Nasjonalbiblioteket no over alt. Nesten

Bloggaren er med ujamne mellomrom hundepassar i Sund på Sotra, sidan 1. januar i nye Øygarden storkommune (lang er han i alle fall, og smal). Så blir det turar i fjellet, mellom regnskylla og stormkasta. I dag fann vi, Pia (1) og eg, denne plakaten ved inngangen til fleire av dei flotte turstiane på øya som DNT og mange andre gode krefter står bak. Ved dette høvet også Nasjonalbiblioteket, sjå foto av plakaten. NB finst ftm. snart over alt!

Men er det så merkeleg? Ifølgje tildelingsbrevet deira for 2019 har dei eit budsjett på 0.58 milliardar. Det er over ein tredel av … Les mer «Nasjonalbiblioteket no over alt. Nesten»

Kampen mot bestseljarane (nytt om gammalt frå Fredrikstad)

3D72CF0D-05A7-4C96-AB8C-8787DB094B13Folkebibliotek har få gode grunnar til å etterlikne bokbransjens besteseljarlister, slik som til dømes Deichman til gangs gjer her (no skal det seiast at Deichman gjer mykje anna veldig bra med litteraturformidling).

Å auke og dermed skape endå meir fokus på utlånsstatistikk er ein typisk dårleg grunn. For det finst måtar å pense folk over på både nytt og gammalt som er viktig lesing. Éin metode er «Kikkhullet», som blant anna Bergen Offentlege har på sentral plass, der ein til dømes kan velje «tilfeldige, ledige faglitterære titler for voksne».

Aktuelt no er at Fredrikstad bibliotek har lansert ein lesekampanje og bokutstilling som oppfordrer til lesing av bøker frå eitt tiår per månad, rekna frå og med 2010-talet og attende gjennom heile 1900-talet; Les mer «Kampen mot bestseljarane (nytt om gammalt frå Fredrikstad)»

Politisk alvor på biblioteket

Skjermbilde 2019-12-27 20.42.56
Streikehistorisk i Klassekampen 21. desember 

No er det stille på bibliotekfronten, men vi fekk auge på eit par trådar som viser seg å løpe saman på eit vis. Det handlar om uredde bibliotekfolk. Og nokre i heilt motsett ende av skalaen.

Først går vi femtieitt år attende i tida: I desember 1968 arrangerte biblioteksjef Adolf Henriksson i gruvebyen Malmberget i Nord-Sverige ei utstilling av Odd Uhrbom sine fotografi i reportasjeboka “Gruva”, med tekst av Sara Lidman, om dei umenneskelege arbeidstilhøva ved gruvekonsernet LKAB der nord i landet. Lidman var på opninga og las frå boka. Der og då fekk biblioteksjefen stukke til seg eit ark med nokre hemmelege rasjonaliseringplanar for gruvene. Han hengte desse etter kvart ikoniske «31 tesane» opp på utstillinga. Dagen etter var dette i Stockholmsavisene. Noko som var med å leggje grunnen for den største gruvestreiken nokon gong i Norden.

Henriksson er ein av denne bloggen sine Barske Bibliotekarar. Og her kjem den femtande barske bibliotekaren:

Vi er ved årsskiftet 2019-20 og finn blant anna i Aftenposten at leiarar for det kinesiske skilandslaget har bedt om at biblioteket i Meråker fjernar «kinesisk litteratur biblioteket har. Blant bøkene de ønsket fjernet er en bok om Falun Gong-bevegelsen.» Denne filosofien og meditasjonsteknikken har vore forbode sidan 1999 i Kina. Kinesarane er i Meråker der dei blir trena av norske ekspertar, som ledd i den store oppmjukinga av tilhøvet til Noreg etter at Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris. Vi hugsar jo pingpongdiplomatiet på 1970-talet

Biblioteksjef Anne Marken fekk vite «at hvis noen av de kinesiske skiløperne blir tatt med disse bøkene, er de redd for at de risikerer arbeidsleir eller fengsel i Kina.» Likevel avviser biblioteksjefen dette presset og viser til ytringsfridomen og biblioteklova.

leiarplass i VG får ho godt skussmål, til skilnad frå Erna Solberg: Les mer «Politisk alvor på biblioteket»

Aukar meir enn nokon gong

Skjermbilde 2019-12-29 21.55.17Godt nytt år!

