Dette tilbodet finn du nede til høgre her. Saman med p.t. 816 andre kan du enkelt få e-post kvar gong det kjem ein ny bloggpost. Fredag morgon kjem vekas oppsummering på forumet biblioteknorge.
Digitalt lånekort i Noreg versus Luxembourg
Nasjonalbiblioteket har saman med Bibliotek-Systemer As lansert digitalt nasjonalt lånekort: «Dette er et fullverdig nasjonalt lånekort som lånere uten nasjonalt lånekort fra før kan skaffe seg ved å registrere seg på nb.bib.no. Tjenesten krever at man identifiserer seg ved hjelp av ID-Porten (MinID, BankID, m.fl.)».
>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.
Men i Luxembourg kan du få digitalt lånekort i tre månader ved berre å sende namn og adresse osv. i ein e-post.
Australsk eventyrstundeventyr
Den australske bibliotekforeninga annonserer at biblioteka i landet no står fritt til å halde eventyrstunder og liknande på nett, utan å måtte tenkje på å be korkje forlag eller forfattar og eventuelle kunstnarar om løyve og utan å måtte betale vederlag. Og dei står fritt til leggje videoane ut på Facebook, Youtube osv. Dette ifølgje ein fersk avtale mellom forfattarforeininga, bokbransjen og bibliotekforeininga.
>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.
Vilkåra er at bibliografiske data skal framgå på rulletekstar og liknande, og at når WHO har meldt «faren over», skal alle opptak slettast og fjernast frå nettet.
Og ein kan jo sjå på det som svært god reklame i ein periode, både for biblioteka, forlaga og kunstnarane. Fleire barn enn dei som brukte bibliotek fram til Koronaen vil kunne bli bibliotekbrukarar etter dette, i tillegg til at boksalet kan auke.
NB: Dette er altså ikkje regelen i Noreg. Her har Forfattersentrum gått ut med eit Anbefalt midlertidig rammeverk for digitale opplesninger, og Nasjonalbiblioteket har generelt minna om opphavsretten. Det er ingen grunn til å sabotere dette, innan ein eventuelt inngår ein liknande avtale her i landet.
Permittert eller karantenert bibliotekar?
Kvifor ikkje bidra til historia om biblioteket ditt i bibliotekhistorie-delen av lokalhistoriewiki.no? Gå til «Kategorier» borte til høgre og sjekk under til dømes «Folkebibliotek» om det alt finst ein artikkel. Mange av desse er berre påbegynte, så det finst ofte ein god del å bidra med.
>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.
Lydbok er framtida, men med store manglar på norsk

Dei nye kommunikasjons- og medievanane under Koronaen er ikkje berre forbigåande, men vil bli varige. Som at videomøte på eit par veker er blitt normen: «Ting som ellers hadde tatt 10-15 år å utvikle skjer nå på noen uker». Og i går skreiv Aftenposten om «Stor økning i lydboklytting». Mange fleire enn før har fått augo, og øyrane, opp for lydboka.
>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.
I går fekk vi vite at folkebiblioteka får 20 ekstra millionar frå staten til kjøp av kommersielle e-bøker og e-lydbøker. Men kva når kvardagen kjem, i ein situasjon med gjenreising omlag som etter andre verdskrigen og mykje lågare kommunebudsjett enn i dag?
Og om lydboka blir meir jamstillt med både p- og e-boka, så er dette berre halve sanninga. Kan du tenkje deg … Les mer «Lydbok er framtida, men med store manglar på norsk»
Turboka du aldri har drøymt om!
Det kjem til å bli blogging for halv maskin ei tid framover på grunn av innspurten med boka «Kortreiste topper i høyreist skog». Om kommunetoppane i eit fylke slukt av Viken, men som framleis lever! Ei bok inspirert av Roger Pihls «Guide til det danske høyfjellet». Du kan laste ned eit av kapitla frå nettstaden. I ein Spleis kan du kjøpe boka på førehand og bli med på ei folkefinansiering.
