt vore lånarar eller har trengt sterkare påtrykk enn som så.

Men i New York tok biblioteket dette skjemtet i bruk på Black Friday no i haust. Ifølgje nettstaden PR Week skrapa dei saman sponsormidlar til ein heilsides annonse i The New York Times med bodkapen vi ser over desse linjene. Og fekk 32 prosent fleire innmelde enn same dag året før, ti tusen likes og eitt tusen delingar og ei mengd positive tilbakespel frå PR-folk og andre som likte parodien på detaljhandelen sine perverse utsal.

Bibliotekhistorisk, takk og pris


Fredag i førre veke tok vi toget til Bergen og fanga inn dette frå vindauget like før Hønefoss. I denne låven på Ask gard (ofte kalla gods; jf det pompøse slottet til venstre), oppbevarte Universitetsbiblioteket i Oslo, i eigenskap av nasjonalbibliotek, over 5000 hyllemeter med bøker. Ordninga varte frå ca. 1969 til magasina til det nye Nasjonalbiblioteket var ferdige i Mo i Rana tidleg på 90-talet. Låven er 6 mil frå Oslo. I 1986 var det slike magasin også på Les mer «Bibliotekhistorisk, takk og pris»

Endå meir kuriøst

Når no først bloggaren er på Voss stasjon, på veg heim med Bergensbanen, kan han unne seg å minnast at han på perrongen her, for første og einaste gong, 24. oktober 1987, i ovmot, veksla nokre ord med diktaren Olav H. Hauge. Og skrøyt av eit av dikta hans. Truleg var det Det er den draumen (flott dikt, men det som 99 prosent ville valt). Han svara høfleg og blidt. Han venta på nokon med toget frå Bergen. Kven? Kan Bodil C. ha vore ute på noko? Skal sjekke i dagbøkene hans (for ei gullgruve!)

For vår del var dette etter ein bibliotekkonferanse på Voss, truleg om videokassettar i biblioteka, som var hot då. Togturen mot Oslo bar mest preg av Brann-tilhengjarar som skulle til cupfinalen på Ullevål. Mot Bryne. Stemninga var nok ikkje så høg på toget heim. Bryne vann 1-0 etter skåring av Kolbjørn Ekker i første ekstraomgangen.

Berre litt kuriøst

Her på bloggen har vi eit stikkord med namn Kuriosa. Med utgangspunkt i ein notis i Vårt Land i dag legg vi, under tvil, til som kuriosa informasjonen om det nystarta idrettslaget i Vatikanet. Og at «atletene består av medlemmer av Sveitser­garden, som er pavens livgarde, nonner, prester, munker og ­farmasøyter, samt en 62-år gammel professor som ­jobber i Vatikanets bibliotek.

Dramatisk om møtestader

Det er ikkje biblioteket denne gongen, men reportasjen hadde gitt meining også om «Narvesen» hadde vore bytta ut med «bibliotek». Mykje er likt når det gjeld lagnaden til lokale møteplassar. Og no gjeld det nedlegginga av Narvesen sin kiosk i Volda. Jon Hustad gjer i vekas Dag og Tid ein thriller av dette faktumet. Skjer det fleire stader i landet?

Medieprofessor Henrik Bastiansen er også intervjua: «Det store skiftet er … digitaliseringa. Alle teknologioptimistane bør no konfronterast med dei naive tankane dei stod i spissen for då dei hevda at teknologiseringa og Internett ville betre den offentlege samtalen og styrkja demokratiet.»

Bloggar treng avis-venar

No har det skjedd, ikkje overraskande: Nokre av dei viktige avisene har reforhandla og Atekst har måtta innføre 48 timar forseinking. Som ein ser, er treffa i til dømes Aftenposten, Bergens Tidende og Dag og Tid blitt «bleike» og uopnelege.

For ein bibliotekbloggar med ambisjonar er dette krise. Til dømes: Kva står i Aftenposten i dag om sal av Deichman?? Det er likevel ein ting å gjere: Bloggen må få seg ei støttegruppe av folk og bibliotek som har slike viktige aviser, på papir eller nett, og som no og då kan ta imot e-postar eller SMS herfrå og sende oss artiklar eller foto av artiklar. Vi oppretter ei enkel nettside, kan hende i Google Keep, der vi legg inn konkrete behov i ei liste og der bloggvenane kan huke av når artikkelen er ekspedert.

Meld dykk på til frilanders @ gmail.com og skriv om de har særleg Aftenposten, Bergens Tidende, Adressa, Nordlys og Dagens Næringsliv. Og Kommunal Rapport!

På førehand stor takk!

Kva har Bokhylla.no å seie for biblioteka?

skjermbilde 2019-01-11 00.45.22>> I botnen av artikkelen samlar vi i ettertid tal for bruk, økonomi osv. som gjeld bokhylla.no og som vi får tips om eller kjem over.