Trafikken på denne bloggen aukar endå meir enn førre året, som var eit rekordår. Over 45 000 nedlastingar i år mot 34 000 i fjor. Ein annan rekord er talet på følgjarar, som per nyttårsskiftet er 805, fordelt på nyheitsbrev straks det er noko nytt, pluss twitter og facebook.

Denne lista viser dei ti mest lesne bloggpostane i 2019. Den prosaiske notisen om plasting av bøker er på topp (sukk), men resten av lista er til dels sterkt kontroversielle bibliotekpolitiske saker.

Og dette er dei mest lesne artiklane gjennom dei tretten åra bloggen har eksistert: Les mer «Aukar meir enn nokon gong»

Norden får endeleg glede av Nasjonalbiblioteket

Skjermbilde 2019-12-31 16.40.47Som kjent har berre norske datamaskinar tilgang til det digitaliserte norske materialet i Bokhylla.no, ei uforståeleg haldning frå avtalepartnar Kopinor, som altså må meine at tilgang for dei rundt 15 millionar andre som kan lese nordiske språk vil undergrave salet av norske bøker som (per dato) er atten år gamle og eldre!

Men det finst tenester som er frie. Det norske Nasjonalbiblioteket er eit formidabelt «debattbibliotek» for folk i hovudstaden, og no strøymar dei mange av arrangementa sine og legg dei fritt ut både på video og podcast. Til dømes Terje Tvedt sine seks foredrag nyleg «mot samtidens historieløshet». I tillegg til kor viktig dette temaet er i tida vi lever i (det sjette og siste foredraget heiter «Er verden på vei mot stupet?»), er det modig gjort av arrangøren. For om Tvedt kanskje er ein av dei mest profilerte og populariserande samfunnsforskarane i landet, er han ikkje lite kontroversiell.

PS 1: På Steigan.no er det tilløp også til sakleg debatt etter at foredraga blei pusha der. Men NB burde også hatt kommentarfelt. Ein så stor organisasjon har råd til moderering av viktige debattar.

PS 2: Her på bloggen har bibliotekvenen Terje Tvedt fått meir enn heiderleg omtale etter eit fordrag på bibliotekleiarkonferansen i Drammen i 2007.

Biblioteket og rusdebatten

I går leverte Rusreformutvalet NOU-en sin til helseminister Bent Høie. Alt ser vi sterke meiningar om dette i pressa. Men vil det bli gode lokale debattar i denne saka som skal gjennomførast i kommunane på halvtanna år? Og rus er ei utfordring i kvar einaste kommune i landet. Og i kvar kommune, i alle fall i kvar region, finst det brukarar, pårørande og fagfolk som har kunnskap, røynsler og meiningar. Og kvar kommune har eit bibliotek. Som i 2014 fekk pålegg om å vere ein «arena for offentlig samtale og debatt.»

Apropos den nemnde ruskompetansen som finst over alt: Er det sikkert at dei les Norsk sosialogisk tidsskrift? Dét kan biblioteket gjere noko med. I dag publiserte tidsskriftet, på portalen Idunn.no nummer 6, 2019, der temaet er rus. I ulike sammenhenger. Og alt er gratis. Noko å tipse dei aktuelle etatane og kontora om.

HQ digital julegåve til Bibliotek-Noreg

Bokselskap.no og Nasjonalbiblioteket lanserer i dag i Open Access det viktige manuset som tidlegare riksbibliotekar Gerhard Munthe (1919 – 1997) jobba med på slutten av livet: «Historisk oversyn over norsk bibliotekhistorie.»  Johan Henden ved NB har skrive eit godt forord.

Dette er noko meir enn dei digitaliserte bøkene på Bokhylla.no, for her kan du laste ned «hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.»