Kjem dessverre ikkje som e-bok …
Del gjerne 🙂
Abid Raja – tidenes mest spandable bibliotekminister
>> Vi har seinare, i ulike samanhengar, justert denne karakteristikken av Abid Raja.
Aftenposten no i føremiddag: «Krisepakke til bibliotekene. Alle skoleelever får digital tilgang hjemmefra». Alt er ikkje like tydeleg i dette lille oppslaget, men på NB si heimeside får vi detaljane.
I forhandlingane med Kopinor og bokbransjen har dei oppnådd betre tenester når det gjeld utnytting av pliktavleverte e-eksemplar, men avgrensa til skoleelevar, studentar og forskarar. Ein må forstå det slik at det gjeld alt dei har og det som kjem til i perioden. NBF sitt krav om at dei pliktavleverte bøkene skal gjelde alle, har ikkje fått tilslutning,
I tillegg får folkebiblioteka 20 millionar til kjøp av kommersielle e-bøker og e-lydbøker. Det er interessant at fylkesbiblioteka her viser seg naudsynte for å få administert dette. Det kjem også 5 millionar til formidling av digitalt innhald. Men vi finn ingenting om rullering av Bokhylla-avtalen, noko som er foreslått av fleire dei siste vekene.
Noko er omdisponeringar på NB sitt budsjett og noko er omdisponering og nokre nye tippemidlar.
Her er detaljane i tiltaka for å styrke det digitale bibliotektilbudet:
Les mer «Abid Raja – tidenes mest spandable bibliotekminister»
Digital oppmuntring

I desse tidene då vi må ty til elektronisk kunskap og kultur, kan tweets frå Oslo Poesikammer vere noko å lese og dele.
Og med det same, i desse fake news-tidene vil vi minne om ein av tidenes beste medie- og politikar-ironiske sketsjar, ein «oomkullrunkelig klassiker» (!), som no også inngår i ein omfattande podcastserie frå SVR.
Kor går biblioteksongsjangeren?

Det er helg og ein må inniblant slappe av oppi alt Korona-alvoret. Med biblioteksongar. Lesarane av denne bloggen kjenner til mange songar, dikta av bibliotekfolk med lyriske talen … ambisjonar. Dei aller fleste svært bibliotekpolitisk korrekte. Men faktisk har også seriøse artistar prøvd seg i sjangeren. Her kjem tre av dei; to norske og ein svensk.
Lenge gjekk «Du må ha ei bok for å finne gleden» for å vere landets beste biblioteksong, men denne er også ganske prydeleg og trad. Finn Evensen (Bjelleklang) gjorde låta, men Trond Granlund gjorde henne kjent under opninga av Lørenskog bibliotek sine nye, flotte lokale i 2011. De finn teksten på side 9 i Bibliotekforum nr. 5 frå 2011.
Men så tipsar medbloggar og bibliotekaktivist Mikael Böök meg i dag om ein skikkeleg lang og god bibliotekballade!: «Upplands Väsby bibliotek 1887 – 2015». Ex-proggrockar Tore Berger er ansvarleg for tekst, melodi og framføring. Her får vi ein spydig versjon av heile livshistoria til eit konkret bibliotek i ein forstad til Stockholm! Utgangspunktet for songen er at biblioteket har visse problem, blant anna med kombinasjonsbibliotek og at lokala er på andre høgda, i alle fall var dei det i 2015. Og det ser ut til at dei i dag berre delvis har kome ned på gateplan.
Blant alt som skjer gjennom dei 17 versa, er det enkelte ting som er spesielt interssante for oss her i landet, som til dømes … Les mer «Kor går biblioteksongsjangeren?»
Lydbokløft for smale titlar?

I desse tider skjer ting som var utenkjelege for eit par veker sidan, som at den spanske staten nasjonaliserer alle private sjukehus. Og i ein fersk video på The Intercept minner Naomi Klein om at det same skjedde i endå større målestokk i USA for 80-90 år sidan.
