Global landsby?

Bjørn Vassnes skriv i dag i Klassekampen (på papir og på nett for tingarar) om «Skaleringsblindheten». Éitt auge å bli blind på er når du trur at alt som blir testa på mus er overførbart på menneske. Men fordi livsprosessane til små dyr som mus (eg kjem snart til landsbyen!) går så mykje raskare, utvikler dei også mykje raskare til dømes kreft.

Og så drar han inn media-guru Marshall McLuhan, ein forfattar som i alle fall var stor snakkis på bibliotekskolen på 70-talet og som fekk ein renessanse då internettet kom tjue år seinare. Vassnes skriv:

«Også på andre områder og andre fagfelter, kan «skaleringsblindhet» føre til feilslutninger. Som da Marshall McLuhan kom med sin tese om «den globale landsby». Med dette mente han at nye kommunikasjonsteknologier knyttet verden sammen på en måte som gjorde alle klodens mennesker til beboere i én og samme landsby, fordi vi nå kunne se bilder fra og kommunisere med folk på den andre siden av jorda. Men en landsby kan ikke skaleres opp … Les mer «Global landsby?»

Opnare Access på 2020-talet?

Lisensen CC BY er tilrådd i rapporten

Krono.no har i dag ein større sak om Plan S og den nye rapporten «Rettighets- og lisensspørsmål ved åpen publisering». Her kan vi blant anna lese at: »Forskerforbundet har vært kritisk mot den lisensen som er anbefalt i Plan S. Nå får de og andre kritikere langt på vei støtte i den ferske rapporten.»

Frå pådrivarsida for Plan S har Khrono sitert frå ein kronikk i Forskerforum av direktør John-Arne Røttingen i Forskningsrådet. Han meiner rapporten «tydeliggjør … at våre krav om åpen tilgang ikke er i strid med akademisk frihet, og belyser også hvordan forskningsinstitusjonene kan sikre en overgang til full åpen tilgang».

Det var Unit som tinga rapporten, som dei la ut 23. desember. Vi følgjer opp på bloggen.

«- Kultur-Norge forandres dramatisk»

Overskrifta er frå Aftenposten i går. Og vidare heiter det:

«Regjeringen ser for seg at pengekrevende, offentlige institusjoner, som Hålogaland Teater, Rogaland Teater, Trøndelag Teater og Bergen Kunsthall, heretter skal konkurrere om midlene sammen med alt annet som trenger penger for at et fylkessamfunn skal kunne fungere. Skoleskyss. Antall linjevalg på videregående. Tannlegetjenester. Veiprosjekt. Men også kunstnerkollektiv, lokale musikkfestivaler og frie teatergrupper».

Dei fylkeskommunale bibliotekoppgåvene kjem i same sekken. Her om dagen gratulerte vi Trøndelag fylkesbibliotek med Årets bibliotek-prisen og håpa at denne merksemda rundt fylkesbiblioteka kunne demme opp mot ulike «teikn i tida». Her er eitt av teikna.

Debattbibliotek på fjorden

Bjørn Nilsenforfattar og tidlegare NRK-journalist og formann i Den norske Forfatterforening, fylte 85 i romjula. Han er ein av mange forfattarar som har vore med på bokbåten Epos gjennom tidene. Og ved eit høve i 1971 føregreip han det for tida aktuelle «debattbiblioteket» då han under ein stopp ved ei brygge langs Sognefjorden improviserte eit debattmøte ombord. Temaet var ein kontroversiell lokal plan om ein ny vegtunnell som han høyrde at nokre av lånarane snakka om.

Episoden er av det slaget som har fått plass på «Veggen». Vi gratulerer.

«- Etterspørsel etter bibliotek, trening og helsetjenester»

Hjørring 2018
Kjøpesenter, med bibliotek oppe til høgre. Hjørring, DK

Vi har fått høyre at vi har ubalanse i kjeldene våre; ei viss avis på venstresida, og med stalinistisk fortid, er blitt ein gjengangar her på bloggen. Då svarer vi gjerne at avisa er ei av dei klart beste kulturavisene (som dessverre ikkje seier så mykje lenger), og med ein del bibliotekrelevant stoff. Rett nok ikkje utan feil, ho heller. Men for å verkeleg forsøke å kompensere deler vi i dag ei sak frå «Retailmagasinet» – eit «uavhengig fagtidsskrift for drift og ledelse av kjeder og kjøpesenter».