Ein smakebit om finansiering av bibliotek i 1827 i kapittel 15, «Almueboksamlinger og sognebiblioteker i bygdene»:

«I Rana fortalte sognepresten Iver Ancher Heltzen (1785–1848) at han der hadde hatt et godt håp om å få bygget opp et sognebibliotek i 1827. Da var nemlig et skipsmannskap blitt ilagt en bot på 18 Spd., og dette beløp hadde man nå bestemt skulle bli brukt til innkjøp av de første bøker til et planlagt sognebibliotek.»

God jul med teikneseriar

Skjermbilde 2019-12-19 11.41.13
Klikk og kikk

Har du sakna ein seriøs guide til julehefta? Som etter kvart er blitt så dyre at biblioteka bør vurdere å ha dei av reinspikka sosiale grunnar. I alle fall eit utval.

I bunken vår av leseeksemplar av tidsskrift etter at vi på bloggen starta serien Hugs tidsskrifta, ligg det også nokre heil-elektroniske, og eitt av dei er Empirix, som du kan få gratis via nyheitsbrev på e-post ein gong i månaden. Dei legg ut to nye artiklar kvar veke, som dei meir utolmodige kan lese på nettsida deira.

Og som dei alt innvigde veit, har dei ein artikkelserie med namnet «På biblioteket».

Emprix seier om seg sjølv at dei «har som mål å løfte journalistikken og kritikken om tegneserier i Norge. … Vi mener alle medier må forstås på sine egne premisser, men den offentlige samtalen om tegneserier er bare unntaksvis på samme nivå som den tilsvarende meningsutvekslingen om film, musikk, scenekunst eller litteratur. Empirix er støttet av Grafill, Fritt ord og Norsk kulturråd, men er redaksjonelt uavhengige».

I teikneserieavdelinga i biblioteket ser vi for oss ein enkel plakat for dei genuint interesserte, med nettadresse osv. til Empirix. Eventuelt også på info-tavler. Vi har lufta ideen med redaksjonen, så kan hende kjem det noko frå dei i rimeleg framtid.

På tide å ta ein Doppler?

Skjermbilde 2019-12-19 14.41.21Ikea, Amazon og Google skal gå saman om eit felles «språk» for smarte hus, kan ein lese blant anna i nyteknik.se. Så skyt vel smarthusutviklinga verkeleg fart, og snart sit desse konserna med data om alt vi gjer i heimen, ikkje «berre» på mobilen og datamaskina.

Men til så lenge vil det vel finnast usmarte telt, og her har Erlend Loe levert ein akseptabel oppskrift i dei tre romanane om Andreas Doppler,

Populistisk potensial

I juni mottok regjeringa NOUen med forslag om ei krisefullmaktslov. I morgon går høyringsfristen ut, men kor blei det av debatten om denne? Det kunne jo ha vore eit tema på eit bibliotek eller sju, men i alle fall burde det ha fått god dekning i pressa. Men eit søk på Retriever viser svært få artiklar med kritiske innvendingar, for det meste finn vi ei kort (123 ord), men fullstendig ukritisk NTB-melding som fleire aviser har trykt, og eitt delvis kritisk lesarinnlegg i Dagsavisa.

Men i Klassekampen har dei forsøkt. Blant anna i dagens avis, der dei har intervjua jussprofessor Terje Einarsen, leiar av IJC-Norge (Den internasjonale juristkommisjon – norsk avdeling (ICJ-Norge), som har levert eit fyldig høyringssvar.

Til KK seier Einarsen blant anna: Les mer «Populistisk potensial»

Tvilsam tittel i Klassekampen

Skjermbilde 2019-12-18 10.52.10

>> Debatt i gang. Sjå kommentarfeltet lengst nede.

Hovudsaka på Klassekampen sine kultursider i dag har ein tittel som kan få både bibliotekar- og bibliotekbrukarhjarte til å slå eit ekstra slag eller sju: Betaler for hylleplass, får vi vite, og med eit foto frå ein typisk biblioteksituasjon. Vi veit jo korleis forlag kjøper seg plass hos visse bokhandelkjeder, men no også i biblioteka?!

