
Vi refererte tidlegare i dag til motseiinga som Klassekampen ville ha fram mellom arrangement i biblioteka versus litteraturformidling og lesefremming. Men alle bibliotek treng ikkje jamleg stresse med dei krevjande og dyre debattarrangementa. Berre å få tak i gode nok møteleiarar kan jo vere eit sant h… . Men biblioteka, kvart stort eller lite bibliotek i Noreg, kan bidra vesentleg også til andres arrangement, til dømes kommunale høyringar, med kunnskap rundt dei aktuelle tema, i form av førebuande bokutstillingar i biblioteket, tematiske lenkesamlingar på heimesida, i sosiale media og i epost direkte til dei involverte partane.
Her høyringar som er aktuelle rundt i landet akkurat no.
I lovproposisjonen, i merknaden til føremålsparagrafen, noko som er viktig i alle lovtolkingar, finn vi utdjuping av dette: «Både den fysiske og digitale møteplassfunksjonen og formidlingsansvar for alle typer medier, omfattes av loven ved at bestemmelsen holdes teknologinøytral.»
PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 747 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.



Bibliotekarforbundet har lenge hatt ei aktiv arbeidsgruppe for e-bøker, men som no går heilt opp i dei elektroniske lydbøkene. For denne litterære formidlingsforma har blitt ei stor sak i riksmedia dei siste par vekene. Det starta med at sjefane for storbybiblioteka ytra seg i Aftenposten 8.2. og
Rogalands Avis har (bak betalingsmur) hatt fleire oppslag den siste tida om at bibliotek i distriktet har late det såkalla Selvstendighetspartiet halde lokale stiftingsmøte i biblioteklokala.
Vitskapsjournalist Bjørn Vassnes i Klassekampen har i dag ei dobbelside der han oppsummerer forskinga rundt skjerm versus papir og korleis dei har ulik innverknad på lese- og dermed skriveevna og dermed kognitive, sosiale og fysiske evner. Og dermed på demokratiet. Undervegs er det ikkje fritt for at han då må kritisere mykje pedagogisk og politisk praksis rundt landet, der iPaddar og liknande har fått dominerande innpass i skoledagen.