Her kan vi lese om stoda i 2019 for Citycons kjøpesentre. Dei har hatt «såvidt vekst», men  leiinga er opptatt av «noen trender som kommer til å være avgjørende for å lykkes fremover. – Vi ser at folk vil ha mer mat og drikke og flere serveringstilbud på sentrene. Samtidig opplever vi økende etterspørsel etter bibliotek, trening og helsetjenester» (vår utheving).

Men bibliotek i kjøpesenter har vi skrive om før, og då med ein viss skespsis.

Når det gjeld den nemnde kulturavisa, så har dei i dag ei sak om Biblioteksentralen sin nye e-bok-app Bookbites, der dei tar i bruk «kreative metadata», som blant anna betyr at dei spør brukarane om kjønn: «Velg kjønn – og la oss gi deg anbefalinger». Men som dei likevel ikkje bruker. Meir vil vi ikkje seie, for balansens skuld. Men avisa skal finnast i mange bibliotek.

Ikkje Bokselskapeleg avliving

Skjermbilde 2020-01-16 12.06.45
Slik ser vi Skåden mellom sine gamle kollegaer på Bokselskap.no

Klassekampen har i dag ei stolpesak på kultursidene om vårt alles kjære Bokselskap.no. Dei digitaliserer som kjent norske forfattarar som har falle i det fri etter Åndsverklova og produserer e-bøker av dei av høg kvalitet. Men Klassekampens poeng er at mellom avdøde forfattarar som Per Sivle, Amaile Skram, Eilert Sundt og Magdalene Thoresen har Bokselskapet også lista opp den 44 år gamle, høgst levande forfattaren Sigbjørn Skåden.

Så oppegåande, tenkte vi først, at han har klart å hacke seg inn i Bokselskapet! Og tilsvarande mykje PR-kåt.

Men greia er at Bokselskapet ikkje berre lagar e-bøker av dei som opphavsrettsjuridisk har falle i det fri, men også opnar for forlag og forfattarar å inngå avtalar for ope publisering av nye bøker. Open Access, for å seie det slik. Slik har Skåden fått innlemma ei bok frå 2004 i denne samlinga: «Skuovvadeddjiid gonagas». Faktisk debutboka, som han også blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris med.

Apropos å falle i det fri: Det finst gode nettstader for å få oversikt over sånt. Til dømes på Wikipedia, der dei i den engelskspråklege utgåva har artiklar som «1949 in literature«, der underkapitlet «Deaths» fortel oss … Les mer «Ikkje Bokselskapeleg avliving»

Doktorgrad om lesevanar

fullsizeoutput_160aI Klassekampen onsdag 15. januar (på nett berre for tingarar) var bodskapen som på ingressbiletet her til høgre. Saka er omsett frå danske «Information», og journalist Rasmus Bo Sørensen startar med sine eigne lesevanar og meiner «alt var betre før»:

«Den gangen var det færre distraksjoner, og konsentrasjonen var dypere. Man kunne sitte i skjæret fra et blafrende stearinlys og lese mens verden passet seg selv. Forestiller jeg meg. Men det er feil, sier bokhistoriker Tina Lupton, som nettopp har forsvart avhandlingen «Reading and the Making of Time in the Eighteenth Century» ved Københavns Universitet.»

Dei som verken tingar på KK eller «Information» kan lese presentasjonen av doktorgraden på heimesida til Københavns universitet. Sjølvsagt er det også lenke til heile avhandlinga.

Samfunnsklimaet krev sjølvmedvitne bibliotekarar

Skjermbilde 2020-01-14 12.29.07Bloggaren har på ny gjort eit intervju for tidsskriftet Bibliotekaren, med bibliotekprofessor Joacim Hansson ved Linnéuniversitetet i Växjö. Det kan lesast i nummer 4, 2019 på papir og på pdf. Og i ein litt lengre versjon her:

Samfunnsklimaet krev sjølvmedvitne bibliotekarar

I Sverige har ytre høgre starta ein målretta kamp mot bibliotekpolitikken. Utviklinga krev meir sjølvmedvitne bibliotekarar, meiner den profilerte bibliotek- og informasjonsvitskapsprofessoren Joacim Hansson.