I ingressen får vi vite litt meir, men med ei solid overdriving i starten: «Norske biblioteker fylles opp med bøker som blir avslått av Kultur­rådet. Selv om avslagene svir, sier flere småforlag at det viktigste er å få bøkene spredt».

Det handlar altså om ordninga som gjer at også nulla bøker blir sende til biblioteka, men på forlaget si rekning, ikkje Kulturrådets. Denne er det spesielt «hobbyforlag» som gamblar med, skriv Klassekampen.

Heilt på slutten har dei intervjua fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt, som ikkje trur « … det er en særlig god idé å se på hylleplass som markedsføring. Hun viser til at bibliotekene kan kaste de «nullede» bøkene når som helst, mens de innkjøpte bøkene må beholdes i fem år. … Det er trangt nok fra før av, og alle bibliotekarer ønsker jo kvalitet i hyllene, legger hun til.»

 

– Vi treng opplysing – ikkje forbod mot «falske nyheiter»

newton
Opplysing, her ved Newton

Nettstaden «Midt i fleisen» har undertittelen «Søkelys på krigsindustrien og andre problemer» og er styrt av Terje Måløy, som «tilhører ingen politiske parti og får ikke betalt for dette arbeidet». Men han har teft for gode artiklar frå ute i verda, som han omset til norsk, rett nok litt «fort og gæli» nokre gongar, noko han vedgår, men han gjev oss lenker til originalane.

I førre veke fann han eit intervju med Alexander Unzicker, ein «tysk forfatter og teoretisk fysiker, med akademiske grader i både fysikk og jus, samt en doktorgrad i nevrovitenskap» og med tittelen «Disse lumske utviklingene er verre enn mang en skandale».

Nokre smakebitar: Les mer «– Vi treng opplysing – ikkje forbod mot «falske nyheiter»»

Folkebibliotek i dobbel skvis

Skjermbilde 2019-12-17 13.00.25.pngI motsetning til her i landet har svenske folkebibliotek fått ein bibliotekmilliard frå staten, i alle fall trekvart. Og mens norske statstilskott for det meste er prosjektstøtte, kan dei svenske gå til drift.

Men samtidig har vi det siste året sett korleis dei svenske biblioteka blir pressa sterkt frå to kantar, både økonomisk og kulturpolitisk. Til dømes skreiv vi i sommar om korleis det nyliberalistiske fleirtalet i Stockholm kuttar drastisk i kultur- og særleg i bibliotektilbodet. I tillegg er hovudbiblioteket deira snart hundre år gammalt og upraktisk, mens planar som har vore om nybygg er lagde på is. I haust har i tillegg eit liknade fleirtal i Göteborg foreslått å leggje ned seks filialar (no på morgonen kan vi lese at dette blei utsett etter møte i bystyret i går). Slike kutt handlar jo om å kome dei som klagar på det himmelhøge skattetrykket til møtes.

Så har vi dei nye «kulturideologane» i det høgrepopulistiske Sverigedemokraterna (SD), partiet med røter i nazismen, men som no har blitt landets største på meiningsmålingane. I Aftenposten torsdag 12. desember var det ei større sak frå Sölvesborg, landkommunen i Skåne der SD har makta, og som dei har gjort til laboratorium for sitt eige nye «folkhem». Det er her biblioteksjefen valde å gå frå stillinga si blant anna fordi ho ikkje fekk kjøpe inn bøker på andre språk enn svensk.

I Aftenposten peiker professor Jonas Hinnfors ved Göteborgs universitet på … Les mer «Folkebibliotek i dobbel skvis»

Papirtidsskrift «ikke en ny idé»

Fram til 2014 blei papirutgåva av fagbladet «Journalisten» sendt alle medlemmar av Norsk Journalistlag (NJ) to gongar i månaden. Så blei det berre digitalt. Men no skal eit magasin på papir kome i postkassa fire gongar i året. I tillegg til Journalisten.no. Redaktøren seier, ikkje overraskande, at: «Papir har en del egenskaper som det digitale ikke har, og sannsynligvis aldri kommer til å få. Ikke minst gjelder dette leseropplevelsen.»