Norskspråklege lydbøker handlar stort sett om krim og bestseljarar. Samfunnsviktig, for ikkje å seie samfunnskritisk (!), og dermed smalare litteratur, står langt bak i køen. Men kva om Abid Raja og gjengen gav nokre millionar til lydbokisering av slike titlar. På vilkår av at dei også skulle vere tilgjengelege gjennom biblioteka, på mykje betre vilkår enn i dag. For dei vil jo elles ikkje vere god butikk for forlaga og dei kommersielle appane.
Vi gjentar kva NBFs Heidi Hovemoen sa til Morgenbladet i førre veke:
Aukrust-arkeologi må til

Vi les at det har kome ut ei bok om «hundreåringen» Kjell Aukrust, ganske overraskande på eit forlag «nær oss». Men då er det også tid for å minne om at Aukrusten var ein av tidenes største bibliotek-forbrytarar!
Men han gjorde opp for seg. Før Deichman på Hammersborg renoverast til nye formål må arkeologar slippe til i lokala til musikkavdelinga. I dette intervjuet eg gjorde for NBF i 2014 med tidlegare Deichman-sjef Liv Sæteren finn de denne historia.
Situasjonen «over there»
I USA må bibliotektilsette no kjempe for å få stengt biblioteka, og så for å ikkje miste lønna. Her eit opprop frå fagforeininga ved University of Pittsburgh.
«… dramatiske ringvirkninger for hele kulturøkonomien»

På Bok365.no kan vi i dag lese om at «Litteraturhusene i Oslo, Bergen, Fredrikstad, Skien og Trondheim, har gått sammen om et brev til kulturdepartementet hvor de ber om tiltak mot den akutte situasjonen som har oppstått».
Dette må ein jo ha sympati for, men, som vi før har skrive, «biblioteka sine gratis tenester betyr jo ikkje økonomiske tap for nokon, så der er det ingenting å kompensere for i denne situasjonen. Men korleis skal Noreg få biblioteka på beina igjen etter at dette er over, når kommunekassene er endå meir slunkne?»
Les blant anna kva Oslo sin byrådsleiar, Raymond Johansen, seier i Klassekampen i dag (for abonnentar):
Les mer ««… dramatiske ringvirkninger for hele kulturøkonomien»»Kreativitet mot Korona
Her kjem det framover lenker til kreative utspel og tenester frå bibliotek, slik som situasjonen er med smittefare og stengde lokale:
- Oslo: Litterære forundringsposar.
- Hässleholm, SE: Boka kjem til alle over 70. Og: Henting etter åtte veker. Ingen bok-karantene! Viruset festar seg vel ikkje til svenske bøker …
- Norskspråkleg hente-teneste: I Halden heiter det ikkje take-away, men «bestill-og-hent» 🙂 Når kjem første på nynorsk: «Ting og ta med»!?
- Nei, i alle fall ikkje i nynorsk-kommunen Stord. Dei valde i staden engelsk, men med ein ny vri: «Drive-in-bibliotek».
- Virtuell lesesirkel? Etter modell av svenske Aftonbladet.
- USA: Virtuell skranke. Hjemmeside med lenke til spørretjeneste kopla til Open Google Meet»
- Danmark: Liste med ulike tiltak, blant anna «Mød en forfatter online – Livedebat med forfattere på Litteratursidens Facebook».
- Danmark: 3D visirproduksjon på folkeverkstader i biblioteka
- Sverige 8. april: Pressarkivet släpps online – Fri tillgång till 27 miljoner digitaliserade sidor, från 1600-talet fram till början av 2020.
- Danmarks Biblioteksforening har gjort ein PDF med «Bibliotekernes online corona-aktiviteter».
- Kerteminde, DK: Book en online-bibliotekar « … i op til en halv time over telefonen». Dette er ikkje noko nytt tilbod i danske folkebibliotek, men ekstra viktig no.
- Kva med endeleg å få utvikla eit norsk bibliotek.dk i desse tider?
- «Bibliobattles 2020» Her samarbeider fleire bibliotek på tvers av kommunegrenser for å lage konkurransar i forskjellige spill.