Tekst og foto: Anders Ericson, frilansjournalist og bibliotekbloggar

Om du høyrer til den litt aparte rasen som tingar siteringar i Google Scholar, kjem svenske Joacim Hansson på sitat-toppen blant bibliotekforskarane, med nær nitti hittil i år. Så har han då vore svært produktiv i sine tjue år som bibliotek-doktor, med 12-13 bøker og rapportar på tre språk i Libris, den svenske nasjonalbibliografien. Pluss ei mengd artiklar. Og mykje handlar om bibliotekarrolla, -identiteten og -etikken. 

Bibliotekaren drog til Linnéuniversitetet i Växjö for å høyre meir om dette temaet, som litt uforskyldt har kome i aktuelt fokus i Sverige, også fordi ytre høgre har starta ein målretta kamp mot kultur- og bibliotekpolitikken.  Les mer «Samfunnsklimaet krev sjølvmedvitne bibliotekarar»

Stille lesesirklar

Bloggarkollega Peter Alsbjer har i dag fanga opp eit sympatisk US-fenomen som har spreidd seg: Stille lesesirklar. Til skilnad frå typiske lesesirklar og -klubbar finst det ikkje press her for å bli ferdig med ei felles bok til ein frist eller å bidra med høgttravande analysar. Du vel den boka du vil, du sit saman med dei andre i sirkelen og les eitt kapittel, for så etter ein time å presentere kva du har lese. Om du vil. Altså låge ambisjonar, men likevel, eller nettopp derfor, populært, for etter starten i San Francisco i 2012 er det no 180 klubbar i 20 land.

PS: Erkebiskop Ambrosius av Milano (340 – 397) skal ha vore den første som las stille.

Informasjonsflaumskadeførebygging?

Skjermbilde 2020-01-13 12.13.22
I Danmark er Nivå ei elv. Klikk og kikk

Den danske biblioteksentralen DBC reklamerer i dag med at dei har utstyrt nesten 1,4 millionar katalogpostar til danske tidskriftartiklar med kodar for fagleg nivå. Til dømes kan no ein elev på vidaregåande søke i bibliotek.dk (førebiletet og supervarianten av norske Biblioteksøk) og få treff avgrensa til «gymnasieniveau». Dei tre andre nivåa er «alment», «fagligt» og «forskningsniveau». I norske Biblioteksøk har vi to slike nivå: «Barn og ungdom» og «voksne».

Men er alt arbeidet verdt det? For korleis får dei elevane, for ikkje å seie studentane og forskarane, til å ikkje gå rett til Google kvar gong?

E-bok- og lydbokløysing gjennom ny statleg lesepolitikk?

 

Skjermbilde 2020-01-13 06.56.09
Betre vilkår for lesing? Bruce Naigles’ «Kristian leser», avduka av Anne Cath. Vestly ved Moss bibliotek i 2005

Vi blogga i går om eit oppslag i Klassekampen 10. januar (ikkje på ope nett) om eit notat frå desember frå bokbransjen til statsrådane for kultur, høyere utdanning og kunnskap med krav om ein ny lesepolitikk.

Det siste av dei fem punkta i notatet er behovet for «Et bedre grunnlag for politikkutforming». Dette må bety meir forsking, og Klassekampen intervjua her Steffen Sørum, leiar av Barnebokinstituttets forfatterutdanning:

«– Men hva skal forskes på? At papirboka dør, og om man skal bruke millioner av kroner på å forhindre det? Eller skal man akseptere at lesing går over til andre plattformer og undersøke hvordan litteraturen kan henge med?»

 

Svaret på Sørum sitt dilemma kan sjølvsagt ikkje vere eit anten eller. Dette betyr at heile Litteratur-Noreg, medrekna Norsk Bibliotekforening, som det i går ettermiddag gjekk fram at også sto bak notatet, no vil jobbe saman for ein lesepolitikk med gode løysingar også for bibliotekutlån av e-bøker og elektroniske lydbøker. Noko blant anna lesarane av denne bloggen veit at ikkje er på plass, for å seie det mildt.