Dette har vi lenge lurt på og prata litt her og der med bibliotekfolk om. Men ingen har visst noko særleg og heller ikkje tenkt så mykje på det, for det har vel knapt vore tema i faglege samanhengar. Det kjem ein del info om kor mange hundretusen bøker, aviser, filmar og foto som blir digitaliserte ved Nasjonalbiblioteket, men burde ikkje bruken vere endå meir interessant?

For folk og politikarar må år etter år lese om stagnasjon i utlånet. Til barn og unge går det opp, men til vaksne ned. Men her har vi «gløymt» suksessen til Bokhylla.no, og den er det vel akkurat vaksne som bruker mest.

I går kunne vi lese at NB har starta ei grundig, uavhengig evaluering av heile den nasjonale bibliotekstrategien (2014-18), og kan vi då håpe at også bruken av Bokhylla.no kjem under lupa og blir offentleg kunnskap? Vi er ikkje trygge på dét, sjå nedanfor: Les mer «Kva har Bokhylla.no å seie for biblioteka?»

Kva vil politikarane tru?

Skjermbilde 2018-06-07 16.36.30Vi er ikkje mange som bloggar om bibliotekpolitikk for tida, men her vil vi pushe ein verkeleg veteran: Karl Kalseth i Kunnskapsgartnerne. Han driv ikkje berre med arkiv, fagbibliotek og «fremtidsrettet informasjons- og dokumentforvaltning», men nyleg også med folkebiblioteket og det vi her på bloggen har kalla X-utlån.

Under tittelen To Nesbø og en boremaskin, takk! skriv Karl blant anna:

«Nå er kravene til effektivitet, relevans og etterrettelighet store for alle virksomheter, også for kommunale virksomheter, også for bibliotek. Da er risikoen overhengende stor for å få i fleisen at … Les mer «Kva vil politikarane tru?»

Kulturellkapitalistisk mosing av IKEA og stylistane

franske stockholm

Sjeldan har ei mediesak om bøker og bokhyller fått så stor merksemd som då NRK i dag signaliserte at «Nå skal bøkene stå feil vei i bokhylla». Vi har alt lenge reagert på at bokhyllene er vekke frå både dagleg- og eventuelle finstover. Men mens vi skriv går det opp for oss at sånn har vi det her heime også, rett nok etter at stovearealet blei meir enn halvert etter flytting for eit år sidan.

Men vi lanserer eit kompromiss: Bytt til franske bøker, så kan dei stå rette vegen. Som på fotoet som vi tok for nokre år sidan i Stockholms stadsbibliotek. Avdelinga for fransk litteratur er på midten av fotoet.

Og med utsikt til frankofil-stempel i tillegg skulle vi ha parkert endå fleire av bustadstylistane i Oslo 2.

Quiz som handfast bibliotek-PR

skjermbilde 2019-01-08 18.27.55
Dette oppslaget fann vi i Halden bibliotek for nokre år sidan

Vi registrerer på Nettet at ein del norske bibliotek arrangerer quiz i biblioteket eller på pøbbar og liknande. I 2015 var blant anna NBF engasjert i eit forsøk på å gjere quiz vanleg i biblioteka. Men det ser ikkje ut til å skje mykje i dag, og der noko skjer, får vi inntrykk av at bibliotek gjerne hentar inn eksterne, røynde quizmasterar, både til å lage oppgåvene og halde styr på møta.

>> Bruk kommentarfeltet nedanfor om dette ikkje stemmer eller om de har andre røynsler å formidle til fleire.

Ekstern ekspertise kan vere positivt nok, men i USA er i staden quiz-verksemda nært knytt til bibliotekarkompetansen og integrert med referansetenesta*, skal vi tru ein reportasje i Library Journal: Les mer «Quiz som handfast bibliotek-PR»

Kunsten og biblioteket sett frå solsida

Kunstkritikar Tommy Olsson (som i Wikipedia også figurerer som «kunstner, kurator, kunstkritiker, musiker og selvutnevnt pornograf») har i Klassekampen i dag (på papir og e-abonnement) ei herleg dobbelside der han oppsummerer kunståret 2018. Det skjer med brodd mot tendensen at «godt voksne milliardærer … leker autoritetsopprør.» Med døme som at Christian Ringnes og Johan H. Andresen Jr leiker opprørarar med den digre, rosa dildonissen dei har erigert i ei rundkøyring i Oslo. Og som når ein kunstnar overraskande gjennomfører eigen-destruksjon av eit måleri straks etter at det får tilslag på over ein million pund hos Sotheby’s i London.

Nei, kunst-stunt skal risikere noko for deltakarane, meiner Olsson, som då Pussy Riots storma banen under finalen i fotball-VM i Moskva.

Verken litteratur eller bibliotek er ein del av dette hos Olsson. Men inn via twitter får vi brått noko som gjev liknande assosiasjonar, og då med tilknyting til bibliotek: Les mer «Kunsten og biblioteket sett frå solsida»