- Rælingen: BokKafé påskespesial 2020 (digital versjon).
- Härnösand i annleislandet Sverige: «Självklart har vi öppet som vanligt, men man ska inte behöva besöka biblioteket för att kunna låna eller återlämna om man är orolig för corona».
- Montana, USA: Biblioteka reserverer no 3D-printarane sine for produksjon av masker for helsepersonell.
- 1. april: Deichman lanserer Allbok, ein ny app for e-bøker og lydbøker.
- Sverige: «Sänker priser på digitala böcker till bibliotek».
- Drive-in-bibliotek kallar dei det på Ringsaker.
- Den liberale svenske Korona-politikken betyr opne bibliotek, men bak barrikadar.
- San Francisco: Bibliotek blei tilhald for ungar av samfunnskritiske*
- Kjetil Lismoen i Rushprint: «Gi bibliotekene enda større ansvar for norsk film».
- Pennsylvania, USA: Stengt bibliotek, men ope bibliotek-WiFi på P-plassen.
- Risør var vel først ute (sjå nedanfor), men per 26.3. har sju andre bibliotek i Agder starta opp, pluss Skien i Telemark (og Vestfold, som det no skal heite). Og Hole i det såkalla Viken. Der Klassekampen var på reportasje 27.3. Her eit googlesøk, som kanskje vil vise endå fleire i morgon. OBS: Kartet og boksen på toppen er misvisande.
Nasjonalbiblioteket har lansert digitalt nasjonalt lånekort med BankID-registrering o.l., men i Luxembourg kan du få digitalt lånekort i tre månader ved berre å sende namn og adresse osv. i ein e-post.
- Australske folkebibliotek står fritt til å halde eventyrstunder og liknande på nett under pandemien ifølgje ein avtale med bokbransjen og forfattarane.
- Lydbokløft for smale titlar? Kva om Abid Raja og gjengen gav nokre millionar til lydbokisering av slike titlar. På vilkår av at dei også skulle vere tilgjengelege gjennom biblioteka, på mykje betre vilkår enn i dag.
- Fritt fram for biblioteket som «lydbokforlag»! No er tida moden for dette som vi skreiv om i april i fjor.
- Mange bibliotek set no i gang med opplesingar og eventyrstunder på nett. Camilla C. og Asbjørnsen og Moe og dei har ikkje krav på vederlag lenger, men med tanke på forfattarar som var med oss i 1950 og frametter har Forfattersentrum publisert eit Anbefalt midlertidig rammeverk for digitale opplesninger. Vi skreiv meir om vernetid og sånt i januar i år.
- Lån og les digitale bøker til 3-6 åringen fra sofakroken skriv Bergen offentlige bibliotek.
- Meieriet bibliotek i Vestvågøy og Nordland fylkesbibliotek har utvikla Karanteket, ei samleside over digitale bibliotektenester.
- Take-away bibliotek i Risør
- Bergen offentlige bibliotek har ei god side med lenker til Frie e-bøker.
- Danske Faktalink.dk har sjølvsagt ein fyldig artikkel om epidemien, i tillegg til at dette er verdas beste (?) elektroniske kunnskapsportal med eit folke- og skolebibliotekarisk utgangspunkt. Noko vi har blogga mykje om. Men for å lese alt i alle artiklane må ein abonnere.
- Internet Archive har tips om 7 Things To Do If You Can’t Leave The House, basert på deira eigne enorme digitale samlingar.
- The Internet Preservation Consortium’s (IIPC) Content Development Group (CDG) jobbar for å sikre nettressursar for framtida om blant anna også Koronaviruset og påfølgjande kriser. IIPC Members are organizations from over 45 countries, including national, university and regional libraries and archives. Nasjonalbiblioteka i NO, SE og IS er medlemmar.
Konkurrentene Fabel og Storytel har inngått en prøveavtale om å dele enkelte titler fra sine respektive eierforlag: Deler på de store
Heiter det i Klassekampen i dag.
Skulle berre mangle. Men ikkje eit ord om bibliotek.