Dei fem punkta i notatet er:

  • Handlingsplan for lesing.
  • Statusheving av norsk.
  • Videreføring og styrking av eksisterende lesetiltak.
  • Styrking av skolebibliotekene.
  • Et bedre grunnlag for politikkutforming.

PS: Etter at det viste seg at NBF er med på notatet, noko Klassekampen ikkje gav inntrykk av, har vi no sletta bloggposten av i går, der vi etterlyste akkurat dette med inkludering av biblioteksektoren.

Årets viktige bibliotek og bibliotektype

Andre har skrive det meste som er å seie om vinnaren av NBF-prisen «Årets bibliotek», nemleg Trøndelag fylkesbibliotek, så her er det berre å gratulere!

Men leggje til at vi trur at prisen til eit fylkesbibliotek no var i rett tid. Som vi alle veit, er mange av fylka ikkje som dei var, noko som også gjeld enkelte av institusjonane som har utgangspunkt i den tradisjonsrike fylkesbibliotek-ideen. Dei fylkeskommunale bibliotekoppgavene har eit tydeleg kapittel også i den nye bibliotekstrategien, men slik verda ser ut i 2020 veit ein aldri kva som kan skje med verken forvaltingsnivå eller styrings-trendar.

Og sjølv om vi har fått fleire storkommunar med styrking av fagkompetanse, er skilnaden mellom store og små bibliotek blitt større. Sjå berre på boka til prisutdelar Jo Straube.

Raudt lys for grøne bøker (det er fredag)

Danmarks Radio kjem no med ei åtvaring om at biblioteket ved Syddansk Universitet «potentielt kan dræbe 50-60 personer». Det handlar om at dei har tre gamle bøker med grønt omslag og som inneheld grunnstoffet arsen, så potensialet er faktisk 150-180 personar. Ein føresetnad er at personane et omslaga. Blading skal vere mindre risikabelt.

Vi las nyleg at under rydding og flytting frå Hammersborg fann Deichman bøker i utlånssamlinga med så høg verdi som 100 000 kroner. Kan vi få fleire overraskingar?

BI-rapporten: MYKJE interessant også om bibliotekbruk og «Bokhylla.no»

>> Oppfølging 10.1.: Bokbransjen vil ha ny lesepolitikk, men kva med biblioteka?

I Klassekampen i dag er hovudsaka på kultursidene at «Forlagene hevder nordmenn leser 13,6 bøker i året. En ny undersøkelse kommer fram til tallet 8,5.» Og forsidehenvisninga har vi som ingressbilete her, med tittelen «Knuser bokorm-myten!»

Det handlar om «Bokforbruk, bibliotek og lesing i digitale tider«, rapport nummer 4 frå BI sitt forskingsprogram «Digitisation and Diversity» (som vi har skrive om i tre tidlegare bloggpostar.)

Den dramatiske skilnaden i boklesing per nordmann kjem av at forlaga sine undersøkingar ikkje tar omsyn til utdanningsnivå. Dette meiner Anne-Britt Gran, leiar av programmet. Ho seier til avisa: «Begge undersøkelsene er vektet på kjønn, alder og geografi. Vi har i tillegg vektet på utdannelse, siden kulturforbruk i så stor grad korrelerer med lengden på folks utdannelse.»

Men verken Klassekampen eller dei som (i løpet av torsdagen) har sitert avisa eller publisert NBT-meldinga som byggjer på henne, nemner noko som helst av det svært interessante i rapporten om både bruken av «Bokhylla.no» og generell bibliotekbruk. Blant anna om lån i ulike former og på ulikt leseutstyr (framleis klår førsteplass til papirboka) og om ventetider på dei ulike boktypene (få klagar på nokon av dei).

Interessant er det også kva bibliotekbrukarane trur om bibliotekframtida: Les mer «BI-rapporten: MYKJE interessant også om bibliotekbruk og «Bokhylla.no»»